Gå til innhold
Arkivverket

[#25825] Bernhard N. Andersen, Chicago - fødd i Noreg 20.10.1889, men kvar i Noreg?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johanna Olsdotter Kinsedahl, fødd i Årdal i Sogn 19.2.1891, utvandra til Amerika med mor og stefar i 1901 og gifte seg i Faribault Co., MN 25.9.1917 med:Bernhard N. Andersen, fødd i Noreg 20.10.1889.Bernhard og Johanna busette seg først i Chicago, Cook Co., IL og frå 1930 i Downers Grove, DuPage Co., IL der Bernhard døydde 4.1.1936. Dødsattesten hans syner at faren heitte B. Andersen, medan mori var ukjend. Noko meir veit me ikkje om opphavet hans!Kan nokon hjelpa meg finna ut kvar i Noreg denne Bernhard kan ha vore ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

I tellinga for 1930 i Downers Grove, DuPage Co, står det at han er født ca. 1888.Emigrasjonsåret er oppgir til å være 1909.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Nina og Grethe for kjempeflotte innlegg. Eg ser eg hadde gløymt å ta med at Bernhard utvandra i 1909, men no ser jo det ut til å stemma! Eg hadde aldri trudd det skulle vera so ''enkelt'' å finna att ein Andersen i Noreg, men her ser det jo ut å vera full klaff! No står det vel i grunnen berre att å sjekka fødselsdatoen (les: -året) hans...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.