Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#25950] Karl August Petterson og kona Cecilia - svensk/sognsk fiskarpar i Vardø -lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Cecilia Marie Wilhelmsdotter Walaker, fødd i Kinn i Sunnfjord 18.12.1860, men oppvaksi i Hafslo i Sogn, gifte seg kring 1889 (vigsli aldri funni!) med Karl August Petterson, fødd i Göteborg i Sverige kring 1859. Karl var smed og kopparslagar, og parfolket budde ei tid i Nordfold der ei dotter er fødd:* Anna Kristine, fødd 27.9.1891Kort etter denne fødsli skal Karl og Cecilia vera flytte til Steigen, men eg ser ikkje noko meir til dei før ved FT1900 då dei budde i Vardø, i same huset som Erik Erikson Bolstad (jamfør tema #25949):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~306 Karl Pittersen m f Torsken i Senjen hf g Fisker 1859 Gjøtaborg Sv. n307 Seselie Pittersen k b hm g Hustru 1858 Havslo i Sogn NB308 Anna Pittersen k b d ug Skolebarn 1891 Norfolden Nor309 Karl Pittersen m b s ug Barn 1894 Andenæs Nor310 Signe Pittersen k b d ug Barn 1898 Ibestad Tr311 Sigurd Pittersen m b s ug Barn 61199 Berg i Senjen~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det er tydeleg at denne huslyden flytte på seg både ''titt og ofte'', men kan me vona at dei kanskje vart buande i Vardø??Kan nokon hjelpa meg med fleire opplysningar om lagnaden til Karl og Cecilia og borni deira, ville eg vera svært takksam!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg lyt leggja til at Cecilia Wilhelmsdotter fekk to born før ho gifte seg:* Vilken Johan Melkersen (1881-1948) som var gruvearbeidar i Sulitjelma og busette seg i Fauske. Han var gift og hadde to born, men båe er avlidne, og etterkomarane veit ikkje noko om lagnaden til mori eller halvsøskeni!* Hans Jensen, fødd i Hafslo 25.11.1887, voks opp som fosterson på Balteskaret i Ibestad der han vart konfirmert i 1903. Den seinare lagnaden hans er ukjend. Kanskje ogso han flytte til Vardø?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få blåsa litt støv av dette uløyste problemet frå Noregs austlegaste by, Vardø. Eg er framleis svært interessert i opplysningar som kan leia til at denne huslyden Petterson vert funnen og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter mange år med leiting står denne huslyden framleis som ''uløyst'' i mine papir.Den einaste mogelege tilleggsopplysningi eg kan by på i dag, er:* Karl Pettersen frå 1894 KAN vera identisk med ein Karl August Pettersen, fødd 1.10.1894, som døydde som enkjemann i Fredrikstad 20.4.1985. Han er registrert hjå DIS-Noreg gravlagd på Austre Fredrikstad gravlund... Men er det han?Eg har søkt gjennom dei skanna kyrkjebøkene for Vardø by for perioden 1905-1913, men finn ikkje nokon av borni konfirmerte der! Dei ser med andre ord ut til å vera flytte frå Vardø att kort etter hundreårsskiftet, men kvar i all verdi kan det ha vorte av dei?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alvin Andreassen

Vyrde Lars! Jeg burde svar deg tidligere, men jeg har ikke vært klar over hva en 'sognsk-ing' var!. Jeg har nå fått undersøkt det. Håndverkere flyttet ofte mye omkring. Fra Vardø-området flyttet jo en del folk til Kola. Du har ventet siden 2004, nå er det bare vel 2 måneder til vi har FT. 2010. Med beste hilsen Alvin.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.