Gå til innhold
Arkivverket

[#25957] Ole Petter Olsen og kona Ingeborg - svensk/sognsk fiskarpar i Vardø - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Peter Olsson, som ifølgje FT1875 var fødd i Bollnäs, Hälsingland i Sverige, anten kring 1813 (oppgjeve 1875) eller kring 1820 (oppgjeve 1865), gifte seg kring 1855, truleg i Loppa(?) i Finnmark, med Ingeborg Christensdotter, fødd på Bolstad i Luster, Sogn 20.6.1818. Ho flytte til Nordland i 1847.Ole Peter og Ingeborg Olsen budde ei tid i Loppa, men flytte før 1865 til Vardø der me finn dei både i 1865 og 1875. Ole Peter var fiskar. I 1900 var Ingeborg Olsen enkje og fattigforsørga i Vardø.Me kjenner til ei dotter etter dette paret:* Laura A. Olsen, fødd i Loppa (Sørøya!?) kring 1856, var i 1900 dagarbeidar og budde då i lag med mor si i Vardø, ugift. Ho er nemnd i lag med foreldri i 1865, men ikkje i 1875!Eg skulle gjerne visst litt meir om dette paret og dotter deira, slik som vigsledatoen og fødsels- og dødsdatoane. Kan nokon hjelpa meg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tommy for kjempefine opplysningar! Eg vart særleg overraska over at Ole Petter og Ingeborg ogso hadde ein son Oluf Christian! Etter litt leiting finn eg han som pleiebarn i Skjervøy i 1865!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi! No vonar eg at fleire opplysningar kan finnast i Vardø...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Odd Villy Ovesen

To dødsfall fra kirkebøker for Vardø:Død 14/4-1877, begravet 20/4-1877, Ole Petter Olsen, født 1820, bopel Vardø.Død 25/2-1907, begravet 4/3-1907, enke fattiglem Ingeborg Olsen, født 21/6-1814 Lyster Sogn. Dødsårsak: Pneumonia chron. & Influenza.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd Villy for nye og nyttige opplysningar om Ole Petter og Ingeborg!No står det vel ''berre'' att å finna ut meir om lagnaden til dei to borni Oluf og Laura, men det vert vel ikkje so lett...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.