Gå til innhold
Arkivverket

[#26040] Kapertida 1807 - 1814 og sunnmøringen Ole Jørgensen Meldal Høgh


Gjest Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

Gjest Harald Jarl Runde

Eg må innrømme eg ofte vert imponert over kunnskapane og kreativiteten til debattantane på Digitalarkivet. Slik no og, sjølv har eg i alle fall lite meir å legge til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Jørgen Hanssen Høgh (c1679-1737), borgar i Vegsund, og Elisabet Knudsdt Wig (c1685-1775) hadde 13 barn. Jørgen hadde broren Petter Hanssen Høgh (c1680-1730), borgar i Skuggen, Borgund, gm Helvig Kirstine Christiansdt Holm (c1686-1747). Petter Høgh hadde minst 5 barn. Opphavet til brørne er enno ukjent.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Til (23): Det opplyste i bygdeboka for Ulstein må vel her ha ein openberr feil? Oppgjeve fødselsår for Arnt, bror til den Ole som reiste til Amerika, viser at dette ikkje kan vere den Ole som sat i prosonen (og døydde 1865).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Til (29) og (23): Sorry! No ser eg at dødsåret til Arnt, bror til Ole i Amerika, er 1862. Då skal fødselsåret truleg vere 1783 (ikkje 1883)? Då stemmer det med fødselsåret til Arnt, bror til den Ole som sat i 'prisonen'. Bygdeboka har då ikkje ein openberr feil likevel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (31, 33 og 23): Jaudå, 'det opplyste' har ein openberr feil - men det er nok min og ikkje bygdeboka sin feil. Arnt var f.1783, ifl. boka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Barna til Jørgen Høgh og Elisabet Wig: 1 Ragnhild 1711-1802, gm Povel Olsen Abelset, borgar på Solnør i Skodje. 2 Henning 1712-40, borgar på Laberget, Borgund, gm Benedicte Hansdt Nyrop, barnlaus 3 Hans 1713-59, sokneprest i Herøy, Sunnmøre, gm Karen Sofie Hanssen, barn 4 Knud 1715-

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

Barna: 1: Var ikke Ragnhild g.m. Povel's sønn Jørgen (1726-86) ? 2: Var Henning virkelig g.m. den 34 år eldre Benedicte Hansdatter Nyrop fra Lødingen, eller hadde hun en navnesøster ? 8: Iver kan da ikke ha fått 13 barn før han døde som 25-åring ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Skal eg våge å gå ut frå at Ivers dødsår det er trykkfeil? At det korrekte skal vere 1769? Gravlagd 04.10.1769 i Borgund?Eg har notert 12 (av dei 13) borna til Iver og Anna Bagge Holtermann:1. Jørgen (1746-?)2. Elisabeth Margrethe (1748-?), g. 10.11.1767 med Christian Frederik Meldahl (1735-1785)3. Mein Cathrine (1749-1827), g. med sokneprest Ludolf Krohn (1741-1795)4. Anna Bagge (1750-1839) g. med handelsmann Hans Jacob Nilsson Mechlenburg (1749-1800)5. Maren (1751-1787) g. med handelsmann Arent Heide (1764-1812)6. Henrik (1753-1784)7. Jørgen (1756-?)8. Ingeborg Cathrine (1757-?)9. Nils (1759-1778)10. Hans (1761-?)11. Cort (1762-1762, 4 mnd.)12. Gunille Susanna (1764-1764, 4 mnd.)Den 13. kjenner eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Iver Høgh sitt ''13.'' barn var Nils, fødd 1748; han var rimeligvis daud før neste Nils kom til verda 1759. Denne Nils Høgh blei det halde skifte etter 1778; han døydde på ei reise fra Vestindia til Amsterdam.Det er sjølvsagt rett at Iver Høgh døydde 1769 og at Ragnhild 1711-1802 var gift med Jørgen Povelsen Abelset og ikkje faren Povel (men Knud Høgh var gm enka etter Povel).Til slutt: Henning Høgh på Laberget var faktisk gift, 1739, med den langt eldre Benedicte Hansdt Nyrop - fødd 1681. Benedicte var enke etter Nils Rasmussen Smit (c1680-1730), borgar på Giskegard, og hadde før vore gift med presten Hans Nilssen Slangendorf i Hadsel. I ekteskapet med Nils Smit hadde ho minst 4 barn, som eg ikkje har funne meir om enn fødeåra og namna.Det burde kanskje lagast eit eige tema om denne sunnmørske Høgh-slekta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Spørsmålet om det var OMH (f. 1784) som emigrerte til Canada (eller ein av hans etterkomarar), har vel ikkje fått noko svar?Etter som OMH ser ut til å ha fått fleire born i tida etter at han gifta seg i 1814, og borna skal vere fødde i Langesund, og etter som han ikkje var kongeleg, er det truleg at han har budd i Langesund i denne tida - med mindre han brukte hjelpemann. Og vidare: Dersom hans yngste barn var fødd i 1831, kan han kanskje ha emigrert dette året eller seinare? Han var 47 år i 1831.Eit anna spørsmål: Hadde OMH på noko tidspunkt tilknytning til Bergen? I lista over 'Prisonfanger 1807-1814' (Digitalarkivet) er det opplyst at styrmann på 'Svelvigen' 10.05.1812, Ole 'Mell Hogh' (ID 2302), var heimehøyrande i Bergen. Nokon som veit noko meir om dette? (Etter det eg forstår flytta mor hans, Apelone, til Bergen rundt 1805 og dreiv kolonial- og vinhandel der. Eg finn ho, 'Apolone C. Høgh' (ID 8232) i folketeljinga 1815 for Bergen, 'Borger, Høkkerske', tilhøyrande Domkirken, adresse '12-75' - kvar no det måtte vere.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Roger Fossum

Adressen 12-75 kommer fra det gamle Rode-systemet i Bergen. Om du i denne lenken søker på Rode er lik 12 og så på Husnr. er lik 75 får du frem adressen Markeveien 25. Her finner du også kart med peker til adressen.[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=Webgate&spraak=&metanr=1529>LenkeHer kan du lese om Rode-systemet i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.