Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anfinn Bernaas

[#26451] Gunnu(l)fsen,Heyer, Tinn, Skien, Eidanger, Kristiania

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg slit med å finne att to brør frå Atrå i Tinn som ”drog ut”.Dei er (i normalisert skriveform): Ola Gunnulvsson Stuvetrå f 20. april 1858 og Anders Gunnulvsson Stuvetrå f 19. oktober 1859Tinnsoga seier at Ola kom til Skien og blei gift der. Ved skiftet etter morfaren i 1892 er han oppgjeven å vere 'hos Cappelen' i Skien. Han er ikkje å finne i folketeljinga 1900 i Skien, men der manglar visst 3000 personar, så om han framleis er i Skien da kan det vere forklaringa. Skrivemåten av namnet kan vere fleire: Ole Gu(n)nufsen, Ole Gu(n)nulfsen. Kjenner nokon til Ola og eventuelle etterkomarar?Så er det broren Anders: Tinnsoga seier at Anders er reist til Grimstad og blei gift der. Ved skiftet etter morfaren i 1892 er han oppgjeven å vere i Skien, men i parentes er tilføyd Eidanger, Rognlien? Ja, dette Rognlien er eg særs uviss på,om eg har tolka rett.Eg har lagt ved vedlegg med kopi av skrifta i von om å få innspel til tolkinga .Eg har funne Rognlien i Langangsfjorden i Eidangerboka. Eigaren der dreiv visstnok med iseksport på slutten av 1800-talet. I så fall har han nok hatt mange arbeidsfolk, og Anders kunne vere ein av dei.I brevveksling 1897/98 med skifteretten etter morfaren Anders Kr. Mårems skifte oppgjev Anders adressa si til Ruseløkkveien 42 II, Christiania. Han opplyser dessutan at han har bytta namn frå Anders Gunnufsen til Anders G. Heyer. Men eg finn ikkje Anders i folketeljinga for 1900 i Kristiania.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Berre synd at vedlegget med skriftprøve som eg la ved ikkje visast her ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Wiborg: Jau, dette kan vere min Anders! Trur du han blei gift i Grimstad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.