Gå til innhold
Arkivverket

[#26456] Gregar Bjørnsson i Etne


Gjest Anders Haugland
 Del

Recommended Posts

Gjest Anders Haugland

Kan nokon hjelpa meg og Gregar sine etterkommarar med opphavet til Gregar Bjørnsson som døydde i på Enge i Etne i Sunnhordland 1827 og etterlet seg ei stor slekt der? Gregar var fødd kring 1771. Det er ein (svak) tradisjon om at han kan ha kome frå Numedalen, men det treng ikkje vera rett. Kona hans heitte Brita Larsdotter og var fødd kring 1754, også ho av ukjend opphav. Men ho har mange namnesystrer og er vel ikkje så lett å identifisera.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Jeg er ikke særlig bevandret når det gjelder stedsnavn på den kanten, men er denne av interesse?-----GREGAR BIORNSEN STOHLESpouse: BRITHA LARSDR LECHNAES FamilyMarriage: 25 JUN 1797 Skaanevik, Hordaland,-----Kilde: FS IGI Individual Record

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Hei Anders! Innlegget ditt gjorde meg forveten. Det ser jo ut til Nina har funne det rette paret. Kan dei ha vore tenarar på Leknes og Støle då dei gifta seg?Eg har leita litt i Etnesoga og Skåneviksoga utan å finna noko meir, og eg har søkt her på nettet. Kan dei ha budd på Lindanger i Skjold i 1801? Lenke Det paret eg har funne stemmer så nokolunde med alderen. Det er vel ikkje så mange Gregar/Greger som er gift med ei så mykje eldre Britha. Det er berre det at ho er kalla Cristiansdtr, ikkje Larsdtr. Sonen Bjørn på to år, stemmer med det som står under Enge i Etnessoga.Men me veit framleis ikkje kor dei opprinneleg kom frå.Eg veit at Gregars etterkommarar på Sørheim har aner frå Numedalen, men det er på ei anna 'side'. Det var numedøler som kom til Londalen på 1700-talet, og som også er mine aner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anders Haugland

Hei! Mange takk til Nina og Marie! Begge er på rett spor. Problemet med vigsla i 1797 er at denne plasserer Gregar på Støle i Etne og Brita på Leknes i Skånevik, utan at me kan finna spor etter dei der. Det vil seia at på Leknes finst der husmannsfamiliar som det er dårleg kjeldedekning for på den tida, og det same kan ha vore tilfelle på den sentrale garden Støle i Etne. Meir sannsynleg er det likevel som du Marie skriv, at dei kan ha vore tenarar på Leknes / Støle. - Eg har søkt i 1801-teljinga og funne den tilknytninga til Lindanger som du skriv om. Føler meg ganske sikker på at dette er den same familien, sjøl om Brita der er skriven Kristiansdotter i staden for Larsdotter. Elles fint at du kan påvisa Numedalstilknytninga, som altså ikkje har noko med Gregar Bjørnsson å gjera.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.