Gå til innhold
Arkivverket

[#26458] Ole Larsson Neset, Hafslo/Synneva Arnesd. Vikøren, Vik - South Dakota 1881 ??


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Larsson Neset, fødd i Hafslo i Sogn 9.11.1846, utvandra i 1872, ogSynneva Arnesdotter Vikøren, fødd i Vik i Sogn 28.3.1836, utvandra i 1869,gifte seg i Deuel Co., SD 9.3.1881, men forsvinn deretter. Eg har undersøkt land records i Deuel Co., SD, men utan resultat, so no sender eg ballen over til Brukarforumet med von om at einkvan kan hjelpa meg vidare?Ole hadde tre søsken som alle utvandra, brørne Anders (=Andrew Nesset) i Renville Co., MN og Søren (=Soren Larson) i Lincoln Co., MN og søsteri Anna, som eg heller ikkje har funne att. Dei utvandra visstnok alle til Fillmore Co., MN og fór vidare derifrå...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arne for eit svært interessant innlegg! Lincoln Co., MN er like aust for Deuel Co., SD, og det er svært sannsynleg at me talar om same mannen. Det tyder altso at han i 1885 budde i Hansonville township, Lincoln Co., MN og at han truleg skreiv seg for Nesset.Men, eg har leitt i FT1900 og likeins i FT1910, utan å sjå noko til denne huslyden i Hansonville township, Lincoln Co., MN, so då er det eit godt spørsmål: Kvar vart det av dei??Finn du forresten nokon stad ein omtale av farmen til Ole L. Nesset, d.v.s. Section number og kva quarters han kjøpte? Dette ser tross alt lovande ut, og eg takkar på ny for god hjelp.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Her er det som står om kjøpet på Ancestry-----Name: OLE L NESSETLand Office: REDWOOD FALLSDocument Number: 3265Total Acres: 160Misc. Doc. Nr.: 2576Signature: YesCanceled Document: NoIssue Date: November 25, 1885Mineral Rights Reserved: NoMetes and Bounds: NoStatutory Reference: 12 Stat. 392Multiple Warantee Names: NoAct or Treaty: May 20, 1862Multiple Patentee Names: NoEntry Classification: Homestead Entry OriginalLand Description: 1 SW 5TH PM No 113 N 46 W 24-----Den siste linja er kanskje det mest interessante?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arne og Nina for nye opplysningar. Dette var ein interessant database, som eg ikkje før har vore borti, og patenten til Ole Larson Nesset var spesielt interessant. Det går fram at Ole var ''insane'', noko som tyder på at det må vera fleire opplysningar om han på Courthouset i Lincoln Co., MN. Dette vert gjenstand for fleire studier!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Jau, Nina, eg såg at Ole hadde verje i 1885, men det var først etter at eg hadde saumfare 1900-teljingi, og i 1910 var det ikkje nokon Hans Peter Hanson i Hansonville township! Eg er forresten ikkje so sikker på at Ole buddde hjå Hans Peter Hanson so seint som i 1900 eller 1910... Om han verkeleg var ''insane'', er det meir truleg han var på asylet i St. Peter, Nicollet Co., MN...!?Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alexander for nytt innlegg!Når det gjeld Anna Larsdotter Nesset, so var ho fødd i Hafslo 25.3.1854 og utvandra til Amerika i 1882.Det syner seg forresten at den Ole Larson Nesset, som tok ''homestead'' i Hansonville, Lincoln Co., MN i 1885, var fødd so seint som i 1863. Han var i 1900 busett på asylet i St. Peter, MN og har nok vore trøndar...!?Me har med andre ord to mann med same namn innanfor svært kort avstand, og attpå til hadde ''min'' Ole ein bror som budde i Lincoln Co., MN!So, då er det nok ein gong ''back to square #one'', og eg sender på ny ut eit håp om at Ole Larsson Nesset frå Hafslo og kona Synneva kan sporast opp i Amerika! Og gjerne ogso søsteri Anna!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.