Gå til innhold
Arkivverket

[#26581] Nils Mogensson Krag og Mette Marie von Rockling - Hafslo kring 1700 - opplysn.?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

I 1701 budde det på garden Marheim i Hafslo i Sogn ein kaptein med namn Nils Krag, 44 år, med sonen Johan Magnus, 2 1/2 år.På FamilySearch finn eg att denne huslyden:Nils Mogensson Krag, son av Mogens Krag og Dorte Rosenkrantz, fødd i Kjøge, Sjælland 13.6.1661, døydde i Kurland, Russland 1715. Han gifte seg i København kring 1697 med:Mette Marie von Rockling, ukjende foreldre fødd anten i København kring 1661 eller i Kjøge kring 1669. Ho døydde i 1705. To born er nemnde:* Johan Magnus Nilsson Krag, fødd i Kaas, Lime sokn i Viborg amt på Jylland 1698, døydde i 1716* Edel Dorte Nilsdotter Krag, fødd i Kaas, Lime sokn i Viborg amt på Jylland 1698, døydde i Ringkøbing på Jylland 7.6.1781.Nils Krag skal ha butt på Marheim i Hafslo frå kring 1697 til kring 1707, so er ganske so overtydd om at dette er same huslyden.MEN, er det nokon som sit med meir utfyllande opplysningar om denne Krag-huslyden? Kva skriv til dømes Ovenstad om kaptein Krag? Og var det ikkje folk av ætti (von) Rockling i Sunnfjord?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for interessant innlegg! Då hugste eg altso rett med at namnet Rockling, eller Rochlenge, fanst i Sunnfjord, og det er sikkert ein samanhang! Kanskje Johan Adam de Rochlenge var ein bror av Mette Marie? Namneoppkallingi kan jo tyda på det... Ifølgje FamilySearch var Johan fødd i Fjaler kring 1651 som son av Jacob de Rochlenge og Edel Dorte Bjørnsdotter, og nettopp Edel Dorte var namnet til einaste kjende dotteri etter Mette Marie...! Eg vil vona det kanskje finst ei meir fullstendeg ættetavle for denne ætti?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tidligere notert at Edel Dorothe Bjørn (Mathiasdatter, ikke Bjørnsdatter) var KONA (ikke mora) til Johan Adam de Rochlenge, og at Johan's mor ist. var Marie von der Brincken (ev. Catharina von Bricken Einhaupt). Som barn av disse har jeg også Barbara Marie (1636-1716) g. Gabriel Sigvard Sigvardsen Akeleye (død 1677), til Kambo (Moss), kapt. v/ Smaalenske regiment, og Martin Jürgen Rochlenge.Niels Mogenssøn Krag's mor Dorthe var såvidt jeg skjønner d. av Jørgen Holgerssøn Rosenkrantz til Kjeldsgård (død Sorø 1675) og Christence Jensdatter Juel (1612-1680).Og Dorthe's mann oberst Mogens Krag var kanskje sønn av Niels Mogensen Krag (1574-1650) fra Trudsholm og Jytte Styggesdatter Høeg (1589-1659 Nyborg) fra Vang, Sulsted, Aalborg, DK ? Disse hadde i tillegg til en Mogens også sønnene Otte Krag (1611-1666) og Kield.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få trekka fram att dette temaet som etter mitt syn ikkje enno har funne ei fullgod løysing.Samstundes vil eg gjerne få takka Per for innlegget som tross alt har bragt fram nye tankar!Det største problemet er å identifisera Metta Marie von Rockling alias Metta Marie de Rochlenge. Etter di einaste kjende dotter hennar vart døypt Edel Dorthea, meiner eg å ha god grunn til å tru på ein samanhang med Johan Adam de Rochlenge i Fjaler og KONA hans Edel Dorthea. Ogso skal me hugsa på at einaste kjende sonen til Metta Marie heitte Johan Magnus, kanskje ei oppkalling etter nettopp Johan de Rochlenge og farfaren Mons (Mogens) Krag...Eg trur at denne samanhangen er ein av to:* Anten at Metta Marie von Rockling er dotter av Johan Adam og Edel Dorthea og mykje yngre enn det som er gjort framlegg om, kanskje fødd kring 1675?* Eller at Metta Marie von Rockling er vetlesøster av Johan Adam, men at ho av familiære orsaker delvis er vorti oppali hjå Johan Adam og Edel Dorthea og difor har vilja kalla dei oppatt?Er det nokon som kjenner til kva born Johan Adam de Rochlenge og Edel Dorthea hadde?Eg vonar at einkvan kan sitja med lykkjelen til dette problemet og takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg gløymte eit spørsmål:Er det nokon som sit med Ovenstad og som kan fortelja meg kva som står om Nils M. Krag?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.