Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#26673] Johannes Larsson og Martha Eriksdotter kring 1738 frå Sogn til Askøy/Bergen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Larsson (Neset), fødd i Hafslo kring 1710 som son av Lars Lasseson og Helga Olsdotter, gifte seg i Hafslo 24.11.1737 med Martha Eriksdotter (Soge), fødd i Hafslo kring 1715 som dotter av Erik Pederson og Astrid NN. Johannes og Martha flytte snart etter bryllaupet til Bergenskanten der me finn att Johannes som gravar busett ''Strhaven'' (Strusshavn på Askøy?) då han og Martha 13.9.1749 døyper sonen Ole i Nykyrkja i Bergen.Dette er einaste gongen eg finn Johannes og Martha nemnde som foreldre i Bergen, men kan henda hadde dei born døypte på Askøy??Då ein av brørne hennar døydde i Hafslo i 1794, vert det sagt at Martha var avlidi, men ho let etter seg tre born:* Lars Johannesson, kring 30 år, i Nordlandene* Astrid Johannesdotter, kring 30 år, gift* Johannes Johannesson, busett i Skuteviken i BergenDet var på den tidi sendt ut etterlysningar etter Lars i ymse blad i Lofoten og Vesterålen, men om dei fann han, veit eg ikkje. Bustaden til Astrid er ikkje nemnd, men me lyt vel tru at ho var i Bergen eller derikring...? Uansett, so må aldrane vera svært so unøyaktige; Lars og Astrid må jo ha vore mykje eldre enn 30 år!Det er vel ikkje so lett å finna att Lars og Johannes, men Astrid burde det vera mogeleg å finna, trudde eg...! Men det syner seg at namnet Astrid er so å seia heilt ukjent i Bergen på den tidi. Derimot finn me mange som heiter ESTER - kan det vera same namnet? Ester Johannesdotter gifte seg i Nykyrkja i Bergen 20.11.1782 med tobakkspinnesvein John Olson Steen, men eg ser ikkje noko meir til dei heller...No kastar eg ballen over til dei mange dugelege forskarane i Digitalarkivet sitt Brukarforum med von om at einkvan kan hjelpa meg finna att denne huslyden for meg!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer samstundes alle ei fortsatt God Jul og ei God Romjul!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars. jeg er klar over at du har oversikt over det meste av folket fra Luster/Hafslo, men jeg tillater meg likevel å komme med denne kandidaten til Astri. Lenke Som du ser finner du både Johannes og Marthe blant barna. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for innlegg i dette tema.Eg lyt tilstå at eg halvveges venta på forslag om denne ''kandidaten'' til Astrid Johannesdotter, men diverre! Astrid Johannesdotter på Kjerringnes i 1801 var fødd i Kalhagen i Hafslo i 1757 som dotter av Johannes Olson og Christi Larsdotter, so det er nok ikkje ho!Eg vonar på fleire forslag og takkar nok ein gong for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Dei har nok aldri hatt noko med Askøy å gjera. 'Strhaven' er nok ei forkorting for 'Strangehagen' på Klosteret; difor òg barnedåp i Nykjerka. Har elles sjekka Askøy for å vera sikker, men der døyper dei ikkje born etter 1742 (då kyrkja der kom).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørn for svar på dette temaet. Eg var nok inne på tanken om Strangehagen, men tykte det var underleg at berre eitt av borni vart døypt i Nykyrkja, og det eitt som ikkje eingong vart nemnt i skiftet frå 1794!Då er me attende til utgangspunktet, men eg vil no likevel tru at huslyden må ha butt ein eller annan stad i Bergensområdet og vonar at einkvan dreg kjensel på desse namni...? Kanskje det er mogeleg å avsløra Johannes Johannesson i Skuteviken?Eg takkar på ny for alle tips som kan føra til oppklaring av dette problemet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne på ny få trekka fram dette tema frå desember 2004. Eg står framleis heilt fast når det gjeld å spora opp dei tre borni etter Johannes Larsson og Martha Eriksdotter. Kanskje det er komme til nye lesarar som dreg kjensel på denne huslyden?Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Har ikke noe å bidra med til tema. Et spørsmål bare, kanskje litt på siden: Hva het broren som det ble skiftet etter i Hafslo i 1794?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for nytt inlegg.Det var skiftet etter Knut Erikson i Kvam som vart halde i 1794! Han var barnlaus.Ja, greier nokon å løysa problemi med denne huslyden, so vil det vera ein prestasjon som det står skikkeleg respekt av...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Hadde Knut Erikson fleire sysken som erva han?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn for nytt innlegg!Jau, Knut Erikson hadde òg to brør, Peder og Anders:* Peder Erikson var husmann i Hafslo, men døydde før broren og let etter seg fleire born. Dei vart alle buande i Hafslo, med unnatak av ei dotter: Agatha Pedersdotter, fødd 1749. Ho var òg avlidi før 1794, men let etter seg ei dotter Anna (farsnamn ukjent), fødd 1784. Korkje fødestad eller bustad i 1794 for Anna er nemnt i skiftet, men Bergen er vel ikkje so urimeleg...?* Anders Erikson var gardbrukar i Hafslo og levde til 1799. Han hadde òg fleire born, m.a. sonen Johannes Andersen (1749-1788) som var kypper- eller bøkkerarbeidar i Bergen (sjå tema #25330).Men hjelper dette i leitingi etter huslyden til Johannes Larsson og Martha Eriksdotter?Eg lever framleis i voni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kenneth Bratland

Kan dette være en kandidat til Johannes Larsen? : Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kenneth for eit interessant innlegg. Eg trur so absolutt dette kan vera rett person. Av fattigskatten (1757) går det fram at han budde i 5. rode nr. 100, so kanskje der er meir å henta...?Ein kommentar til innlegg #10:Eg trur eg kan ha funne Agatha Pedersdotter... Ei jente med dette namnet gifte seg i Bergen i 1773 med Anders Iverson frå Hafslo. Ho døydde på Nordnes i Bergen i 1789. Ho hadde ei dotter Anna fødd i 1787, som rett nok døydde kort før mori, men frå før veit me at dette skiftet frå 1794 inneheld fleire feil...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Her er ein kandidat til Marta Eriksdotter: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn for nytt innlegg.Eg er samd i at dette KAN vera ein kandidat, MEN ho budde vel på feil stad...? Eg held likevel døri ope, for so lenge...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ja, men ... denne M.E. ser ikkje ut til å ha budd lenge på Laksevåg då ho døydde. Eg finn henne nemleg ikkje i andre registre for området. Kan ho ha budd hjå nærskylde siste tida?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det nærmar seg offentleggjering av manuskriptet der Johannes Larsson og Martha Eriksdotter skal omskrivast, og diverre er eg ikkje kome noko nærare ei løysing på gåta, med unnatak av Kenneth sitt innlegg #11 der han truleg har funne dødsfallet til Johanners Larsson.Kan Astrid vera identisk med Ester Johannesdotter som gifte seg i Nykyrkja i 1782?Eg vonar framleis på ei løysing på dette problemet...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei!Kan dette være dødsfallet til Johannes Larsens kone i Strengeh.?Lenke(Hvis ikke varmen da gjør at jeg ikke har fått med meg at noen allerede har vist til dette dødsfallet...)Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Her er dødsfallet i kirkeboka for Nykirken – 9. mai 1760:Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 10 (1759-1775), Døde og begravede 1760-1761, side 3. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Rode 5-101, Nedre Strangehagen 1, eies av Johannes Larsen Dipel i 1753. Rode 5-100 er Verftssmuget 2. Vel og merke er begge adr i Strangehagen i NK sogn. Og de kan dessuten ha endre husnr.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Arnfrid for kjempeflotte nye opplysningar. Nei, dødsfallet til Martha (''Johannes Larsen's kone'') hadde eg ikkje oppdaga, og dette med eigedomen i 5. rode 101 (eller 100) høyrest spennande ut.Men, let det seg gjera å finna ut noko meir om dei tre (eller fire) borni?* Lars Johannesson, fødd kring 1740(?) - flytte til Nordland* Astrid Johannesdotter, fødd kring 1743(?) - gift* Johannes Johannesson, fødd kring 1746(?) - busett i Skuteviken i Bergen* Ole Johannesson, døypt i Nykyrkja, Bergen 13.8.1749, tydeleg avliden før 1794.Diverre kan eg ikkje sjå at konfirmantane for Nykyrkja er oppskrivne nokon stad, so kva gjer me då?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei!Kan dette være dødsfallet til John Olsen Steen?? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=bedo1668&gardpostnr=5285&merk=5285#ovre>Lenke Og her er vel dødsfallet til kona hans Lenke. Denne Ester var 32 år gammel da hun døde i 1790, og dette gir fødselsår 1758.Jeg finner en Ester Johannesdatter som er fadder i Nykirken på 1750-tallet, men hvis Astrid Johannesen er født omkring 1743, er denne damen for ung til å være fadder i 1755…

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid og Grethe for nye spennande innlegg. Men diverre ser det ut til at me ikkje kjem stort lenger med denne huslyden...? Ester gift med John Olson Steen er klart for ung...Men so lenge det er liv, er det von...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.