Gå til innhold
Arkivverket

[#26788] Nils Olson, fødd 1837 Hafslo i Sogn - til Haukenes, Hadsel i Nordl. - opplysn.?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Olson, fødd i Hafslo i Sogn 31.5.1837, flytte kring 1855 til Vesterålen og gifte seg i Hadsel 9.10.1862 med Anna Knutsdotter frå Haukenes i Hadsel, fødd der 24.4.1831. Nils og Anna tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Haukenes i Hadsel, men ved FT1900 vert det sagt at dei budde på Gammelgaarden på Skagen i Hadsel, men mannen var ''midlertidig fraværende paa Hauknæs''. Eg har funne desse borni etter dei:a. Knut Berg Arnesen, son av Anna og ein Arne Knutson frå Kvitnes i Ålesund (kven no enn han var!!?), var fødd i Hadsel 3.11.1859. Han gifte seg med ei Olufine Nilsen, fødd i Hadsel 1867. I 1900 er Knut kalla Knut Arntsen, og han var gardbrukar og fiskar på Haugen, Haukenes i Hadsel. Sju born er nemnde:* Alm Knudsen, fødd i Hadsel 1889,* Karl Knudsen, fødd i Hadsel 1890,* Anna Knudsen, fødd i Hadsel 1891,* Sigurd Knudsen, fødd i Hadsel 1892,* Konrad Knudsen, fødd i Hadsel 1894,* Leif Knudsen, fødd i Hadsel 1897,* Trygve Knudsen, fødd i Hadsel 7.12.1899,b. Ove Lokert Nilsen, fødd i Hadsel 21.4.1863, gifte seg med ei Amalia Pedersen, fødd i Hadsel 1875. Ved FT1900 var Ove gardbrukar og fiskar på Raet, Haukenes i Hadsel, og to born er nemnde:* Erling Nilsen, fødd i Hadsel 1897,* Ragna Nilsen, fødd i Hadsel 2.2.1899,c. Britha Nilsdotter (1865-1951), vart gift med Andreas Martin Amundsen på Haukås i Hamarøy (1853-1835), sjå tema #26769.d. Anton Nikolai Nilsen, fødd i Hadsel 20.3.1868, gifte seg med ei enkje Kristine fødd Jeppesen, fødd i Kinn i 1862. Ho hadde før vore gift med Normand. I 1900 finn eg Anton som gardbrukar og fiskar på Kvernhusteigen, Haukenes i Hadsel, og desse borni er nemnde:* Sanna Normand, fødd i Hamarøy 1884,* Olga Normand, fødd i Hamarøy 1887,* Nils Normand, fødd i Hamarøy 1893,* Aagot Normand, fødd i Hadsel 1897,* Ole Nilsen, fædd i Hadsel 5.11.1899,e. Marie Sophie Nilsdotter, fødd i Hadsel 22.9.1870, har eg førebels ikkje funne att i 1900.No vonar eg at ein eller annan kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne huslyden. Særleg er eg interessert i dødsdatoane til Nils og Anna samt til alle borni og svigerborni deira, og kanskje kjenner nokon lagnaden til yngste dotteri Marie Sophie?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erik Amundsen

Marie Sofie Nilsdatter var gift med Karolius Nikolaisen. Og er nok ham vi finner i Bø i Vesterålen. LenkeDe hadde 2 barn Magny Nikolaisen f. 1897 og Anna Nikolaisen f. 1898.mvh erik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erik for opplysningi om Maren Sophie! Då er me eitt skritt nærare...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erik Amundsen

Litt mer om Marie Sophie fra min fars hukommelse:Hun og Karolius hadde 3 sønner Karsten Nikolaisen - drev gårdsbruk med griser på Gammelgården, Skagen. Norvald Nikolaisen - drev snekkerverksted på Sandnes i Hadsel. Eilif Nikolaisen - var kaptein (hurtigruta ?) og bodde på Stokmarknes.Alle 3 fins i matrikkelutkastet av 1950Skal prøve å få tak i noen årstall.mvh erik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å trekka fram att dette temaet frå 2004. Denne huslyden har tilknytting til Urnes i Hafslo, og manuskriptet står for døri til å komma inn i bygdeboki vår.Eg har i dag brukt ein del tid på å oppgradera denne huslyden med nye tilgjengelege kjelder og tykkjer sjølv eg er komen langt på veg, men det forundrer meg at eg ikkje finn att foreldri Nils Olson og Anna Knutsdotter i FT1910, og heller ikkje finn eg dei avlidne i Hadsel. So, kvar vart dei av??Eg vonar at eg gjennom brukarforum råkar ein eller annan som kjenner til denne ætti og som kan hjelpa meg finna svar på nokre av dei spørsmåli som står att:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Nils Olson (Urnæs), f. i Hafslo 31.5.1837, flytte kring 1855 til Vesterålen og gifte seg i Hadsel 9.10.1862 med Anna Knutsdotter frå Haukenes i Hadsel. Ho var dotter av gardbrukar Knut Baardson på Haukenes, opphavleg frå Meland på Voss, og første kona Britha Olsdotter frå Een på Voss og f. i Hadsel 24.4.1831. Nils og Anna tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Haukenes i Hadsel der¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Dei fekk fem born i lag, men Anna hadde òg ein son frå før:a. Knut Berg Arntsen, son av Anna og ein Arnt Knutson frå Kvitnes i Ålesund¤¤¤¤¤ (data om han? – ved vigsli står: far: Arnt Svendson – kva skal me tru?)var f. i Hadsel 3.11.1859 og d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Skagen nye i Hadsel!)27.11.1938. Knut gifte seg i Hadsel 20.9.1888 med Olufine Kristine Nilsdotter frå Kjønbogen austre i Hadsel, f. i Hadsel 14.6.1869. Ho d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Skagen nye i Hadsel!)6.6.1933. Knut var fiskar, og han og Olufine var gardbrukarar på Haugen, Haukenes i Hadsel.¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Alm Knudsen, f. Hadsel 1889, n. 1900 * Karl Knudsen, f. Hadsel 1890, n. 1900 * Anna Knudsen, f. Hadsel 1891, n. 1900 * Sigurd Knudsen, f. Hadsel 1892, n. 1900 * Konrad Knudsen, f. Hadsel 1894, n. 1900 * Leif Knudsen, f. Hadsel 1897, n. 1900 * Trygve Knudsen, f. Hadsel 7.12.1899, n. 1900)b. Ove Lokert Nilsen, f. i Hadsel 21.4.1863, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Skagen nye i Hadsel!)4.11.1938. Ove gifte seg i Hadsel 27.12.1895 med Amalie Johanne Edvardsdotter frå Marken i Hadsel, f.i Hadsel 4.3.1875. Ho d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Skagen nye i Hadsel!)8.6.1951. Ove var fiskar, og han og Amalie var gardbrukarar på Raet, Haukenes i Hadsel.¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Erling Nilsen, f. Hadsel 1897, n. 1900 * Ragna Nilsen, f. Hadsel 2.2.1899, n. 1900 * 1910 ytterlegare 4 born!)c. Britha Nilsen (1865-1951), vart gift med Andreas Martin Amundson Haukaas i Hamarøy (1853-1935), son av gardbrukar Aamund Iverson på Haukås i Hamarøy (1820-1857), opphavleg husmannsson frå Fossen under Dale i Luster (s.d.).d. Anton Nikolai Nilsen, f. i Hadsel 20.3.1868, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Skagen nye i Hadsel!)13.11.1941. Anton gifte seg i Hadsel 20.7.1896 med enkja Kristine Ditlovia Olsdotter Jeppesen, opphavleg frå Stensos i Hammarøy, men f. i Osen under Tantsø i Kinn 24.12.1861. Ho d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Skagen nye i Hadsel)19.7.1950. Kristine gifte seg første gongen i Hammarøy 30.6.1881 med Nils Christian Sivertson Normann frå Tanø i Hamarøy, f. i Hammarøy 17.2.1856. Nils var fiskar, og han og Kristine var gardbrukarar på Tanø i Hammarøy der Nils d. 20.4.1893. Anton var fiskar, og han og Kristine var gardbrukarar på Kvernhusteigen, Haukenes i Hadsel.¤¤¤¤¤ (Anton utvandra i 1908 til Amerika – kor lenge var han borte?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Sanna Normand, f. Hamarøy 1884, n. 1900 * Olga Normand, f. Hamarøy 1887, n. 1900 * Nils Normand, f. Hamarøy 1893, n. 1900 * Aagot Nilsen, f. Hadsel 1897, n. 1900 * Ole Nilsen, f. Hadsel 5.11.1899, n. 1900 * 1910 ytterlegare tre born)e. Marie Sophie Nilsen, f. i Hadsel 22.9.1870, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Skagen, Hadsel!)5.8.1959. Marie gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – finn ikkje i Hadsel!!)med Carolius Christian Dahl Nicolaisen frå Elvestrand under Froskeland i Hadsel, f. i Hadsel 8.6.1866. Han d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Skagen, Hadsel!)6.4.1932. Carolius var emisær for frikyrkja, og han og Marie var gardbrukarar på Gammelgarden, Skagen i Hadsel.¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Magny Nikolaisen, f. Hadsel 1897 * Anna Nikolaisen, f. Hadsel 1898 * 1910 ytterlegare fem born!)f. Ingeborg Gjertine Nilsen, f. i Hadsel 10.5.1874, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – Grønning i Hadsel!)4.6.1948. Ingeborg gifte seg i Hadsel 10.6.1896 med Henrik Johan Ellingsen frå Fleines ytre i Hadsel, f. i Hadsel 11.10.1869. Han d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravl. familiegravstad Grønning i Hadsel!)31.5.1958. Henrik og Ingeborg Ellingsen tok over som gardbrukarar på Fleines ytre i Hadsel etter foreldri hans og fekk¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1910 nemner fem born)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar på ny for alle gode tips om nye opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.