Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ivar Fylling

[#26829] Brite Olsdtr. Fjørtoft , ca 1730 - ca 1800

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

Det ser ut til å ha vore mange. Det er to eg leitar etter foreldra til:1) Enke Brite Olsdtr. Fjørtoft, gift 2.g. nov 1764 med Guttorm Pedersen Ulla. Vart buande på Fjørtoft. 3 barn 1768 - 1776, er 69 år i 1801.2) Pige Brite Olsdtr. Fjørtoft, gift 1763 med Peder Larsen Nogva. Til Nogva. 3 barn 1764 - 1773. Er død (?) i 1801.Det var og ei 3) enke Brite Olsdtr. Fjørtoft som vart gift 1764 med Jacob Knudsen, ei 4) Brite Olsdtr. Fjørtoft som fekk 3 barn 1767-1770 med Hans Jonsen Myskja/S. Fjørtoft (han var fødd i Nordfjord, døyr 1773), ei 5) enke Brite Olsdtr. Fjørtoft som vart gift med ungk. Knut Guttormsen Åkre/Fjørtoft i 1775. Eg reknar med at 4) og 5) kan vere den same. Kven var Brite 1 og Brite 2?To 'kandidatar' på Fjørtofta er: a)Brit Olsdtr. Fjørtoft f 20 des 1730, (dotter til Ole Larsen d.e. Fjørtoft) og b) enke Brit Olsdtr. Myskja, (g 1751 med Sjur Jonsen Fjørtoft, som døyr 1760, 75 år gml).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Kanskje her er noko til hjelp i søket ditt? 1) Skifte etter Brite Olsdtr. SF 1.6.1818, (død på Holmeset). 1. mann : Lars Hansen (1740-1764) *) 2. mann : Guttorm Pedersen (1742-1799), (fødd Ulla) Barn: Anne Larsdatter Peder Guttormsen Kristi Guttormsdtr. Guri Guttormsdtr. Anne Guttormsdtr.*) Lars Hansen Fiertoft gift med pigen Anne Olsdtr. Fiertoft i 1761. Kvifor Anne og Brite ???, feilskrift?. Veit ikkje kvar denne Anne/Brite kom frå. Ved skiftet etter Lars den 30.6.1764 var Lars Olsen NF Brite si verge.2) Skifte etter Ole Larsen NF (1701-1757) som kom bort på sjøen, 18.10.1757. Han hadde to døtre, Brite og Anne. Ole var fyrst gift med Anne Larsdtr. (1703-1743), mor til Brite og Anne. Han gifta seg seinere på ny med Anne Rasmusdtr. Myklebust og fekk datter Johanne i 1751. Brite gifta seg med Peder Larsen Nogva (1739-1804). Ho døydde 1808, 80 år gammel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Takk, det var til stor hjelp. Det ser for meg ut til at Ole Larsen NF (1701-1757) er far til både Brite 1) og 2), og at ei av dei skifta namn frå Anne. Det var mange Anne'r også. Mora heitte Anne, stemora heitte Anne, og tradisjonen tru fekk ho ei halvsøster Anne, i 1753, død 1754, og ei ny halvsøster Anne i 1755. I kyrkjeboka er denne siste Anne'a dotter til 'unge' Ole Larsen og Anna Rasmusdt. Nørre Fiertoft. Dei to Ole'ane til Lars Olsen Fjørtoft er fødde hhv 1700 og 1705. Kan fødeåret til 'unge' Lars Olsen vere 1705 istadenfor 1701? Finst det skifte etter Lars Olsen Fjørtoft, f ca 1670?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Forslaget om namneendring frå Brite til Anne verkar truleg. I avskrift av skiftedokumentet etter Brite som eg refererte til står det: Brite (Anne) Olsdt. SF og det styrker teorien. Eg kan ikkje finne skifte etter ein Lars Olsen fødd ca 1670 som du nemner

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.