Gå til innhold
Arkivverket

[#27762] Christian og Ingebrigt Ingebrigtsen - brør frå Hafslo (Sogn) til Dale fabrikker?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Christian Ingebrigtsen, fødd i Hafslo i Sogn 26.3.1858, flytte til Bergen i 1881, men gifte seg første gongen kring 1882, truleg på Dale i Bruvik(?), med ei Karoline, fødd i Haus i 1861. Christian var ei tid bakar, men vart so veiar og garntvinnar på Dale fabrikker i Bruvik der Karoline døydde kort etter 1900. So gifte Christian seg 10.6.1905 att i Årstad, Bergen med Karen Emilie Davidsdotter frå Kvernes, kjend som Karen Davidsen. Ho var fødd i Kvernes 1876. Truleg vart Christian og Karen buande på Dale i Bruvik, men lagnaden deira er ukjend! Eg kjenner til tre born etter Christian og første kona Karoline:a. Ingvald Kristoffer Ingebrigtsen, fødd i Bruvik 1883, nemnd 1900, ukjendb. Olaf Bernhard Ingebrigtsen, fødd i Bruvik 1885, nemnd 1900, ukjendc. Karl August Ingebrigtsen, fødd i Bruvik 1886, nemnd 1900, ukjend~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ingebrigt Ingebrigtsen, fødd i Hafslo i Sogn 22.6.1864, gifte seg i Hafslo 28.11.1890 med Martha Pedersdotter Øy, fødd i Hafslo 23.5.1867. Ingebrigt og Martha budde i Marifjøra i Hafslo til dei kring 1899 òg flytte til Dale i Bruvik der Ingebrigt skal ha vore formar på hattefabrikken! Ingebrigt døydde på Dale 29.12.1907. Martha skal vera avlidi 8.7.1917, men finst ikkje på Dale! Eg kjenner til fire born etter dette parfolket:a. Ingebrigt Ingebrigtsen (1891-1891), fødd og død i Hafslob. Martha Ingebrigtsen, fødd i Hafslo 18.10.1892, gifte seg truleg på Dale i 1914 med Carl Imandus Christianson Haugland, fødd i Bruvik 10.8.1891. Carl utvandra til Amerika i 1910, men kom heimatt og utvandra i lag med Martha i 1914. Dei busette seg i Spokane, Wash., men flytte visstnok sidan til Ft. Dodge, IA der Carl døydde i juni 1983. Lagnaden deira er elles ukjend.c. Ingebrigt Ingebrigtsen, fødd i Hafslo 24.6.1895, nemnd 1900, ukjendd. Berta Ingebrigtsen, fødd i Hafslo 7.4.1898, nemnd 1900, ukjend~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Er det nokon av Brukarforumet sine lesarar som har kunnskaper om huslyder som budde på Dale i Bruvik tidleg på 1900-talet og som kan bidra med fleire opplysningar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Olav for nyttig svar! Då lyt eg få tak i opplysningar frå denne boki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.