Gå til innhold
Arkivverket

[#27951] Slekt fra KLEPPEN og LANGHOVDEN I BUD ?.


Gjest Mona Johanne Falch
 Del

Recommended Posts

Gjest Mona Johanne Falch

KLEPPEN: Søker etter Forfedrer til Peder Anderson f: 1762-?. gift med Synneve Pederdtr f: 1765-?. finner ikke meir om henne heller så det gjeld begge to her, veit at dei bodde på Kleppen i Bud i 1801. håper noen vet. LANGHOVDEN: Søker etter forfedrer til Ole Petterson f: 1768-?. gift med An(n)e Pederdtr f: 1758-?. finner ikke meir om henne heller så det gjeld begge to her, bodde i Langhovden i Bud i 1801, har sett i kirkebøkene ifra Bud, men finner ingen som direkte passer til disse, håper på god hjelp og takker for hånd på alle opplysninger eg kan få til videre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Då du enno ikkje har fått svar frå nokon som har opplysningar om det du spør om, kan kanskje dette vere eit spor for vidare gransking:Lars Gule har i sine notatar ført opp dette paret på Kleppen: Peder Andersen Skarset(?), f. 1762, d. 1808, gift med Sønnøv Pedersdtr. Fagervik, f. 1762, gift 1798. Det er også notert 5 born: (1) Peder f. 1798, (2) Anders f. 1803, d. 1803, (3) Ole f. 1807, (4) Marta Birgitta, og (5) Anders f. 1804.På FS, IGI (Batch No. M421751) finn eg at 'Pehr Andersen' gifta seg med 'Sinev Pehrsdr' den 26.11.1797.Peder og Synneve kan etter dette ha gifta seg anten i 1798 eller i 1797 – eventuelt trulova 26.11.1797? Det kan då truleg vere overkomeleg å finne innføringa i kyrkjeboka for både truloving og giftarmål. Med litt flaks kan 'adresse-etternamna' Skarset og Fagervik vere skrivne i kyrkjeboka. I så fall kan det kanskje vere håp om å finne foreldra deira på desse to gardane. (Fagervik var ein plass under Ber(g)set, seinare frådelt.)Skiftet etter Peder Andersen (10.08.1808) er truleg ført inn i skifteprotokollen fol. 334 b.Om Peder Andersen var frå Skarset, finn du dåpen og faren innført i kyrkjeboka for Bud (dåp 23.12.1761, fol 113b), far: 'Anders Pedersøn Skarsæt'. Dei 5 andre fadrane var også frå Skarset (Hustad sokn), og ut frå farsnamna å døme kan fleire fadrar ha vore tjukkaste slekta.Skulle dette ikkje vere den rette Peder Andersen, kan han kanskje ha vore frå Malefeten (også Hustad sokn). På IGI er det opplyst at han var døypt 07.03.1762, far: 'Anders Pedersen' (Fætten??).På IGI finn eg ei Synnøve Pedersdatter i høveleg alder: 'Synnov Pedersen', døypt 04.06.1769, far: Peder Eriksen. (Ved folketeljinga 1801 var denne Synnøv fylt 31 år, og ho skulle då ha vore ført opp med 32 år (i sitt 32. år). Dette stemmer ikkje heilt med oppgjeven alder i folketeljinga (36 år), men avviket er neppe større enn at dette likevel kan vere eit mogeleg spor. Kyrkjeboka kan kanskje gje bærare opplysningar også her ('adresse-etternamnet' til far ?).Om paret på LANGHAUGEN (Ole og Anne) har eg ikkje funne noko. (Stadnamnet kan ikkje vere Langhovden. I folketeljinga 1801 står Langhouven – ei dansk-inspirert forvansking av namnet Langhaugen.) Det er også noko uklårt for meg kvar bustaden deira kan ha vore – ved Langhaugen? Nord eller sør for denne? Eller oppå haugen? Får håpe du får svar frå nokon som har kjennskap til dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mona Falch

Eg syns det var fint at noen svarte, da det såg ut som ingen visste noe, eg har lest i kirkebøkene men eg er ikke så flink til å lese eller om bud kirkebøker er veldig tydlig, Alt eg veit om Ole og Anne at dei bodde på edøy etter 1801, da datra demes er født på Edøy. men eg fant dei på Langhovuden i 1801, nå kan det vere så ymse med navnet da eg kan ha omgjort det til moderne språk. Når det gjeld Peder og Synneve fant eg ein Anders Pedersen Fætten i Kirkeboka, men syns at det var i tynneste laget å gå ut i fra at det var den rette. Men dei fra Skarset ligg i Hustad men ligg fagervik i Hustad eller? Det finns vel ikke bøker fra disse gardene enn Kirkebøker? Lars Gule sine notater hvor finner eg dei er dei tilgjengelig, Eg har annen slekt på Kleppen på Bud men på andre siden av besteforeldrene mine det er Erika Lund og Abigeal Baade, som var gift med Lars Torshaug dette er etter min nåverende hukomelse, veit at det var ein del Peder'e på Kleppen tidligere som eg trudde kansje hadde ein forbindelse med Synneve, men dei hadde tydligvis ikke noe slektforbindelse med Kleppen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O.Hagerup

Forstår eg det rett når eg oppfattar det slik at interessa for Peder og Synneve er avgrensa til spørsmålet om Synneve kan vere i slekt med andre på Kleppen, m.a. Erika Lund? - Det er ikkje noko i vegen for slikt slektskap sjølv om Synneve skulle ha budd eller ha vore fødd ein annan stad, anten i Bud sokn, t.d. Fagervik, eller i Hustad. Både flytting og ekteskap over soknegrensene har ikkje vore uvanleg. Spørsmålet om slektskap kan ikkje avgjerast på dette grunnlag. - Bergset og Fagervik ligg i Bud sokn.Abigael Marie Baade er omtala m.a. i Gammalt frå Fræna, 1997, s. 23, men det visste du kanskje?Det finst ikkje bygdebok for Bud prestegjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling O. Hagerup

Eg har sett i kyrkjeboka på innføringa av dåpen for Synneve/'Synnov' (Sønnøv)Pedersdatter f. 1769, jf innlegg (2). Denne Sønnøv er dotter av Peder Eriksen Indenfor Hauen. Ho gifta seg i 1792 med Knut Vågen, og er den andre av dei to Synneve ('Synnæve') Pedersdtr. som folketeljinga 1801 for Bud viser. Det er difor ikkje ho som budde på Kleppen. Vidare har eg leitt noko i kyrkjeboka for å finne dåpen for den 'rette' Synneve/Sønnøv Pedersdatter, men utan hell. Eg har sett i kyrkjeboka for perioden 1758-1771 utan å finne dåp for fleire Sønnøv Pedersdatter i dette tidsrom (berre ei Sønnøv Jørgensdatter). Om eg då har oversett innføringa av dåpen, eller om ho er forsømd innført i kyrkjeboka for Bud, eventuelt at ho er fødd eller døypt i eit anna prestegjeld, eller om oppgjeven alder i folketeljinga er svært feil, kan eg berre spekulere over.Folketeljinga 1801 viser ein Anders Pedersen (27 år, ugift)på Fagervig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mona Falch

Nei eg var ikke spesielt intressert om slektskapen men Synneve og Peder er familiegren med min bestemor og den ho var gift med min bestefar var slekt med Erika Lund o.s.v. såkalt var barnrbarnet til Peder og Synneve oppkaldt etter Erica Lund Kleppen, som giftet seg til Folland på Averøya der eg kommer inn. Men eg er intressert videre eg, men det ser slik ut at Ho Synneve er født ein annen stad, men før vel leite etter steder og sogn rundt på henne, og skal sjekke etter det du har funnet ut, det er slik det er men det skal ikke vere lett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mona Falch

OBS! Her i Ålesund biblotek har berre fått Fræna frem til 1993, eg har ein del på Abigeal Baade men ikke funnet der ihvertfall, så eg har ikke lest den boken, så det har vore fint om du kunne fortelle i korthet hva slags historie dette var, Takker for alt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Erling O. Hagerup

Det skulle ikkje vere vanskeleg å få låne boka i Ålesund (eventuelt fjernlån frå Fylkesbiblioteket). Eg har søkt - bøker i Ålesund bibliotek/Møre og Romsdal fylkesbibliotek - og funne boka (Dewey: 948.39 (hovednummer), Hylleplass:L SOGELAG 948.39 G), http://www.alesund.folkebibl.no/cgi-bin/websok.Omtalen av Abigael ('Marie Persen') går over ca 3/4 side. Ho er omtala som ei 'driftig dame' som er 'evigggjort' ved to stadnamn i Bud: Persengjerdet og Abikelhaugen. Det er opplysningar om hennar drift av gjestgjevarstaden 'Riddarsalen', Torhaugen og Peersengjerdet. Mellom anna er det også opplyst at ho var svært tidleg ute med potetdyrking, noko som ho fekk ein pris for så tidleg som i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest mona falch

Takker for opplysningene, det er ei stund siden eg har vert å sett her da eg trudde at ingen viste meir og da dør debatten ut av seg selv,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.