Gå til innhold
Arkivverket

[#28017] S&F: Ola Larsson (1800-60) frå Indre Sogn til Solund (konf.1816 Rørdal i Solund)


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Straumen og Kolgrov, Solund Bygdebok 1, nr. 21.Ola Larsson Rørdal, f. 1800 Indre Sogn, konf. 1816 Rørdal (i Solund) g. 1824 m. Johanna Karstensdtr. Straumen (1804-1881), dei hadde 9 born:Namn År Foreldre Gard/bustadLars Olss. 1825 Ole Larss., Johanne Carstend. StrømmenAndreas Olss. 1827 Ole Larss., Johanne Carstend. StrømmenCarsten Olss. 1829 Ole Larss., Johanne Carstend. StrømmenElen Marie Olsd. 1831 Ole Larss., Johanne Carstend. StrømmenMargarethe Olsd. 1834 Ole Larss., Johanne Carstend. StrømmenMargarethe Olsd. 1837 Ole Larss., Johanne Carstend. StrømmenJohan Olss. 1839 Ole Larss., Johanne Carstend. StrømmenAndreas Olss. 1843 Ole Larss., Johanne Karstend. StrømmenMargarethe Olsd. 1845 Ole Larss., Johane Carstend. Strømmen*******FS/IGI:OLE LARSENSpouse: JOHANNE CARSTENSDR Marriage: 02 JUL 1824 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway *******== Er det nokon som kjenner til opphavet til denne Ola Larsson ?(Johanna i 1865: Lenke)På forhånd takk for hjelp til å lokalisere rette mannen og familien!M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Denne Ole Larsson ser svært interessant ut, men kva er kjelda for at han var fødd i Indre Sogn? Kva står det ved vigsli?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

At han er fødd i Indre Sogn er henta frå Solund Bygdebok, har dessverre ikkje sjølv sjekka kva som står ved vigsla.Om nokon skulle ha dette tilgjengleg så hadde det vore fint å få det sjekka.M.v.h. Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Rumohr Blingsmo

Svigermor har fortalt ein del om denne Ola. I følgje henne skal han ha vore frå Undredal.Då er det kanskje han me finn her i 1801:Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei,Dette høyres interessant ut. Har svigermor di direkte tilknytning til denne Ola Larsson ?Finnes det noko dokumentasjosn for at han kom frå Undredal ? Det hadde vore interessant å vite meir om dette.Eg har sjølv hatt denne Ola som ein kandidat...Elles får vi håpe at det står noko om hans opphav ved vigsla (i 1824).M.v.h. Gisle (ghersvik@frisurf.no)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Rumohr Blingsmo

Eg var nok vel knapp i stad. Svigermor er frå Nordre Hjønnevågen i Solund, og Ola er vel oldefar hennar. Når ho meiner han skal ha vore frå Undredal er det vel slikt som ho har høyrt som liten. Eg skal prate litt med henne, så skal eg sende deg ein mail om ho veit noko meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Ved vigsla i 1824 er ikkje oppgjeve kvar han var frå, heller ikkje farsnamnet er nemnt. Det ser ut til at presten i Eivindvik tek til å skriva farsnamn på brurfolka fyrst i slutten av 1820-åra. Ola Larsson har mange etterkomarar både i Solund og andre stader, så det skulle vel vera nokon som veit kvar han kom frå.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk for at du sjekka vigsla Alf.Kanskje det finnes opplysningar om han som utflytt frå 'Indre Sogn' ?Om det finnes ei bygdebok for Undredal (Aurland), kanskje jobben allereie er gjort og den Ola Larsson som det er foreslått å vere er omtala der ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.