Gå til innhold
Arkivverket

[#28273] Margretha Eriksdotter, fødd 1772 i Hafslo - flytte ho til Solund eller Gulen??


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Margretha Eriksdotter, fødd på Lad i Hafslo og døypt der 24.6.1772, dotter av Erik og Eli på Lad, vart konfirmert i Hafslo i 1788 og levde framleis då broren Aanund døydde i 1792.Men me kan ikkje sjå noko meir til Margretha i Hafslo, og sidan fleire av søsterborni hennar flytte til ytre Sogn, mistenkjer eg òg Margretha for å ha funne vegen dit ut!?Er det nokon som dreg kjensel på denne jenta og som kan hjelpa meg med opplysningar om lagnaden hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Ser på FS at det er en Magrthe Eriksdtr som blir gift i Hafslo i 1811: LenkeI en annen link står det at han heter Johannes Nitter Christophersson fra Opheim. Det er kanskje en idé å sjekke henne?Dette paret får en hel del barn fra 1812 til 1833, alle i Haslo. En del har Nitter som mellomnavn og en står det Roym på. Christopher 1812 Kristoffer 1815 Erik 1818 Lars 1819 Hermund 1820 Johannes 1822 Lars 1825 Malene 1826 Mallene 1827 Karen 1829 Margrethe 1833mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hvis Margrete Eriksdatter f. 1772, giftet seg i 1811, ville hun ha vært 39 år gammel. Blant døpte i Hafslo i DA finner jeg er Margrete Eriksdatter Opheim, døpt i 1786; hun ville da være 25 år gammel ved giftermålet i 1811 Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kjellaug og Grethe for innlegg!''Vår'' Margretha Eriksdotter vart IKKJE gift i Hafslo, og ikkje heller vart ho buande her. Grunnen til at trur ho kan vera fari utover fjorden, er det forhold at søsteri Abelona Eriksdotter døydde i 1803, og fleire av borni hennar flytte ut:* Eli Nilsdotter, døypt i Hafslo 31.1.1790, vart konfirmert i Hafslo i 1813 - 24 år gamal, og vart nemnd som ugift i 1816. Ho er truleg utflytt, men lagnaden hennar er førebels ukjend!* Peder Nilsson, døypt i Hafslo 12.10.1794, vart husmann på Garvik under Vilnes i Askvoll der han døydde barnlaus i 1870.* Erik Nilsson, døypt i Hafslo 30.7.1797, levde i 1816, men vart ikkje konfirmert i Hafslo. Truleg flytte ogso han til Askvoll eller ytre Sogn!?* Lars Nilsson, døypt i Hafslo 27.5.1802, vart husmann på Ekrene under Møklebust i Hyllestad der han døydde barnlaus i 1850.Elles vil eg leggja til at Margretha Eriksdotter fekk ein son FØR ho fór frå Hafslo:* Aanund Erikson, døypt i Hafslo 20.11.1796, var i 1801 fosterson på garden Brekka i Hafslo, men vart ikkje konfirmert i Hafslo, so kan henda har han flytt etter mor si...?So vonar eg at einkvan kan hjelpa meg med lagnaden til Margretha og son hennar, og gjerne også søsterborni Eli og Erik!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Har du funnet henne i FT 1801? Jeg har prövd med alle tenkelige varianter av Margretha og finner ingen noen steder i landet som passer til henne. De nærmeste Sogn var en ugift i Bergen, men hun var bare 27 år, og en på Tingvold, men hun var 30 og hadde en sönn og var ugift.Er du sikker på at hun ikke og var död?Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Bonsoir, Kjellaug!Eg har òg vore på leiting etter Margretha i FT1801 utan gode resultat. Ho i Bergen er sjølvsagt ikkje langt unna i alder og er kanskje det beste alternativet(?)!Men me har eit anna velkjent problem: FT1801 er ikkje heilt å stola på; mange namn er feiltolka eller feilskrivne, og Margretha kan lett verta ''vridd'' til t.d. Maritta eller Margit!Ikkje noko tyder på at ho døydde mellom 1796 (då son hennar vart døypt i Hafslo) og 1801, ein periode der kyrkjebøkene for Hafslo ser ganske so pålitelege ut!Eg lever framleis i voni om at ho ''dukker'' opp ein eller annan stad, og kanskje er sonen der i lag med ho?Amicalement,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bent Grotle

Hei!Vil berre nemne at det døyr ei Margreta Erikdtr. på Hildeskår i Sogndal den 23.03.1808. Ho er skriven fødd i 1772. Utan å vere godt kjent i dette området innbiller eg meg at dette ikkje er så alt for langt frå Hafslo.Mvh Bent Grotle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

I skiftet etter Abelone Eriksdotter Lad frå 22.2.1803 er Margretha Eriksdotter Lad nemnd som kreditor. Soleis veit me at ho då framleis levde, men bustaden hennar er ikkje nemnd.Margretha Eriksdotter, som døydde i 1808 på Hildeskår i Sogndal, gifte seg i Sogndal 24.6.1803 med Ole Olson Hildeskaar, og dei fekk ei dotter i lag, KARI, fødd i 1804. Ved bryllaupet i Sogndal skreiv Margretha seg for Flaaten.Eg er samd i at alderen ved dødsfallet hennar godt kan tyda på at det er same jenta, særleg når me veit at mor hennar Margretha var frå Ølnes i Sogndal, og formyndaren til Margretha var Trond Aarvold i Sogndal.MEN, Ole Olson Hildeskaar vart døypt i Sogndal 10.8.1777 som son av Ole Olson Hildeskaar (d.e.) og kona Rannei Christensdotter, og me finn ei Margretha Eriksdotter døypt i Sogndal 5.11.1769, dotter av Erik Olson Quam og kona KARI Olsdotter. Denne Margretha Eriksdotter var i 1801 ugift og budde i Kvam i Sogndal. Det finst ingen andre Margretha Eriksdotter på denne alderen i Sogndal, og når me veit at einaste dotteri hennar heitte KARI, ligg det unekteleg ''snublande'' nær å tru at det var denne Margretha som i 1803 gifte seg med Ole Olson på Hildeskår!Difor trur eg at me lyt søka etter ''vår'' Margretha einkvan annan stad!?Nok ein gong hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er vel Abelones dødsfall i 1803, Hafslo: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=HAFSDOD&gardpostnr=1743&merk=1743#ovre>Lenke Hun ble vel gift med Nils Peersen (Pedersen?) Lae i 1789, Hafslo: LenkeHer er vel sønnen som Margreta fikk i 1796 med Erik Andersen ”Echum”: Lenke og her er han vel på Brekka (Brechen) Lenke. Er dette barnefaren i 1801, Erik Andersen, losjerende handelskar, sønn av kårmann Anders Johansen, Eikum ytre? Lenke.Jeg finner en Maritte Erichsdatter, 27 år, ugift, som er tjenestejente på Øye, Hauge sogn, Lærdal Lenke. En 30 år gammel ”besvangret qvinde” og ugift, er blant tjenestefolkene på Bolstad i Luster, men hun heter også Marithe Lenke. Så er det vel Margretha som er nevnt i et tidligere innlegg, 27 år, Bergen (f. ca. 1774) Lenke. I Kinsarvik er det også en ugift tjenestejente på 27 år som heter Margrete Ericsdatter Lenke og en 28 år gammel, ugift tjenestejente som heter Maritha Erichsdatter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.