Gå til innhold
Arkivverket

[#28311] SNAKKAR DU SOGNAMAUL - - -


Gjest Harald Jarl Runde
 Del

Recommended Posts

Gjest Harald Jarl Runde

Ei kjend regle, med ymse variantar, lyder omlag slik: 'Snakkar du sognamaul og litevetta porketysk, so kjem du deg like te Konstatenopel.' Sjølv snakkar eg purketysk flytande - har så å seie fått det inn med morsmjølka - men eg har til gode å møte ein sogning som kan dette målet. Spørsmål: Kva er utbreiinga av purketysk, bortsett frå på 'Barndommens grønne ø' på Sunnmøre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Er det andre som har spekulert på opphavet til dette uttrykket om sognamaulet?Kan det ha ein samanhang med den sjømannen frå Gurvin i Sogndal som tidleg på 1800-talet flytte til Sørlandet og som sidan (eller kanskje det var son hans?) vart norsk generalkonsul i Konstantinopel...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling Utne

Eg hugsar uttrykket frå då eg vaks opp i Sunnhordland. Eg meiner at vi la i dette tysk språk oppblanda med andre språk, noko ala 'pidginengelsk'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Jarl Runde

For å sitere siste innlegget: 'Erpen hurpen urpentyrpen frårpen dårpen erpen varpen orpen irpen Surpenhorpenlarpen. Erpen meirpen arpen virpen larpen irpen derpen tyrpen språrpen orpenblarpen merpen arpen språrpen, norpen arpenlarpen prirpengirpenerpen.' Nokon som kjenner igjen uttrykka?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.