Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28447] Lars Nilsson, fødd Hafslo 1772 - busett 1810 i Gulen eller Solund - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Lars Nilsson, døypt i Hafslo 16.8.1772 som son av gardbrukar Nils Larsson på Høgi og andre kona Britha Aanundsdotter, var ifølgje skiftet etter mor si i 1810 busett i ''Eivindvig''.Det finst ein Lars Nilsson i ''høveleg'' alder som gifte seg i Gulen 24.6.1798 med ei Martha Eriksdotter. Dette parfolket budde 1801 som plassfolk utan jord under Klubben i Husøy sokn, Eivindvik, men er det same mann? Ein annan Lars Nilsson var i 1801 ''skattebonde'' på Risøen i ivindvik sokn...Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg identifisera denne utflyttaren frå Hafslo, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Lars Nilsson som gifte seg i 1798 og busette seg i Klubben under garden Nautøy i Solund er nok i alle fall ein innflyttar. Ved giftarmålet er han skriven Kverhella, men der høyrer han ikkje heime. Martha Eriksdtr. er skriven Indrevær ved giftarmålet, men det er vanskeleg å finna ut kvar ho høyrer til der. Kanskje ho og kom frå Indre Sogn. Foreldra heitte Erik Larsson og Ingeborg Hansdtr.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Giftet til Lars (som d. 1830, 50 år) og Martha (f. 1776) i Klubben u. Nautøy er nok dette i 1798: [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=500223840379&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9SoFj&juris2=SoFj&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Sogn+Og+Fjordane&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>Lenke (i Gulen).Borna deira:1. ikkje nemnd navn, d. etter 14 dg.2. Nils3. Lars4. Eirik5. Ingeborg6. Margrete7. Bernt8. Marta MariaForeldra til Marte er som nemnd i forrige innlegg Eirik Larsson, d. 1804 (70 år i 1801) og Ingeborg Knutsdtr. (Hansdtr. skriv bygdebokforfattaren), 53 år i 1801:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf for interessante opplysningar.Då kan det sjå ut som dette er mannen me leiter etter. Mor hans heitte Britha, og her er barneflokken til Lars og Martha ifølgje FamilySearch:* Britha, dpt. 1.11.1799* Nils, dpt. 30.11.1800* Lars, dpt. 1.5.1803* Anna, dpt. 30.6.1805* Erik, dpt. 4.11.1806* Ingeborg, dpt. 17.10.1810* Berendt, dpt. 24.6.1816* Martha Marie, dpt. 28.3.1819Men kvar i all verdi er so Martha og foreldri hennar komne ifrå? FamilySearch har i alle fall ingen aktuelle kandidatar, og ikkje kan eg sjå at ho er ifrå Luster, Jostedalen, Hafslo eller Sogndal! Ei ny gåte!!Men, eg vonar på fleire gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk ogso til Gisle for innlegget som kryssa mitt!Eg ser av barnelista at Margretha manglar hjå FamilySearch, men so har dei med ei Anna som ikkje står i bygdeboki!Men ettersom dette ser ut til å vera rette huslyden, so er eg interessert i opplysningar om lagnadane til desse borni!? Kanskje du, Gisle, veit noko meir om dei?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Eg kjenner ikkje noko til dette folket frå før. Bygdeboka seier berre at;- sonen Nils vart gift i 1831 med enkje Halfrid Ellingsdtr. N.Gj.våg. og at- sonen Lars d. 1831.Halfrid Ellingsdtr. f. Høyland, Askvoll var g. I med Johan Jokumsen N.Gj.våg, f. 1786, d. 1819.## Høyland er nok Hovland, Hyllestad sokn, der ei passande Halfrid dukkar opp, f. 1790 og sagt vere gift 1813 med Johan Johannessen N.Hjønnevågen (søster til Halfrid, Sigrid, f. 1777, var gift 1813 med Aris Jochumsen, N.Hjønnevågen og dette skal vere bror til Johan.) ## Lars er skreven brukar i Hjønnevåg i 1834, men i 1835 kjem ny brukar og Lars og kona flytter til Straumen, som husmannsfolk.Halfrid d. 1835, 45 år. Nils i 1866, 66 år.Barn (funne på sffarkiv.no) for Nils og Halfrid:1. Elen Marie Nielsd. Hjønnevåg nordr, f. 19.9.1832, kun hj.døbt 21/10 af Søren Sjurssen Søndregjønnevog – ho dø nok tidleg sidan ho ikkje er nemnd i bygdeboka.2. Halfrie Nielsd. Strømmen, f. 6.6.1835, Daabs Datum: 5/7 (hj.døbt af Peder Jacobssøn Kalgraf 10/6) – ho vart g. 1860 m. Mons Ellingson Tyborøy (Lindås), f. ca. 1829.Nils gifte seg att i 1837 m. enke Johanne Edvardsdtr. frå Bareksten i Kinn. Ho var 55 år då.Det var det eg klarte å finne no i kveld/natt! Eg skal halde utkikk etter meir.M.v.h. Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Og nattarbeid fører med seg litt unøyaktige avskrivingar….rettelse til mitt forrige innlegg:Johan Jokumsen dø nok i 1829 (då yngste barnet vart døypt i 1829 står det: Daabs Datum: 25/10, far: 'Afdøde Johan Jochumssøn Nordregjønnevog')Det var sonen Nils Larsson (f. 1800) som var brukar i Hjønnevåg 1834 ifølge bygdeboka (men han var vel gjerne det allereie i 1832 då fyrste bornet vart fødd der), seinare Strømmen (frå 1835). Terje sin kandidat er nok ikkje eit skudd i blinde, for ein ”bordarbeidar” / ” bordarbeidsmand” (i 1775 og 1777) kan fort bli til ein ”snedker” (i 1801). Det same paret får altså ein son i 1777 (Lars): LenkeMen å finne noko passande giftarmål på FS (eller i DA sine Bergens-baser) mellom foreldra til Marthe Eriksdtr. ser vanskeleg ut. Dei er truleg ikkje gifte i Bergen og kan sjølvsagt ha kome dit (men frå kvar?), fødd to born og reist att.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Terje for nye flotte innlegg! Eg er samd med dykk i at Martha Marie i Bergen er ein svært so god ''kandidat'' til kona på Klubben, særleg når me ser namnet til yngste dotteri hennar! Det er jo likevel underleg at foreldri hennar skal vera so ''anonyme''!Men det største problemet no vert å finna ut meir om lagnadane til dei fem yngste borni, Erik, Ingeborg, Margretha, Berent og Martha Marie Larssøner og -døtrer...? Dei kan vel ikkje ''forsvinna'' slik utan vidare?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Om borna til Lars Nilsson og Martha Eriksdtr. har eg notert følgjande i mitt arkiv: a) Brita, f. 1799, døydde før ho var årsgammal b) Nils, f. 1800, g. 1831 m. enkja Halfrid Ellingsdtr. i Nordre Hjønnevåg, slik Gisle skriv. c) Lars f. 1803, d. ugift 22/8 1831 d) Anne f. 1805, døydde 1 dag gammal e) Erik f. 1806 Eg har ikkje funne meir om han, ikkje i konfirmantlistene og ikkje i listene over døde eller utflytta f) Ingeborg f. 1810 Ho vart konfirmert 1825 g) Margrete f. 1813 Ho vart konfirmert 1828 h)Bernt f. 1816. Er ikkje med i konfirmantlistene, kan ha døydd før konfirmasjonsalderen. i) Marta Maria f. 1819. Er meldt utflytta til St. Jørgens Hospital 13/4 1833, er altså spedalsk.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein ny stor takk til Alf for eit nyttig innlegg! Eg gjekk inn på databasen over sjukehuslemmar på St. Jørgen hospital, og der fann eg, til mi store overrasking, ikkje berre Martha Marie, men òg tre andre søsken, Margretha (død 1833), Berent (død 1835) og Ingeborg (død 1836). Martha Marie døydde i 1838. Denne huslyden vart hardt råka av tuberkulosen! Kanskje det var same sjukdomen som fór med Lars Larsson òg?Då er det berre Erik Larsson som står att med ''lagnad ukjend''!Elles lurer eg på: Du Alf, du har ikkje tilfeldigvis dødsdatoar for Lars Nilsson og kona Martha (Marie)?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi! Me er snart i mål med denne huslyden òg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

I mine notat står det at Lars Nilsson døydde 23/9 1823. I bygdeboka står det at han døydde i 1830 og at det vart halde 'skifte etter honom kor det flaut litt arv ogso.' Skifteprotokollen vil då visa om kva årstal som er rett og kva arvingar som fanst. Dødsdato for Marta Eriksdtr. har korkje eg eller bygdebokskrivaren. Ho hamna gjerne på St. Jørgen ho og?Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takki til Gisle og Alf for nye innlegg!Eg kan ikkje sjå at Martha Eriksdotter er avlidi i Bergen, men derimot ser eg dette av databasen for avlidne i Gulen:~~~~~~~~~~17.03.1820 Lars Nielsøn Nøtøen Gaardemand 7723.09.1823 Lars Nielsøn Nøtøen eller Klubben Huusmand 50~~~~~~~~~~Ingen tvil om at den siste av desse er ''vår'' mann, men kvifor skulle då skiftet verta halde so seint som i 1830?Eg har sendt spørsmål om dette på Arkivforumet, so får me vona på ei avklaring!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

So er det fastslege at skiftet etter Lars Nilsson Klubben ikkje vart slutta før i 1830. Då levde Martha att som enkje, men sonen Erik er ikkje nemnd, so han døydde altso før!!Hjelper dette til å finna ut meir om Martha og Erik??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Dette må forresten vere dåpen til Margrete Larsdtr i 1813: Lenke, sjølv om farsnamnet til Marthe her er feilskreve.Men ikkje noko meir funne ut om Marta og sonen Erik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for å vekka live att i denne saki.Eg ser no at eg i tillegg til dødsopplysningar for Martha og sonen Erik, ogso saknar nokre andre detaljar som framgår av dette manuskriptutdraget:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 7. Lars Nilsson, døypt 16.8.1772, Lars Nilsson flytte i ung alder til Solund, Gulen der han 24.6.1798 gifte seg med Martha Marie Eriksdotter frå Nautøy i Solund. Ho var dotter av snikkar Erik Larsson på Klubben under Nautøy, opphavleg frå????? (opphavet hans?)og kona Ingeborg Halvorsdotter frå????? (opphavet hennar?)og vart døypt i Bergen 22.2.1775. Lars og Martha vart busette som plassfolk på Klubben under Nautøy der Lars d. som husmann 23.9.1823. Martha d.????? (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1830!!)Dei fekk ni born i lag:a. Britha Larsdotter, døypt i Solund 1.11.1799, vart gravlagd i Solund 9.11.1799.b. Nils Larsson, døypt i Solund 30.11.1800, d.????? (dato og stad for dødsfallet hans? – Strømmen i Solund?)1866. Han gifte seg første gongen i Solund, Gulen 24.6.1831 med enkja Halfrid Ellingsdotter, opphavleg frå Hovland i Hyllestad, Gulen, døypt i Gulen 12.3.1790. Ho hadde før vore gift med gardbrukar Johan Jochumson på Gjønnevåg nordre i Solund, men d.????? (dato og stad for dødsfallet hennar?)1835. Nils gifte seg so att i Solund, Gulen 26.7.1837 med enkja Johanna Edvardsdotter, opphavleg frå Bareksten i Kinn, døypt????? (ikkje innført i Kinn!)1783. Ho d.????? (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1865!)Nils tok over som gardbrukar på Gjønnevåg nordre i Solund då han gifte seg første gongen, men flytte alt i 1835 til ein plass på Strømsnes under Strømmen i Solund der han sidan budde levetidi ut. Nils fekk i alt to døtrer, som båe var frå første ekteskapet med Halfrid Ellingsdotter, men Halfrid hadde òg sju born frå første ekteskapet sitt.c. Lars Larsson, døypt i Solund 1.5.1803, d.????? (dødsstaden hans?)22.8.1831, ugift.d. Anna Larsdotter, døypt i Solund 30.6.1805, vart gravlagd frå Klubben i Solund 26.6.1805, ein dag gamal(!).e. Erik Larsson, døypt i Solund 4.11.1806,????? (lagnaden hans? – d. før 1830!!)f. Ingeborg Larsdotter, døypt i Solund 17.10.1810, vart sjuk og flytte i 1833 til St. Jørgen hospital i Bergen der ho d. 13.5.1836, ugift.g. Margretha Larsdotter, døypt i Solund 30.5.1813, vart sjuk og flytte i 1832 til St. Jørgen hospital i Bergen der ho d. 13.12.1833, ugift.h. Berent Larsson, døypt i Solund 24.6.1816, vart sjuk og flytte i 1832 med søsteri Margretha til St. Jørgen hospital i Bergen der han d. 21.2.1835, ugift.i. Martha Marie Larsdotter, døypt i Solund 28.3.1819, vart sjuk og flytte i 1833 med søsteri Ingeborg til St. Jørgen hospital i Bergen der ho d. 8.9.1838, ugift.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Om nokon sit med eitt eller fleire av desse svari, er eg sjølvsagt svært interessert, og eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

God dag Lars,Eg har ikkje så mykje dødsdatoar å komme med, så her får vi håpe på at andre kan trå til.*****Eg har spurt etter fadrane til den Martha Marie og broren Lars, f. 1775 og 1777 i Bergen: Lenke. Er det mulig å bli noko klokare av dette? Er det den rette Martha Eriksdtr.?*****Kyrkjebøker for Kinn manglar mellom desember 1780 og august 1785 så der er nok Johanna Edvardsdtr. sin eksakte fødsels- og dåpsdato ikkje lett å finne (f. 1782/83).Men kven var ho gift med første gong ? Ho var ugift i 1801-teljinga og eg finn ho ikkje gift i Kinn fram til 1815. FS har ikkje gitt noko godt alternativ heller! Men kanskje ho vart gift allikevel før faren dø. Opplysningar frå skiftet etter han har eg tenk å be om frå SAB.*****Når det gjeld 7. d. Anna Larsdtr, ser oppføringa noko rar ut ja.*****M.v.h. Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Eg har funne følgjande datoar til deg: Husmann Nils Larsson Strømmen døydde 2/2 1867, 66 år gammal. Plassmannskone Johanna Edvardsdtr. Strømmen døydde 22/3 1859, 82 år (!) Husmannskone Halfrid Ellingsdtr. Strømmen døydde 7/6 1835, 45 1/6 år. Husmannsson Lars Larsson Nautøy døydde 22/8 1831, 28 1/3 år. Så finn eg inderst Marta Eriksdtr. Strømmen. d. 19/3 1860, 83 år. Då har ho kanskje budd hos Nils?Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Der kom det mykje på plass. Berre Erik Larsson sin lagnad som manglar.Johanna Edvardsdtr. var 22 år i 1804, ved skiftet etter faren: Lenke (og 18 år i 1801).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf og Gisle for imponerande innlegg. Eg er svært takksam for desse gode datoane, som eg no får lagt inn i manuskriptet mitt!Som du Gisle seier, berre dødsfallet til Erik står att..., for opphavi til foreldri hennar Martha Eriksdotter reknar eg ikkje med at me finn so lett...?Nok ein gong ein stor takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Så vidt eg kan sjå er mor til Marte Marie Eriksdotter nevnt Knutsdtr, Hansdtr og Halvorsdtr. Veit du kva som er det rette? Gudmora til Marte Marie i 1775, Marte Marie Reinholdsdotter, er son min si formor, men eg har ikkje funne sikre foreldre til ho endå. Kanskje far hennar, Reinholdt eller Reinert, var frå Gulen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar Arnfrid for nytt innlegg.Eg har aldri reflektert so mykje over farsnamnet til Ingeborg, men eg konstaterer at ho ved båe barnefødslene i Bergen er kalla Halvorsdotter, og dette har eg nytta i Gards- og Ættesoga for Luster (bd. VI).Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Lars,Fann du nokon gong ut kva tid og kvar Ingeborg døydde?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×