Gå til innhold
Arkivverket

[#28462] Daniel Davidsen Muri, på garden Muri, og anene hans bakover


Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes
 Del

Recommended Posts

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Knud Danielsen var frå garden Muri, og var son til Daniel Davidsen Muri og andrekona Marte Knudsdtr Vollset.( Sjå Tema 19496) Desse er mine aner, og eg har lyst å få vite litt meir om anene bakover på garden Muri, og om Daniel Davidsen Muri, og kvar slekta hans kjem ifrå. Har denne slekta vore i lang tid på Muri, eller kjem dei frå andre stadar? Helsing Solveig Hånes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Er det nokon som har sett skiftet etter Daniel Davidsen Muri og-/eller skiftet etter Marte Knudsdatter? Greit å få vite sikkert at Knud Danielsen var son deira...Han budde på Vollset etter at han gifta seg. Mvh Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Myklebust

Med kjelde i Lars Strømme sine samlingar ved Statsarkivet i Bergen har eg notert følgande:Skifte 16/5 1757 etter Daniel Davidsen Muri. Enkja var Helge Lassesdtr med lovverge lensmann Nils Larsen Faleide. Daniel hadde 4 born med to tidlegare døde koner. Rasmus 22 år med formyndar Arne Olsen Skarstein. David 16 år med formyndar Mons Agjeld. Knud 13 år med formyndar Thomas Voldsetter. Sigri 24 år med formyndar David Rasmussen Skarstein.20/5 1776 vart det halde skifte etter Inger Knudsdtr Vollset. Ho var gift med før nemnde Thomas Vollset. Blant syskena som arvar henne er 'eldste søster Marthe Muhries efterl. ene søn Knud Danielsen Woldsetter'Knud Danielsen tok altså over bruket på Vollset etter morsystra og mannen hennar. Thomas gifta seg på nytt med Kari Olsdtr Kriken frå Norddal og flytta dit.Bygdeboka for Innvik tek altså feil når der står at Marte Knudsdtr var frå Skår. Ho var frå Vollset og dotter til Knud Knudsen f. ca 1669 og kona Brit Olsdtr (ca 1671 - 1759). Det vart halde skifte etter dei i 1743 'etter forlangende'. Marte var då 30 år og ugift, men må like etter ha gifta seg med Daniel Davidsen. Formyndar for Marte i 1743 var Jørgen Åning. Kan han vere ein slektning på morsida? Om Knud Knudsen veit ein at han var bror til Ole Knudsen Stadheim og Nils Knudsen Grønfur og Gregorius Knudsen Årheim. I tillegg hadde dei ei syster Synneve Gundersdtr? Framuhr?. Desse opplysningane frå skiftet etter Nils Grønfur 18/5 1754. Eg har ein teori om at desse syskena var frå garden Skuset i Norddal. I 1701-manntalet har Ole Knudsen Stadheim ein dreng Nils Knudsen Schouset Lenke. Dette kan vere broren som nokre år seinare gifta seg med enkja på Grønfur. Då Ole Knudsen kom til Stadheim i 1699 vart han i tingboka skreven som: 'En dreng Ole Knudsen Berge'. Skuset og Berge er nabogardar i Norddal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Tusen takk for god hjelp frå både Grethe Flood og Tor Myklebust!!Mykje interessant her! 1.(Grethe F) Eg hadde ikkje oppdaga at det er Skifteregister for Nordfjord på Digitalarkivet. Har ikkje funne det same for Møre og Romsdal.(Eg leiter etter skiftet etter ein annan av tippane mine,Peter/ Andreas Paulsen, død ca 1835,eigde garden Engeset på Grytastranda i Borgund, gift med Marte Fransdatter) 2.( Tor M) Det står i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger at Stadheim var arvegods frå Øysteinætta. Eg veit berre litt om Øysteinætta, men kanskje Vollset var litt arv også, sidan kona til Knud Danielsen, Inger Gunnarsdotter var frå Stadheim? Mvh Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Myklebust

Ole Knudsen Skuset?/Stadheim var gift første gong med Karen Sakariasdtr Stadheim. Det var ho som hadde odelsrett i Stadheim. Men dei åtte ingen ting i Vollset. I følge boka ”Sunnylvsgardane Vollset og Brekke” av Emil Vollset var det Knud Knudson Vollset si kone Brit Olsdtr som hadde odelsretten til ein part i VollsetFar til Inger Gunnarsdtr, Gunnar Olson , var frå Ole Knudson sitt andre ekteskap med Anne Nilsdtr Langeland. Anne var dotter til Nils Olson Langeland opprinneleg frå Maråk i Geiranger og son til Ole Hallkjellson og kona Eufemia Nilsdtr. Eufemia hadde arva ein part i Langeland etter faren Nils Olson Vereide.Mor til Inger Gunnarsdtr var Synneve Nilsdtr Langeland. Ho var dotter til Nils Hallkjellson Langeland opprinneleg frå Vinje i Geiranger og son til Hallkjell Arneson og kona Birgitta Nilsdtr. Birgitta var syster til Eufemia og hadde også arva ein part i Langeland etter faren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.