Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28579] Lauritz/Lorentz Joachim Larsen, fødd i Bergen 1887 - kvar vart han døypt??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Larsen (Kjørlaug) (f. Hafslo 1847) og Judithe Marie Johannessen (f. Bergen 1847) gifte seg i Bergen 24.10.1880. Johannes reiste ei tid til sjøs som fyrbøtar, men var sidan korkeskjærar i Bergen. I 1888 utvandra Johannes til Amerika, og i 1892 følgde Judithe etter med to born:* Jenny Benedikte Marie, fødd i Bergen 11.11.1885* Lorentz Joachim, fødd i Bergen 1887FT1891 for Skudevigens Smalgang 2 syner Judithe Larsen som enkje med dei to borni:* Jenny B., fødd i Bergen 1885* Lauritz Joachim, fødd i Bergen 1887FT1900 for Lisbon township, Juneau Co., WI syner John Larson som enkjemann med dei to borni:* Jennie, fødd i Noreg May 1886* Lewis, fødd i Noreg Apr 1887Johannes Larsen (Kjørlaug) flytte i 1910 attende til Bergen der han døydde i 1921. Dotteri Jennie var då gift i Wisconsin, men etterkomaane hennar veit ikkje noko om onkel Lewis!Lagnaden til Lauritz/Lorentz Joachim Larsen er eit problem for seg, men det som eg vonar at einkvan i Brukarforumet kan hjelpa meg med, er fødsli hans? Eg finn han ikkje fødd i Bergen, men april 1887 frå Amerika kan vera unøyaktig, når me ser at søsteri Jenny var fødd i november 1885 og vart oppgjevi til mai 1886! Men me kan vel vera nokolunde sikre på at fødselsåret er 1887!?Kan han vera fødd på Laksevåg eller i Fana? Eller ein annan stad utanfor sjølve Bergen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars!Børster støv av denne som fremdeles står ubesvart i brukerforumet, men som antakelig har fått svar på i mellomtiden. Men legger den inn likevel:Her er dåpen du ikke hadde funnet - Domkirken (se nr. 49) -Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. B 6 (1879-1887), Fødde og døypte 1887, side 279. LenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande opplysning! Nei, denne datoen mangla framleis i papiri mine!Men no er problemet løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.