Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28679] Anders Halvorsen (Hafslo 1836) og huslyden hans - forsvundne i Bergen??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Halvorsen (Marifjæren), fødd i Hafslo i SOgn 24.11.1836, flytte i ung alder til Bergen der han 27.8.1865 gifte seg med Anna Martine Thomasdotter frå Hatlestad i Fana, fødd på Hop på Askøy 7.7.1831. Anders Halvorsen var matros, og han og Anne vart buande i Bergen i alle fall til 1900 då dei budde i Ekernbakken 9. Eg kan ikkje finna dei busette i Bergen i 1912, og heller ikkje finn eg dei avlidne mellom 1900 og 1912, MED MINDRE den Anna Halvorsen, fødd i Askøy 1831, som døydde på Arbeidsanstalten i Bergen 16.9.1906, er ho. I so fall er ho opgjevi vera enkje!!Eg kjenner til fem born:* Karen Martine Samuelsen, dotteri hennar, var fødd i Fana 8.3.1854, men gifte seg i Bergen 18.5.1890 med Jøns Jonsson, fødd i Boarsjö, Blekinge i Sverige 3.4.1852. Han var steinarbeidar, og ein son er fødd i Bergen før dei forsvinn derifrå:- Sigfred Johan Jonsson, fødd i Bergen 15.2.1892.* Johan Andreas Andersen (eller Halvorsen?), fødd i Bergen 1.9.1865, gifte seg i Bergen 22.5.1894 med Helene Hansen, fødd i Lindås 17.7.1866. Johan var bokbindarsvein, og han og Helene fekk ei dotter før ogso dei forsvinn frå Bergen:- Hjørdis Hilda Amanda Andersen, fødd i Bergen 9.11.1894 (døypt i Mariakyrkja som Andersen!)* Anne Marie Andersdotter Halvorsen, fødd i Bergen 8.7.1867, einaste medlemmen av denne huslyden som budde i Bergen i 1912. Ho skreiv seg då Halvorsen, var ugift fabrikkarbeidar og budde i Langeveien 7. Seinare lagnad er ukjend!* Thomasine Caroline Andersdotter Halvorsen, fødd i Bergen 23.10.1869, gifte seg i Bergen 30.10.1892 med Simon Martin Johnsen, fødd på Laksevåg kring 1863. Simon var mekanisk arbeidar eller ''jernskipsbygger'' og budde i Bergen fram til 1911, før ogso denne huslyden vert borte! Men eg har funne sju born etter dei:- John Andreas Johnsen, fødd i Bergen 5.9.1893- Sigvald Martin Johnsen, fødd i Bergen 29.6.1898- Margot Theodora Johnsen, fødd i Bergen 21.8.1901- Torvald Johan Johnsen, fødd i Bergen 9.9.1903- Anton Joakim Johnsen, fødd i Bergen 8.10.1905- Solveig Marie Johnsen, fødd i Bergen 28.8.1908- Konrad August Johnsen, fødd i Bergen 18.1.1910* Anders Martin Andersson Halvorsen, fødd i Bergen 21.2.1877, døydde i Bergen 21.8.1881.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~No er spørsmålet om nokon kan hjelpa meg finna dødsfallet til Anders Halvorsen? Og likeins kvar det vart av borni deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Da er det vel Thomasine du finner død på Laksevåg i 1934.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for godt innlegg! Eg tenkte nok at einkvan av desse folki var flytte til Laksevåg, men fann ikkje nokon. Eg tenkte jo ikkje på å leita på førenamn...!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Karen Samuelsen med ektemann og tre barn finner du i Bakke i Vest-Agder i 1900. LenkeMvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for godt innlegg! Eg har leitt etter denne huslyden i FT1900, men gjekk utifrå Jøns og Jønsson, og då fann eg sjølvsagt ikkje noko!Det kan vera vanskeleg å finna att desse jarnbanefolki, men eg lever framleis i voni om at ogso sonen Johan Andreas kan sporast opp!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.