Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28698] Lars Hanss Grimstad & Christine Torbjørnsd - gifte i Bergen 1806 - kven var dei?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Smedarbeidar Lars Hansson Grimstad og Christine Torbjørnsdotter gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 11.5.1806. Lars vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 22.12.1809 og vart oppgjeven vera 29 år gamal. Christi Torbjørnsdotter budde 1815 i 22. rode nr. 36 og var då enkje. Ho gifte seg sidan att med Ole Andersson Nygaard og døydde i Bergen som almisselem ''Christine Nygaard, fødd Torbjørnsdotter'' 30.4.1856, 69 år. Ho fekk to søner, Hans (1806) og Torbjørn (1808).Ifølgje FamilySearch finst det berre tre aktuelle kandidatar for Christi(ne) Torbjørnsdotter:* Christi Torbjørnsdotter, døypt i Hafslo 5.6.1785 av foreldri Torbjørn Ellingson og Johanna Paulsdotter.* Christi Torbjørnsdotter, døypt på Varaldsøy 16.1.1785 av foreldri Torbjørn Perderson og Torborg Andersdotter.* Christi Torbjørnsdotter, døypt i Ulvik 23.11.1786 av foreldri Torbjørn Richolfson og Ragnhild Larsdotter.Den første av desse kandidatane vart konfirmert i Hafslo i 1800, men forsvinn herifrå etter den tid, medan den einaste kandidaten i FT1801 for Hordaland er ei Christi Torbjørnsdotter på 16 år som tener på Sævertvedt i Granvin (Ulvik).Eg har tru på at Christi(ne) Torbjørnsdotter i Bergen er ho som var fødd i Hafslo i 1785, men eg er ikkje i stand til å prova dette. Kanskje einkvan med lokale kunnskapar på Varaldsøy og/eller i Ulvik/Granvin kan bidra med oppklaring av lagnadene til dei to kandidatane derifrå?Eg er eventuelt ogso interessert i fleire opplysningar om Lars Hansson Grimstad og opphavet hans!?Eg vonar på eit positivt resultat og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Da kan dette kanskje være en kandidat til Lars i 1804-05 i undersøkelseskom.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit og Rune for svært interessante innlegg. Eg kjenner denne Lie-familien som Lars Hansson budde hjå i 1801. Dei var òg frå Gudbrandsdalen, og ein av brørne budde ei tid i Gaupne tett attmed fødestaden til ''mi'' Christi Torbjørnsdotter, som var fødd i Marifjøra!Dette auker brutalt sjansane for at det er Christi Torbjørnsdotter frå Hafslo som er gift i Bergen med Lars Hansson Grimstad! Men det hadde likevel vore ein stor føremon å få identifisert lagnadane til dei to ansdre jentene med same namnet!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Kan det da kanskje være snakk om Lom.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Der er fortsatt en Christi Torbiørnsdtr. i Hafslo i 1801.Hun er 16 år og tjenestejente på Nedre Jordanger.Lenke Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Berit for nye innlegg!Christi var enno ikkje fari frå Hafslo i 1801.Elles er nok Grimstad-namnet frå Skjåk, den gongen ein del av Lom prestegjeld, men eg finn ikkje noko i FT1801 som kan stadfesta at Lars Hansson var derifrå!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Siv Eidevik

Hei LarsGrimstadnavnet finner du også i Fana, Hosanger og på Lindås. Fant denne karen i 1801- tellingen for LindåsLenkeMvh Siv...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

På FS fant jeg f.eks. Hans Olsen gift med Kari Andesdt. i 1788 Grimstad Lygra, HO. Jeg har ingen anelse om hvor dette er, men jeg festet meg ved stedsnavnet Grimstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Siv og Berit for nye innlegg! Her går det døgeret rundt!Eg har studert huslyden på Grimstad i Lindås, men eg har lita tru på at det er der Lars Hansson har opphavet sitt!?Derimot finn eg på FamilySearch fleire Lars Hansson fødde i Lom prestegjeld, og ein av dei er særleg interessant:Lars Hansson, døypt 2.2.1783 av foreldri Hans Larsson og Marit Larsdotter. Desse foreldri fekk òg ein son Lars i 1790, men båe bestefedrene heitte Lars, so der kan godt ha vore to som voks opp. Likevel er berre ein av dei nemnde i 1801 hjå foreldri som då var plassfolk på Reppen i Lom (der er mori feilaktig skrivi Mari Larsdotter!). Dessutan ser det ut til at Reppen og Grimstad er gardar i Skjåk som ikkje ligg so altfor langt frå kvarandre!! ''Vår'' Lars Hansson var jo i 1801 alt komen til Bergen...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H skibenes

Eg kikka gjennom gardane på Varaldsøy, og fann eit mogeleg par som kan vera foreldra til Kristi. Torbjørn Pedersen Gjuvsland (f.1763)g. 1780 m. Torbjørg Andersdotter Sandvik.(f.1758).Derre paret var husmannsfolk på garden Kårhus i Vats 1803, står det i bygdesoga.Då må det vera dette paret her: LenkeSer at etternavn på mann og kone er bytta om i teljinga. Dottera Kristi (Krestie) bur framleis heime. Kvar ho seinare vart av, veit eg diverre ikkje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for nyttig innlegg! FamilySearch hadde eit fjerde alternativ for Christi Torbjørnsdotter, oppgjevi fødd i Vats, men utan dato. No ser eg at det er same jenta som ho som var fødd på Varaldsøy, og ifølgje FamilySearch gifte denne Christi Torbjørnsdotter Kaarhus seg i Tysvær 25.10.1807 med Lars Pederson Indreland! Då kan me altso eliminera ''Christi frå Varaldsøy'', og me sit att med berre to alternativ!Eg ser av FamilySearch at ei Christi Torbjørnsdotter gifte seg i Ulvik 27.6.1822 med ein Gunder Stenson. Eg finn ikkje born etter dette parfolket, men Gunder Stenson må vera fødd kring 1786 på garden Lisebrekke i Ulvik som odelsgut. Men, so er spørsmålet: Det var ei anna Christi Torbjørnsdotter i Ulvik, som i 1801 var 18 år gamal tenestejente på Viknes ytre, og det kan sjølvsagt vera ho som vart kona til Gunder Stenson...!?Eg har ei kjensle av at me nærmar oss mål i denne saki og vonar på nye avklarande opplysningar frå Ulvik!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Stephanie Benoit

Hello Cousin Lars,I really can't follow much of what is written here...Anyway,if I got part of what was said correctly I can confirm that.... Kristi Torbjørn Sævartveit 1786-1862, daughter of Torbjørn Rikolsson Vambheim and Ragnhild Larsdtr, married Gunnar Steinsson Osa 1787-1878. He was originally on Hallanger. He and Kristi did not have any children.Source: Ulvik Gards og Ættesoga book 1 pages.324 and 306Cousin Stephanie California

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

For å utelukke Fana, om det ikke allerede er klart: Bygdeboka s- 186 og utover, har ingen passende kandidater for Lars eller farskandidater ved fornavn Hans på Grimstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Falt ut: Ei heller blant døpte i Fana.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk - a big Thank you - til Stephanie og Heidi for nyttige innlegg!Då kan me altso konkludera med at Christi(ne) Torbjørnsdotter frå Hafslo er den einaste attverande ''kandidaten'' for ho som gifte seg i Bergen med Lars Hansson Grimstad! Og Lars Hansson er nok frå Gudbrandsdalen...Det er vel neppe stort meir me kan finna ut om desse folki no (bortsett frå det nøyaktige opphavet til Lars Hansson Grimstad), men om nokon kan bidra med fleire detaljar, seier eg sjølvsagt ikkje nei takk til det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×