Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28724] Maren Elisabeth Lorentz (1771-1838) gift i Bergen 1805 - kven var ho? - tysk?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Maren Elisabeth Lorentz gifte seg i Bergen 28.7.1805 med målarsvein og sidan vektar Jens Bremer Nilsson Kofoed (1783-1834). Dei fekk ikkje born i lag, og Maren døydde som almiselem i Bergen 21.3.1838. Ho vert oppgjevi til 67 år og skal soleis vera fødd kring 1771.Men kven var denne Maren Elisabeth Lorentz? Eg kan ikkje sjå at ho er barnefødd i Bergen, og ho finst heller ikkje i FT1801, korkje i Bergen eller nokon anna stad i Noreg!Derimot ser eg av FamilySearch at det var fleire personar med dette namnet fødde ulik stader i Tyskland i 1760- og 1770-åri. Kan ho vera flytt til Bergen frå Tyskland etter 1801?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få blåsa litt støv av dette spørsmålet frå sist vinter som framleis står utan svar. Er det von om at einkvan dreg kjensel på denne dama i Bergen?Eg takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Lars,Berre eit lite 'sidespørsmål'; Har du funne dette paret ved FT1815 ? Eg har prøvd eit raskt søk utan hell!M.v.h. Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for innlegg!Nei, eg kan ikkje sjå at eg har funne dette paret i FT1815 for Bergen. Då Jens Bremer Kofoed døydde i 1834, var bustaden hans 21. rode nr. 29, men der budde dei i alle fall ikkje i 1815! Kanskje var dei mellombels utanfor Bergen ein eller annan stad...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Då ho gifte seg er ho kalla Maria (ikkje Maren): Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid og Gisle for nye spennande innlegg! Denne Maria Elisabeth ser unekteleg interessant ut:Johann Lorentz Ecklund, regimentsmed, og kona Bertha Larsdotter Klingenberg ser ut til å ha fått fem døtrer i Bergen:* Maria Elisabeth, døypt 16.1.1778* Johanna Laurentia, døypt 14.3.1779, gravlagd 2.4.1779, tre veker gamal.* Udøypt, gravlagd 14.4.1780, ein dag gamal* Johanna Laurentia, fødd 30.4.1781* Elsebe Kirstine, fødd 4.2.1786So, er det verkeleg denne Maria Elisabeth?I so fall, kvar vart det av denne huslyden? Eg har saumfare FT1801, men finn ikkje spor etter dei nokon stad! Kanskje andre har betre auge enn eg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.