Gå til innhold
Arkivverket

[#28773] Kristoffer Olson Bergsdal,Leine


Gjest Roar Paulsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Roar Paulsen

Kristoffer er født 1757.død 1825.Han var gift med Ingeborg Rasmusdatter, død 1801.Jeg har lest bygdeboka og finner dem der,men så er det slutt.Er det noen som kjenner til disse personene og hvor de kommer fra og deres forfedre.Bergsdal tyder på et gårdsnavn,men finner ingen.MVH Roar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per-Ståle Moltu

Kristoffer Olson Bergsdal er frå Bergsdalen (bnr. 1) på Berge Øvre på Bergsøya i Herøy. Far hans heitte Ola Olson og vart 104 år gammal. Han var fødd 1698 og døde 1802. Ola var gift med Marte Antonisdtr., d.1811. Du finn dei i Herøyboka 'Gardar og Folk 2' under Berge Øvre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Då nyttar eg høvet til å forhøyre meg om nokon veit noko om opphavet til mine tipp-tipp-tipp-oldeforeldre Ole Olson Bergsdal (1698-1802) og Marte Antonisdtr.(1721-1811). Ole vart kalla ”anj Konde i dala”, av di han sa konde (for kunne). Dei kom begge til Sunnmøre i vaksen alder. Truleg frå Sogn eller Sunnfjord. Eg har prøvd å finne ut av dette, men har ikkje kome nokon veg. I manntalet for Nordre Bergenhus i 1701 finst opplysningar om 5 Olle Olsen som var 3 år i 1701, og 15 som var 2 år i 1701. Han ”Konde” bør vere mellom desse dersom ein skal stole på at han vart heile 104 år. Det er opplysningar om at han i unge år var involvert i jarnutvinning, så kanskje han var frå ein stad der dei dreiv med dette? Hennar farsnamn Antoni er litt uvanleg, så kanskje det kan gje ein leietråd?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Roar Paulsen

Hei Otto Har nettop vært på biblioteket i Ålesund og sjekket bygdeboka for Herøy.Det stopper der,han var fra muligens Sogn,Sunnfjord.Finner ikke noen flere opplysninger om han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Jarl Runde

I Vestlandsnytt av 21. nov 2000 er ein artikkel om Ole Olsen - Konden - også ein av mine forfedre.Konklusjonen er at han mest truleg var lensmannsson frå Holmedal i noverande Askvoll kommune. Sjå også 'Fjaler Gards og ættesoge' bind I - Holmedal sokn: Her finn ein under Bakke: Ole, 2 år i 1701, son av lensmann Ole Olsen. Eg trur at dette må vere rett sidan det fanst eit jernverk i Saurdalen på andre sida av fjorden for Holmedal på denne tida. Har prøvt å samle saman trådane kring verket i Saurdalen, men der er så mange lause endar -. Men det er ikkje urimeleg at storbøndene i Holmedals-sokna var engasjert i jernverket med frakt, kolutvinning og så vidare og då vert vegen kort til jernverket på Berge i Herøy. Ein kan legge merke til at det sjeldne mannsnamnet Kristoffer vert mykje brukt i Holmedalssokna på denne tida og at ein av sønene til Konden også heitte Kristoffer. På spørsmål til Statsarkivet i Trondhjem om papira etter Nordfjeldske Bergamt, får eg til svar at desse kom bort i ein brann. Men kanskje kan der vere nokre leietrådar i Overbergamt-arkivet i Riksarkivet, om nokon vil byrja å leite?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.