Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#28794] Thomas Olson Ugulen, f. Luster 1856 - til Grefsen i Christiania - huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Thomas Olson Ugulen, fødd i Luster i Sogn 7.11.1856, voks opp i Hafslo der han 30.4.1886 gifte seg med Metta Malene, kjend som Malena Andersdotter Sviggum, fødd i Hafslo 9.2.1859. Thomas og Malena var gardbrukarar på Ugulen i Hafslo til dei i 1891 flytte til garden Kjølsrud på Grefsen i Christiania. Thomas Ugulen skal vera avliden på Kjølsrud i slutten av 1890-åri, og Malena flytte som enkje til garden Stuenes ved Arendal der ho skal vera avlidi kring 1902. Dei fekk fem born:* Øllegaard Klingenberg Nitter Thomasdotter Ugulen, fødd i Hafslo 24.4.1887, flytte til Christiania med foreldri sine i 1891, men skal vera avlidi i ung alder(?).* Ole Klingenberg Thomasson Ugulen, fødd i Hafslo 9.7.1888, flytte òg med foreldri til Christiania i 1891 og vart sidan oppalen hjå morsfolket sitt i Arendal, mewn fór før 1906 vidare til Amerika der han visstnok døydde ugift kring 1908.* Anders Nitter Thomasson Nitter, fødd i Hafslo 21.11.1889, flytte likeins til Christiania med foreldri i 1891 og vart òg sidan oppalen hjå morsfolket sitt i Arendal. Han utvandra i 1906 til Amerika, men kom sidan attende til Noreg og busette seg i Arendal. Han skal vera avliden ved eit ulukkeshende i Juksabø(?) i 1950.* Karen Susanna, kjend som Susanna Thomasdotter Ugulen, fødd i Christiania kring 1891, skal ha utvandra som barn til Amerika og var gift med ein Alcott(?), men er ikkje funni att der borte!* Tomina, kjend som Mina Thomasdotter Ugulen, fødd i Christiania kring 1893, skal òg ha utvandra som barn til Amerika, men døydde visstnok ugift.Eg er særleg oppteken av å finna svar på nokre av desse spørsmåli:1) Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til Thomas Ugulen?2) Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til Metta Malene Ugulen?3) Næyaktig dato og stad for dødsfallet til dotteri Øllegaard Ugulen?Eg reknar med at i alle fall to av dødsfalli skal vera å finna i Christiania...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Så vidt jeg vet var det ikke noen Grefsen-gård i Kristiania, derimot i Aker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

1900 Disse ser mistenkelig like ut som de du etterlyser Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Anders 1900 LenkeDet kan jo se ut som om Malene allerede var død 1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Svein Arnolf og Berit for innlegg! De lyt orsaka at eg ikkje er heilt stø når det gjeld geografien i gamle Christiania. Eg lyt tilstå at eg nok er betre kjend i Minneapolis!Elles kan det ikkje vera mykje tvil om at Berit har funne rette folki. Eg er forundra over at dei kalla seg for Berge; det var rett nok fødestaden til Thomas Olson i Luster, men han skreiv seg aldri for Berge so lenge som han budde i Hafslo!Eg ser av emigrantprotokollane over Kristiansand at Susanna og Tomine BERGE utvandra til Amerika i 1907, men eg har enno ikkje klart [ finna dei att i Amerika! Ei ny utfordring?Elles vonar eg framleis at nokon kan hjelpa meg finna dødsdatoane til Thomas og Metta Malene i Austre Aker/Austre Moland?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få trekka fram att dette tema frå i fjor. Eg saknar framleis dødsdatoane til Thomas Olson Berge i Austre Aker og kona Metta Malene Sviggum Berge i Austre Moland (mellom 1891 og 1900).Er det nokon som sit med dei naudsynte kjeldene og som kan hjelpa meg? Den enklaste måten å leita etter desse folki på, er å gå gjennom kolonna for fødestad, som skal syna Lyster eller Hafslo. Då kan ein jo òg oppdaga andre utflyttarar herifrå, som me so langt ikkje har funne...Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.