Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#29009] Edvard Myhre og Karen Eriksen - baptistar Tromsø/Bergen/Bodø/Bergen 1880-talet?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Kari Eriksdotter Sviggum frå Hafslo i Sogn, kjend som Karen Eriksen, var fødd i Hafslo 4.7.1847, men flytte alt i 1850(?) til Bergen. Ho gifte seg mellom 1875 og 1880, truleg i Tromsø, med bøkker Edvard Myhre, fødd i Trondheim mellom 1849 og 1854. Han var alt komen til Tromsø i 1875, men var då ugift. Edvard og Karen budde ei tid i Tromsø, men flytte i 1883 (attende) til Bergen der dei då skal ha vore medlemmar av baptistkyrkjelyden! So skal Edvard og Karen ha vorte skilde kring 1888, men ved FT1900 bur dei på ny i lag som mann og kone i Bodø! Då er Edvard kalla for fiskar. Ved FT1912 for Bergen er Karen Myhre attende der, men vert då sagt vera ugift!! Ho døydde i Bergen 4.6.1925. Kvar det vart av Edvard, har eg ikkje klart å finna ut!Det levde att to born etter Karen Myhre i 1925:* Arthur Emil Edvardson Myhre, fødd i Tromsø 10.6.1880, døydde i Bergen 1.3.1942. Han var gift med ei Petra og fekk i alle fall fire døtrer, men denne huslyden har eg førebels ikkje klart å spora opp!* Inga Elfrida Edvardsdotter Myhre, fødd i Bergen i 1884 og truleg døypt i Baptistkyrkja??, var i 1925 busett i London, men utan at noki nærare adresse vart oppgjevi!Dessutan hadde Edvard og Karen nok ein son:* Karl Villiam Edvardson Myhre, fødd i Bergen 30.6.1886, men skal vera avliden i ung alder(?)Eg har fleire spørsmål om denne huslyden, som eg vonar at nokon kan hjelpa meg med:a) Er det mogeleg å identifisera opphavet til Edvard Myhre i Trondheim? Eg finn ikkje nokon som høver i FT1865!b) Kan vigsli til Edvard og Karen finnast? Mest truleg i Tromsø kring 1880!?c) Kva med lagnaden til Edvard Myhre etter 1900? Kanskje døydde han i Bodø mellom 1900 og 1912?d) So er eg svært interessert i fleire opplysningar om dotteri Inga Elfrida og lagnaden hennar i London!?Denne huslyden må vel sjåast på som ei skikkeleg utfordring eller ''påskenøtt'', men med so mange dugelege forskarar i Brukarforumet har eg godt håp om at i alle fall noko kan finnast!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten for godt innlegg. Eg hadde ikkje tenkt på FT1885, men det er jo utan tvil den rette huslyden du har funne!Men, når det gjeld Edvard Myhre, so har eg funne han i Tromsø i 1875 som bøkker, eit yrke han òg er oppgjeven med som barnefar i Bergen i 1886.Eg vonar på fleire ''funn'' og takkar på ny for god innsats!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest per helge seglsten

Men dette må vel være en annen Edvard Myhre i Tromsø i 1885? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.