Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Vilhelm Gravdal

[#29803] Hordalendingar som vart mellom 103 og 104 år før 1995

Recommended Posts

Gjest Vilhelm Gravdal

Under arbeid med å spora opp landets eldste personar, har me no funne namnet på dei frå Hordaland som vart over 105 år og døydde i 1986 eller seinare.Me manglar derimot namn, fødsels og dødsdata for nokre 104-åringar (og 103-åringar) som døydde før 1995. Kan nokon hjelpa med opplysningar om desse personane?Kvinne frå Bergen (1882-1986), Kvinne frå Odda (1883-1987), Kvinne frå Bergen (1884-1988), Kvinne frå Jondal (1885-1989), Kvinne frå Øygarden (1885-1989), Kvinne frå Bergen (1887-1991), Kvinne frå Sveio (1887-1991), 2 kvinner frå Bergen (1888-1992), Kvinne frå Sveio (1890-1994), Kvinne frå Granvin (1890-1994), Mann frå Etne (1883-1987), Mann frå Vaksdal (1884-1988)og Mann frå Bergen (1886-1990).Er og interessert i namn og opplysningar om folk som vart over 103 år før 1986.MvhVilhelm Gravdal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Tipptipptippoldemor mi Valborg Gunnarsdtr Fjæra, gift Bråskot levde frå 1793 til 1897, det står litt feil i Skånevikssoga. Eg har ikkje sjekka kyrkjeboka. Ho budde i den delen i av Skånevik, som i dag høyrer til Etne kommune.[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=25495&sok=valborg&startnr=&antall=&spraak=>LenkeDet var også ein Peder Olsson Rullestad, som vart mest like gammal. Men ettersom han var fødd før Skånevik fekk kyrkjebøker, er alderen ikkje til å stola på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vilhelm Gravdal

Takk for opplysningar om Valborg Gunnarsdtr. Fjæra, g. Bråskot og Peder Olsen Rullestad. Er det nokon som har funne opplysningar om eksakt kva tid Valborg døydde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rolf Erik Veka

Andreas Sæterdal 1884-1988. Han var fødd på bnr. 9 i Sedalen, brukar av bnr. 6.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rolf Erik Veka

Beklager, Sedalen er i Vaksdal kommune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roald Sjursen

HalloMin kones tipoldefar ble fødd 1/12-1835 og dødde 27/3-1935. Han het Ludvig(k) August Ludvigsen, bodde på Askøy og senere i Laksevåg. Han er omtalt under [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=14260&sok=Roald+Sjursen&startnr=&antall=&spraak=>LenkeSe forøvrig andre debatter om gamle nordmenn/kvinner

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Eg hadde håp om at kyrkjebøkene for Skånevik snart kom på nett; arbeidet var godt i gong i oktober i fjor. Men det kan tenkjast eg kjem til låna inn mikrofilmar, for å sjekka Valborg og andre.Mann frå Etne 1883-1987 meiner og også er frå Skånevik, nokre km frå sentrum. Eg meiner eg har lese om han i ei av Skånevikssogene, men no kjem eg ikkje på kva gard han er i frå. Det er også ein mann på ca 104-105 år som framleis lever i Skåneviksområdet; det stod om han i avisa sist han fylte år. Eg skal saumfara Skånevikssogene i helga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Andersen

Hei Roald og andre! Vedrørende dødsdatoen til Ludvig August Ludvigsen. Nei, ikke 27.03.1935, men 27.03.1939, noe lenken forøvrig også vil vise. Mvh. Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roald Sjursen

Takk ArneAv en eller annen grunn blingset jeg med tallene.Roald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vilhelm Gravdal

Til Rolf Erik: Takk for opplysning. Då har me namnet på mann frå Vaksdal 1884-1988,Andreas Sæterdal. Kjenner nokon til fødsels- og eller dødsdato for han?Til Roald: Takk for opplysning om Ludvig August Ludvigsen på Laksevåg, Askøy. Det er vel han som er å finna i folketeljinga for 1900. (Her er og nemnt ein son til i høve til dei borna som er nemnt i lenka)Til Marie: Takk for innspel. Ser fram til å høyra meir frå deg. Namnet på den nolevande 104-åringen frå Etne har me, men skal vel i prinsippet ikkje nemnast. Ta evt. kontakt på vilhelm@gravdal.net.Til Arne: Takk for innspel. Lenka falt visst ut?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Polden

Kanskje ikkje fullt so gamal, men eg kjenner til ei kvinne i Fjell som var fødd i januar 1903, som framleis lever. Eg kan og fortelja om både navn, fødestad og bustad, men ikkje i eit so offentlig forum. Mvh Magne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rolf Erik Veka

Andreas Sæterdal f. 08.12.1884 d. 13.06.1988.Etter mine opplysningar for Vaksdal er det to persona.'Oline J. Takvam f. 18.04.1861 på Indre Takvam, Haus. d. 06.08.1964 på Dale.Maria L. Lillejord f. 28.03.1860 på Øvre Helland bnr. 1, Modalen. d. 24.06.1965 på Vetlejord, Eksingedalen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vilhelm Gravdal

Gode opplysningar frå Vaksdal! Takk igjen. Er det kyrkjebøker frå området som er kjelde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rolf Erik Veka

Hei Vilhelm! Kan du kontakta meg på rolferik@carebed.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

'Mann frå Etne' (1883-1987) var ikkje han eg tenkte på frå Skånevik. Eg tenkte på Gerhard Johnsson Andersen, som budde på Milja. Han var fødd i 1887, men eg har ikkje funne ut kva tid han døydde. Han vart over 100 år, men kanskje ikkje 104. Eg vil framleis vera på utkikk etter han som var fødd i 1883; kanskje eg finn han tilfeldig i ei av Etnesogene.Den eldste personen (i moderne tid)i gamle Skånevik kommune var (i følge bygdebokforfattar Anders Haugland) Siri Torkjelsdotter frå Sponavikjo under Lauvvik. Ho levde frå 1853 til 1960. Ho var syskenbarn av eine oldemor mi. Ho vart gift med Lars Monsson og budde då i Skånevik sentrum. Mannen vart ganske snart helseveik, så ho laut påta seg allslags arbeid rundt omkring. I tillegg hadde ho ein stor barneflokk, den yngste fødd då ho var 47 år. Mormor vart ho 94 år gammal. Men desse opplysningane har du vel kanskje frå før!Eg sender privat mail om han 104-åringen som lever, men eg vil jo tru det er same mann me har i tankane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Erik Aas

Jeg aner ikke om du er klar over Gravminner i Norge, tilrettelagt av DIS-Norge på http://www.disnorge.no/gravminner/Jeg tok et søk på 1888-1992, der fant jeg Hjørdis Lepsøe, Bergen, 12.10.1888 – 02.05.1992, sammen med tre andre utenfor Hordaland.Så her er det sikkert flere Hordalendinger å plukke opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vilhelm Gravdal

Til Marie: Siri Torkjelsdotter frå Sponavikjo under Lauvvik som levde frå 1853 til 1960 hadde me ikkje informasjon om! Takk for den! Ved sin død kan ho ha vore den nest eldste i landet. Det er registrert ei kvinne som døydde 108-109 år gammal i 1961, så ho var nok den eldste, og så var det ei til som var fødd i 1853 og døydde i 1960. Dessutan fortel statestikken om 4 menn som levde frå 1854 til 1960. Namn og fødselsdatoar for desse har me heller ikkje, og kan følgjeleg ikkje seia noko sikkert om ho var landets nest eldste.Men er det nokon som kan opplysa om fødsels- og døds-dato for Siri Torkjelsdotter og kva ho bruka til etternamn som gift?Til Jan Erik: Takk for tipset om Gravminner i Norge og datoar for Hjørdis Lepsøe. Eg fann ikkje fleire hordalendingar der, men derimot nokre frå andre stader i landet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Norsk ukeblad har denne veka ein artikkel om Ingeborg Berthea Thunes, busett i Os, som i desse dagar vert 108 år gamal - og er Noregs eldste levande person. Ho har vore omtala tidlegare i pressa, m.a. då ho som 106-åring vart kalla inn til fyrste klasse i skulen (sidan dataregisteret til kommunen trudde ho var 6 år gamal). Men ho var, då artikkelen vart skriven, i live - og er det truleg framleis.Elles står det i det same bladet at eldste nokon gong i Noreg var frå Stadlandet og døydde 111 år gamal for nokre tiår sidan.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Denne stadig tilbakevendande feilopplysninga om at Laura Svehaug på 111 var Norges eldste, prøver vi å utrydde, men det ser ut til å vere er vanskeleg! Eg har kontakta Norsk Ukeblad for å få retta det der, og forhåpentlegvis får eg vite kjelda deira óg, slik at eg kan få gjort eit forsøk på å rette det der og.Norges eldste skal vere Maren Bolette Torp, 1876-1989; 112 år og 16 dagar gammal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Erik Aas

Bare et par små rettelser til de to siste innleggene.Norges eldste har etternavnet Thuen, ikke Thunes, som etternavn.Maren Bolette Torp (21.12 1876 – 20.02 1989), ble 112 år og 61 dager.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg beklagar at eg tasta feil slik at 61 blei 16, det var ein rein trykkleif.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det same var det då eg skreiv Thunes i staden for Thuen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Siri Torkelsdatter er kalla Berge i 1900: LenkeEg skal prøva å finna fødsels- og dødsdag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vilhelm Gravdal

Har ikkje fått så mykje nytt sidan sist om dei eg etterlyste i perioden 1986-1994. Eg har derimot fått opplysningar om nokre fleire som vart over 103 år før 1986:Marta Malena Ådland, Fusa, fødd 24.05.1873 og død 22.09.1979. Ho vart altså 106 år, 3 månader og 29 dagar.Kari Ro, Evanger, Voss, f. 1867 (manglar dato), d. 105 eller 106 år gammal i februar 1973.Egil O. Soldal, Øystese, Kvam var fødd 08.10.1880 og døydde 23.09.1985, 104 år gammal, 11 månader og 15 dagar.Andrea Randine Johnsen f. 05.01.1871, d. 13.04.1975, Voss. Ho vart 104 år, 3 månader og 8 dagar.Marta A. Selheim fødd 03.08.1864 død 02.05.1968, Voss, 103 år, 8 månader og 29 dagar.Anna B. Steffensen, f. 14.09.1876 d. 08.02.1980, Bergen 103 år, 4 månader, 25 dagar.Jon Haugstvedt f. 25.12.1814 d. 1918 (dato manglar), Strandebarm.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Her er fødsels- og dødsdato på Siri Berge, Skånevik:Ho var fødd 25.11.1853 og døydde 16.04.1960, så ho vart altså 'berre' knapt 106 1/2 år. Eg fann gravstøtta hennar på kyrkjegarden i Skånevik i går.Ingeborg Thuen på 108 år frå Os, døydde no i juli, eg hugsar dessverre ikkje datoen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×