Gå til innhold
Arkivverket

[#29803] Hordalendingar som vart mellom 103 og 104 år før 1995


Gjest Vilhelm Gravdal
 Del

Recommended Posts

Gjest Vilhelm Gravdal

Takk for god innsats og for opplysningane om Siri Berge. Ho vart eldre enn alle hordalendingane i perioden 1964-1980. I perioden etter 1985 har 13 hordalendingar blitt eldre enn henne, den eldste Laura Svehaug i Bergen som vart 111 år og 3 1/2 månad i 1998. Som nummer 2 er Hordalands til no eldste mann, Severin K. Fosse frå Meland. Han mangla knapt ein månad på 109 år då han døydde, også i 1998.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Marie Skålnes

Valborg Gunnarsdotter Bråskot (f. Fjæra) som eg nemner under 3 døydde 12.07.1897. Ho vart døypt 29.12.1793. Opplysningane er henta frå Døde og begravede i Aakre Sogn, Skaanevik, som no er skanna inn her på DIS.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Kari Ro, Evanger, Voss, f. 1867 (manglar dato), d. 105 eller 106 år gammal i februar 1973:Ho vart fødd 21. september 1867 som dotter av Johannes Larsen Ro og kona Ingeborg Nielsdtr. (Evanger sokn)Jon Haugstvedt f. 25.12.1814 d. 1918 (dato manglar), Strandebarm:Han døydde som forhenverande lærar på Bru i Strandebarm 10. oktober 1918.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

(Bernt) Martin Knutsson Svortland ble födt i 1891 og döde i 1994 på Bremnes, Bömlo. Han var sönn av Knut Olai Svortland (1864-1952) og Berta Margrete Stavland (1859-1949).Jeg har dessverre ikke datoer å stille opp med for födsel og död.Dette hörer ikke akkurat hjemme her, men jeg har noen morsomme historier om han:I julen 1993, var familien samlet på Bömlo eldrehjem og han satt der og lurte på hvem den ene og den andre var. 'Kin e du son te?' spurte han så sin sönn (min firmenning) 'Eg er son til Martin K. ' svarte han. 'Leve han enno?' 'Han gjer det ja,' svarte sönnen. 'Ja, då må han vera hortig gamal,' sa gamlingen.Den siste gang jeg traff ute, var han vel 100 år gammel og jeg tenkte at han nok ikke husket hvem jeg var. 'God dag, Martin,' sa jeg. 'Vet du kvem jeg er?' 'Nei, det veit eg nok ikkje, eg e vorten så gamal no.' 'Ja, det er ikke så rart at du ikke husker meg da, ' sa jeg. Da kikket han på meg med et lurt blink i öyet og sa 'Men eg syntest no liksom du har ein fransk aksent.' Jeg ble bare stående der og måpe, men gamle Martin fikk seg en god latter. 'Eg e no ikkje vorten so gamal at eg ikkje veit kven dötrene til Henningen e,' la han til.Humöret det hadde han visst til det siste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg hugsar at Martin Sortland dukka opp på eit ope møte i den kommunale barnehagenemnda; han må ha vore i 90-åra den gong!Martin var forøvrig gift med Inga Rafdal frå Åkrafjorden, som må ha døydd for mange 10-år sidan. Ho var ein av etterkommarane etter min 3tippoldefar heime i Skålnes. Ho var også søskenbarn av min onkel (tantes mann) som døydde for nokre år sidan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vilhelm Gravdal

Takk for bidrag. Prosjektet går sin gang vidare med innsamling av opplysningar om oldingar frå heile landet, om ikkje alt blir oppdatert her. Av dei som vart etterlyste i innlegg 1) manglar me per idag namn og fødsels- og dødsdatoar berre på følgjande fire personar frå Hordaland:Ei kvinne frå Bergen som levde 1888-1992, (døydde før eller etter fylte 104 år),Ei kvinne frå Granvin som levde 1890-1994, (ho døydde før fylte 104 år),Ein mann frå Etne som levde 1883-1987 (han døydde etter fylte 104 år) ogEin mann frå Bergen som levde 1886-1990 (han døydde før fylte 104 år). Har nokon tips om namn på nokon av desse?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Hei, kva med denne henta frå gravsteinane til DIS-Norge:77644 Hjørdis Lepsøe Heitmann 1210 1888 0205 1992 k Haukeland G00 1 4 Vis Møllendal Bergen Bergen Domkirke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.