Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#29862] Nils Knutson Kjørlaug (1858-1939?) frå Hafslo til Bolsøy - detaljopplysningar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nils Knutson Kjørlaug, fødd i Hafslo i Sogn 9.4.1858, og andre kona hans, Ingeborg Hermundsdotter, fødd i Hafslo i Sogn 12.3.1847, flytte i 1905 til garden Kleive i Bolsøy der Ingeborg skal ha døydd før 1911, for då gifte Nils seg att med enkja Olava Davidsdotter, fødd i Fræna 1.4.1866. Nils og Olava budde visstnok fleire stader i Bolsøy, til sist på garden Røbekk der Nils skal ha døydd kring 1939. Olava døydde same staden kring 1958.Kan nokon hjelpa meg med naudsynte oppslag i lokale kjelder (bygdebøker eller kyrkje-/klokkarbøker) for å finna desse opplysningane:* Dødsdato for Ingeborg Hermundsdotter (Kleive i Bolsøy kring 1905-1911)?* Dødsdato for Nils Knutson (Røbekk i Bolsøy kring 1939)?* Dødsdato for Olava Davidsdotter (Røbekk i Bolsøy kring 1958)?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Jeg har tatt en kikk på klokkerboka for Kleive sogn i Bolsøy prestegjeld for perioden 1905-1911, men fant ikke begravelsen av Ingeborg. Jeg fant heller ikke vielsen til Nils og Olava. Har du noen opplysninger om hvor vielsen skal ha vært?Dessverre fant jeg heller ikke noe av interesse i Bolsøyboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Knut for freistnader på å finna dødsfallet til Ingeborg Hermundsdotter! Eg er svært overraska over at du ikkje finn noko, for Jonny Lyngstad i Eide har referert til meg frå Bolsøyboki bd. 2, s. 627 at Nils Knutson og kona Ingeborg 15.7.1905 kjøpte bnr. 7 av Kleive på auksjon! Siste ekteskapet til Nils Knutson fann stad i Eide 23.4.1911 der Olava då budde!So ddødsfallet til Ingeborg Hermundsdotter er eit skikkeleg ''mysterium''...!? Kan ho vera avlidi på sjukehuset i Molde?Eg vonar framleis på fleire opplysningar og takkar på ny for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

En liten glipp, Lars. Det var under Røbekk jeg ikke fant noe i Bolsøyboka. Jeg skal se hva jeg kan finne under Kleive.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nils Tore Leivdal

Om Nils Knutson Kjørlaug finn du opplysningar i Gjemnes bygdebok bind 5.s.198

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein forseinka, men like hjarteleg, takk til Knut og Nils Tore for dei siste innleggi frå juni.Eg har ikkje fått tak i bygdeboki for Gjemnes, men eg har vore i kontakt med kyrkjelydskontoret i Bolsøy, og der har eg fått dødsdatoane til Nils Knutson (1.1.1936) og Olava Davidsdotter (31.10.1956). Dessutan fann dei ei GRAVFERDSDATO for Ingeborg Hermundsdotter: 10.4.1908. Er det mogeleg med so detaljerte opplysningar å finna den nøyaktige dødsdatoen hennar?Eg takkar på ny for all den gode hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Fra bygdeboka for Bolsø (bd. 2, s.627): «Kleive, bnr, 7, ... Fra Ole Davidsen Kleive til Erik Andersen kleive, dat. 26/9, tingl. 20/10 1888. Auksjonsskjøte til Kari Nilsdtr. Kjørlaug, dat. 15. tingl. 24/7 1905. Skjøte fra Johan Sylte og hustru Kari, f.Kjørlaug til Ole Johnsen Amundgård, dat. 30/4, tingl. 15/5 1923». Stoler vi på dette, var det altså ikke Nils som kjøpte dette bruket, men datteren og svigersønnen. Men Nils og Ingeborg kan jo selvsagt ha bodd der de også, - kanskje også før 1905.Fra bygdeboka for Gjemnes om gnr.41 bnr.13 Haltbakkan (bd.5, s.199): «Nils Knutson Kjørlaug var brukar frå ca.1914 til 1923. Nils Kjørlaug dreiv med gardhandel og krøterhandel og han kjøpte og selde skinn. Ei kort stund hadde han gard i Søvika og i åra 1912-1914 eigde han Nilshåjin på Astad. (...) Dei fekk sonen Ole f.1878, som kort stund i 1910 var eigar av bnr.10 under Halåsen i Eide. Nils Knutsn gift 2.g.1882 i Hafslo med Ingeborg Hermundsdotter Eikum f.1847. Ho døde truleg på Kleive der dei kjøpte bnr.på Kleive i 1905. Dei fekk ei dotter, Kari f.1883 på Gjelet. Ho vart gift med Johan Alfred Anderson Sylte, Fræna f.1879. Dei tok over garden på Kleive og var eigarar fram til 1923. Da flytta de til Eide. Nils Knutson gift 3.g. med enka Olava Davidsdotter f. Farstad, Fræna 1866, d.1956. Ho hadde tidlegare vore gift med Hans Martin Jonson Halaas f.1867, d.1906. Olava og Hans Martin hadde to barn: a)Olava Sofie f.1903, g.med Anders Antonsen Røbekk. (...) b)Josefine Marie f.1905, d.1931. Ugift. Etter at Nils Knutson og Olava selde Haltbakkan, kjøpte dei bnr.5 under Krakalia, Eide. Her var dei i to år, før dei flytta til Bådalen, Averøya. Der hadde dei gardsbruk i Hol og i åra 1927-1932 eigde dei også bruket Ner-Rabben under Gustad. ...»Her sies det også at Ingeborg (trolig) døde på Kleive, men selv med gravferdsdatoen, kan jeg ikke finne begravelsen hennes i kirkeboka for Kleive (jeg tror det var klokkerboka jeg så i?) og heller ikke i Røvik. Enten må klokkeren ha glippet litt, eller så ble hun begravet et annet sted i Bolsøy, - kanskje i Røbekk kirke eller i Molde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×