Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Mariann Stokken

[#29880] Bjørkedal, Volda.

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Eg fekk eit spørsmål i ettermiddag om eg kunne finna slektningane hennar...Og for ein gongs skuld var det eit svært vellukka søk, det hender eg er 'bråheldig'!! :-)Eg har funne så mykje at eg er komt til 'vår tid', og då melder problemet seg, altså: Knud Olai Pedersen(Nordre Bjørkedal)f.1847, giftar seg 1877 med Ingeborg Marie Jakobsdtr.(Indre Høydal).Dei får(etter det eg har funne her på Dig.ark)tre søner, Peder f.1878, Jakob Laurits f.1881, Albert f.1885.Eg har også funne at Peder giftar seg 1904 med Anna Rasmina Hansdtr.(Djuvik)f. i 1877.Fekk Anna og Peder born?Gifta dei to andre brørne seg? fekk dei etterkomarar?Eg reknar med at det kanskje vert omtale av personar som er no-levande, difor kan du senda meg ein e-post dersom du veit noko: mastokk2alfakrøllonline.noVenleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Du kan kome litt lenger v.hj.a. Voldasoga (Aarviknes). Knut Olai og Ingeborg flytta til Sandvika (bnr.16 Søre Bjørkedal) og boka (bd.3 s.316) opplyser om dei tre sønene: Jakob for til Amerika, d.1914; Albert d.1970, budde på garden, g.1914 Marta Danielsd. Søre Bjørkedal, d.1969, tre born nemnde; Peder busett i Nymark, (Vassbotn bnr.6) (b.2 s.131), gift som du skriv, 4 born nemnde (f. 1905, 1907, 1913, 1919).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk skal du ha Ivar!Eg hadde sett pris å fått namna på desse borna, men eg har ikkje fått snakka med Torunn (som spurde om hjelp til å finna opplysningar) enno, så eg veit ikkje kva ho vil....Men visst nokon hadde kunna skrive det til meg på epost, hadde eg sett pris på det :-)Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Eg har snakka med Torunn, og ho var svært interessert i om ho hadde slektningar som er på hennar alder, så takk så mykje til Odd Brede som sende meg epost om nolevande :-)Han hadde ikkje noko om slekta etter Peder og Anna Bjørkedal, så visst nokon har noko om dei, så er det fint!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det kan det vel verte ei råd med.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk til Ivar, enno ein gong :-)Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Dette temaet omhandlar Knut Olai Pedersen f.1847 N.Bjørkedal.Etterkomarane til det som eg har funne ut er syster(Kanutte f.1842) hans påstår at dei aldri har høyrt at der var noko bror...Men det er det eg har funne ut i kyrkjebøkene som ligg ute på nettet(dig.ark) foreldra til Kanutte har akkurat same namn og bustad som foreldra til Knut Olai!Kan nokon sjå etter i bygdeboka??Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Hei!I Voldasoga - bind 3 - Nøre Bjørkedal - side 255 -under bruk 5 Toreneset:1841. Peder Pedersson Helset, g. 1841 m. Ane Berte Knutsdotter Bjørkedal. Peder kjøpte bruket av Knut Olsson (forrige bruker) i 1841, men selde det til handelsmann Knut Danielsson Bjørkedal. Ane Berte, d. 71 år gl. 1890. - Born:1. Kanutte, f. 1832. Ho søkte Volda formannskap i 1868 om attest til å verte oppteken ved jordmorskule, g. 1871 m. Knut Knutsson Tenfjord.2. Knut Olai, f. 1847, br. garden.1847. Knut Pedersson Bjørkedal bygsla av handelsmann Knut Bjørkedal. Då enkja etter handelsmann Knut Bjørkedal selde garden til andre, flytte Knut til Sandvika og rydda seg ein plass der (sjå der)Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Ja, eg var eigentleg ikkje i tvil, men sidan tanta til Torunn påstod at ho aldri hadde høyrt om nokon bror av bestemora si, så....Hjarteleg takk skal du ha!!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.