Gå til innhold
Arkivverket

[#29892] Anders Christenson og Inga Pedersdotter på Fjølestad, Gloppen i 1870-åri - born?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Christenson og Inga Pedersdotter gifte seg i Hafslo i Sogn 22.7.1869 og var frå 1870 til 1876 gardbrukarar på Fjølestad i Gloppen før dei flytte attende til Hafslo. Eg veit dei fekk ein son som var fødd i Gloppen:* Christen Andersson, fødd i Gloppen 8.8.1874Ei dotter Inga var fødd i Hafslo 22.12.1869, men ho døydde i Hafslo i 1870. Derimot har eg ein sterk mistanke om at dei godt kan ha fått minst eit barn til, medan dei budde i Gloppen, fødd kring 1871/1872?Fødde for Gloppen er ikkje registrerte på Digitalarkivet, men kanskje einkvan kan hjelpa meg med eit oppslag i t.d. ei bygdebok for Gloppen? Fekk dei fleire born og i so fall kva tid? Namn?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er vel giftermålet i Hafslo i 1869 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=HAFSVI&gardpostnr=2612&merk=2612#ovre>LenkeEr dette Ingas dødsfall? Lenke Denne Inga Pedersdatter er oppført med bosted Dversdal, og i 1900 finner jeg en Anders Kristensen, f. 1830, bosatt på Dvergsdal, gift med Johanne Johannesdatter, f. 1848. Da Anders Kristensen giftet seg i Hafslo i 1869 var han 40 år gammel, og det kan stemme ganske bra med f.året (f. ca. 1829/1830). De to sønnene, Peder og Anders, som er nevnt i 1900, kan jo evt. være fra et første ekteskap…Legger i allefall inn lenken Lenke.Noe kan tyde på at Peder og Anders er sønnene til Anders Kristensen og Inga Pedersdatter, for blant døpte i Hafslo finner jeg Peder, f. 1877 Lenke og Anders, f. 1880 (da er Anders og Inga bosatt på Dvergsdal)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for fleire innlegg. I samband med bygdebokarbeidet for Luster kommune (inklusive Hafslo) har eg alt god oversikt over denne ætti, både før dei fór til Gloppen og etter dei kom attende (bortsett frå at sonen Anders Andersson, f. 1880 forsvinn mellom 1891 og 1900 utan at me veit kvar han vart av...).Problemet mitt er at Anders og Inga venteleg fekk minst eitt barn til, medan dei budde i Gloppen, og dette barnet skulle eg gjerne fått med i manuskriptet mitt!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Soga om Gloppen og Breim, bd. IV Gardar og ætter. III Væreid sogn (Sandane 1992) – under gårdsnr. 70 Fjellestad (Fjøstad), nr. 3 Larsbruket (var Katedralskulegods), s. 502:”Anders Kristenson, Hafslo, f. 1831, Hafslo, fekk skøyte på garden, men selde i 1877. G. m. Inga Pedersdtr., også frå Hafslo. Innflytt 1872. Born: Inger, f. 1871, d. 1872. Kristen, f. 1874.”Dette er hva jeg har klart å finne om Gloppen-tiden.Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for nytt godt innlegg! Det var nett den opplysningi eg var på leiting etter! Altso fekk dei ei dotter Inger i 1871 som døydde i 1872!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.