Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#29950] Gjermund Kittelson g. Fyresdal 1840 m. Bergit Mikkelsdotter - hjelp til oppslag?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Gjermund Kittelson frå Stampen i Fyresdal(?), skal ha vore son til Kittel Gjermundson Stampen og kona Hæge Augundsdotter frå Lund og fødd i Fyresdal 14.2.1815. Han gifte seg første gongen i Fyresdal 4.5.1840 med Birgit Mikkelsdotter frå Lillestue i Fyresdal(?). Ho var dotter av ein Mikkel Knutson Lien(?) og kona Anna Karine Knutsdotter og fødd i Fyresdal 1.1.1813. Parfolket utvandra i 1843 og busette seg i Norway township, Racine Co., WI.Gjermund vart sidan enkjemann og gifte seg att med ei jente frå Luster i Sogn.Er det nokon som kan hjelpa meg med nokre tilleggsopplysningar om denne huslyden, til dømes med hjelp av bygdeboki for Fyresdal:* Er det ein gard i Fyresdal som heiter Stampen, eller er Stampen eit plassnamn? Var foreldri til Gjermund Kittelson gardbrukarar eller plassfolk?* Er Lillestue eit gardsnamn eller eit plassnamn? Og kvar kjem Lien inn som gardsnamn? Var foreldri til Birgit Mikkelsdotter gardbrukarar eller plassfolk? Og endeleg: kva gard i Fyresdal var mori Anna Karine Knutsdotter ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kari Aabelvik Sahlin

Hei!Dette er fra Fyresdal gards-og ættesoge:Stampen er en husmannsplass under Gryte Søndre. Kjetil Gjermundson Øvretveit og Hæge Augundsdtr.Borgen var vekselvis husfolk og innerster på div.bruk.Husmenn på Stampen.På Birgit Mikkelsdtr.står Lislestog,Lien /Væting. Hennes foreldre står som husfolk på Lien u/Væting(forøvrig de siste husmannsfolk her) Anne Karine Knudsdtr.,kommer fra Momrak.Mvh Kari

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon K. Valebjørg

Stampen er ein nå nedlagd plass under søndre Gryte. Far til Gjermund (1815-)var Kjetil Gj. Øvretveit (1792-). Mora var Hege Augunsdtr.Borgen (Borja)1790-. Dei hadde 9 born, men bare Gjermund og Olav nådde vaksen alder. Far til Birgit (1813-)var Mikkel (Skjotar)Knutson Jorde/Graver (1774-1844). Mora var Anne Karine Knutsdtr. Momrak (1798-1823), men er ikkje å finne under omtale av desse gardane. Ekteparet er nemnde på Lien/Væting (nedl.)Desse fam. flakka og flytte mykje.Dei er nemnde som husfolk,innerstar og lutbrukarar på fleire stader,men det måtte vere framdrift i dei,for dei er å finne blandt dei aller fyrste som for til Am.(1843).Stampen heiter så for her var det 'Stampe'd.v.s ein innrettning til å behandle vadmål slik at det vart tett og mjukt.Stampa i Juvet var vassdriven, og skaffa vel nokre ekstra skillingar på ein mager plass.Er det interesse for fleir oppl.om Gjermund og Birgit sine slekter så har eg ein god del bakover, men det mest praktiske var vel om eg fekk e-post adr.di. Mi adr.er jonvaleb@start.onMvh Jon

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil J. Tveit

Hei. Eg går ut frå at di interesse for Gjermund Kjetilson kjem frå andre kona hans, Johanne Olesdtr. Hundshammer. Det er mogleg du veit det, men det finst faktisk ein del opplysningar om desse på FamilySearch Lenke Der står det og at 3. mannen hennar og heitte Stampen og var frå Tinn. Det må vel vere feil, eller var dei alt då så moderne at mannen tok konas etternamn. Mvh Egil J Tveit

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil J. Tveit

Hei. Trudde lenka førte til direkte side i FamilySearch, men det gjer den ikkje. Skriv inn Stampen i LastName, og han dukkar opp. Mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tor, Kari, Jon og Egil for mange interessante opplysningar om denne huslyden. De har svart på alle spørsmåli mine, og eg er godt nøgd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.