Gå til innhold
Arkivverket

[#29961] Johannes Gad på Drabløs i Volda


Gjest John H. Aarønes
 Del

Recommended Posts

Gjest John H. Aarønes

Johannes Gad bruker først på 1700-tallet Drabløs og Lillebøe i Volda.Han ble konstituert som Sorenskriver på Sunnmøre i 1722 og i 1724 'andrager' han om konstitusjon som sorenskriver etter Sorenskriver Castberg.Tidlegare i brukarforumet under nr. 2405 er også ein familie Gad omtala. Her er mellom anna nemnt namnetTyge. Et namn som også finst i familien Castberg.I 1716 kaller en J. Gad amtmann Henning Frimann sin prinsipal.Kan nokon hjelpe med opplysningar om Johannes Gad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Litt i alle fall. Johannes og familien er nemnt i dei eldre bygdebøkene for Volda: Dalsfjord bolk II (utg. 1965) s. 179 og Volda-soga bd 1 (1970) s. 303, litt motstridande.Det framgår av desse at Johannes var sersjant (utan kjelde), og at han kjøpte Garden (br.nr. 2 på Indre Dravlaus) i 1719. I 1728 flytta kona iflg. Voldasoga til Halkjelsvik (no Volda sentrum, 'ei stove på Vikeneset') etter at Johannes var død, medan det av Dalsfjordsoga framgår at det var Johannes som flytta i 1728.I alle fall: kona Johanne Katrine vart jordfesta 18. oktober 1741, 53 år gamal. Det vart halde skifte 14. september same år, utan at det framgår av skifteavskrifter i bygdebokarkivet om dei levde eller ikkje da. 'Johannes var død før' står det i Dalsfjordsoga (medan Voldasoga påstår Johannes var død før 1728). Dei hadde i alle fall dottera Drude Rebekka. Ho er òg nemnt i ekstraskattelista frå 1762, busett i Halkjelsvik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Takk for svaret. Desse opplysningane var ukjende for meg.Dei opplysningane som er teke med i innlegg 1, kjem frå Romsdal Amts Kopibog.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Han gjorde med andre ord litt av ei karriere, fra sersjant til 'sorenskriver'.Ellers ser jo årstallet som bygdeboka skriv ang. kjøp av br. 2 på Dravlaus rimeleg ut.Romsdals Amts Kopibog I p. 301 : 'Tingvidne udj følge af det høist. Rentecammers mangler udj Fogden Fogden Nicolai Astrups Regnskaber for 1719, 1720 og 1721 hvorledes det forholder sig med de 2de Brug Johannes Gad bruger nemlig Drabløs og Lillebø efterdj derom i Henseende Oddelskatten er skeed Mangel. -Diverre har eg ikkje dato på dette notatet fra kopiboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.