Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#30000] Frants Andreas Rasmusson, f. Herøy, Sunnmøre 1873 - oppslag i bygdebok?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frants Andreas Rasmusson, i Amerika kjend som Frank Robertson, var fødd på Gjertneset i Herøy på Sunnmøre 7.11.1873. Foreldri hans var gardbrukar Rasmus Rasmusson, fødd 1830 ''Røvde i Sande'', og kona Oluffa Johannesdotter, fødd 1832 i Herøy.Finst det ei bygdebok for Herøy som kan fortelja oss:* Frå kva gard hadde Rasmus Rasmusson opphavet sitt?* Frå kva gard hadde Oluffa Johannesdotter opphavet sitt?* Kva år utvandra Frants Andreas Rasmusson til Amerika?Frank vart farmar i Alberta i Canada og var gift med ei jente frå Hafslo i Sogn, Gretha Marie Pedersdotter Øy.Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Herøysoga (Bjarne Rabben), Gardar og Folk (2.utg. 1979) bd.1 s.575, Gjertnes: Rasmus Rasmusson Indresøvde, Rovde, 4/11 1830-21/7 1900, g.1857 Oluffa Jansd. Wiig, Nerøy, 28/9 1832-6/3 1916.Sandesoga (Bjarne Rabben, 3.utg red. Olav Myklebust 1996), b.2 s.247 Indre Saude: Rasmus Nilsson Havåg, Herøy, 1800-1871, g.1826 Pauline Ingebrigtsd. Indresøvde 1805-

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ivar for glimrande opplysningar om denne huslyden.No manglar eg berre utvandringsåret til Frants!? Eg finn han ikkje over Bergen og heller ikkje over Ålesund...!Med venleg hesing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Martin Aarskog

Det er utgitt et hefte om slekta fra Indresøvde, og som omhandler etterkommerne etter Rasmus Nilsson Havåg, også de som utvandret. Jeg lånte dette heftet på biblioteket for en tid tilbake, men nå er biblioteket nedlagt så jeg har ikke lenger adgang til heftet. Kanskje kan du låne eller bestille det på biblioteket ? Det eneste jeg har notert om Frants er at han var født 7/11 1873 og død 30/9 1951 i Amerka.Hilsen Martin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Martin for interessant innlegg! Det høyrest ut som dette heftet inneheld nettopp det som eg ønskjer å få greie på, ogso om borni etter Frantz i Canada!? Han hadde berre to døtrer, Olivia og Ruby, men båe døydde ugifte, og eg har ingen datoar for nokon av dei...!Men har du ein TITTEL på dette heftet? Det er vel neppe so enkelt å finna det ute mellom publikum, eller...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det er kanskje dette: LenkeElles skulle det vere ei viss von om å finne Frants i Utflytttingslistene i kyrkjeboka for Herøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ivar for siste meldingi!Eg har no vore i telefonkontakt med ein etterkomar etter Emil Indresøvde og fekk opplese kva som stod om Frants og huslyden hans. Det var diverre ikkje so mykje meir enn det som Martin refererte, men ein par detaljar fekk eg, som kan vera til hjelp vidare!Utvandringsåret stod ikkje i boki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×