Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gunnar Sigdestad

[#30015] Røykehaugen i Sogn, kvar er det?

Recommended Posts

Gjest Gunnar Sigdestad

Farsystra til mor mi, Brynhild Synstenes frå Lom gifte seg i 1916 med sonen til ein som var frå Røykehaugen i Sogn, John Hill, som kom til USA 17 år gamal, budde i Mondovi, Wisconsin og flytte seinare til Hancock, Minnesota og Roseglen, North Dakota, der han døydde i juni 1923.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sol H. Ulvestad

Eg veit ikkje, men med hjelp av 'Kartbok for Vestlandet' finn eg 'Røykjedalen' i Luster kommune. I dalen er det avmerka ein gard som heiter Haugen. Frå Røykjedalen og til Sjåk er det ikkje så langt, Så eg vil råde deg til å leite etter vedkommande her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Brynhild Sonstenes (1888-1979) gifte seg med Carl Alfred Hill (1896-1946), ein son av John J. Hill (1858-1923), i Noreg kjend som Johannes Johannesson Haugen. Han kom frå ein husmannsplass Haugen, òg kalla Røykhaugen, under garden Urnes i Hafslo prestegjeld, noverande Luster kommune. Ætti vil verta omskrivi i siste bandet av Gards- og Ættesoga for Luster.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Tusen takk skal du ha, Lars. Det er alltid godt å ha lokalkjende folk. Dersom de treng opplysningar til bygdeboka dykkar, har eg ein del om desse Hillane.Helsing Gunnar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Lars E. Øyane: Eg ser at du skal skrive om Brynhild, f. 1888 i Gards- og Ættesoga for Luster; då skal du vete at noverandre skrivemåte på _garden_ Brynhild kom frå er _Nordistugu Synstnes_ i Lom, så det ikkje vert ståande 'Sonstenes', som for meg tykkjest vera ein 'amerikanisering' av Synstnes. (e'en føre 'nes' har vorte borte i den noverande skrivemåte)Dette kjem til å stå om Brynhild i Lom Bygdabok band III (kjem ut no den syttande):'... 3. Brynhild (Bertha) f. 1888, utfl. 1910 til Amerika, d. 1979. Rydda seg farm i Roseglen, McLean Co., ND ca 1916. Gift 1916 med Carl A. Hill f. 1895 i Mondovi, WI, d. 1946. Bertha flytte seinare til Minot, ND. ...'med vyrdsam helsing,Atle Brandsar, Sygard Synstnes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Takk for omtanken, Atle! Det er rett som du skriv, at Sonstenes er ei 'amerikanisert' form av namnet. Både Ole og Amund brukte denne forma då dei emigrerte, høvesvis i 1904 og 1926. Oldefar Ole O. skreiv seg for Sønstenæs og bestefar Sigurd O. skreiv Synstenes, idag brukar dei Synstnes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar for interessant innspel frå Atle og Gunnar når det gjeld skrivemåten av namn.Det er ofte eit problem at skrivemåten endrar seg gjennom åri, stundom til noko som ikkje er attkjenneleg!Når, i dette tilfellet, Borghild ''Bertha'' skreiv Sonstenes i Amerika, har eg grunn til å tru at namnet hennar opphavleg var Sønstenes, medan ho budde i Noreg, og at bestefar til Gunnar òg skreiv Sønstenes (eller -næs) i yngre år!? For å bøta på slike namneendringar bruker eg skriva ''på'' eller ''frå'' den respektive garden, som i dette tilfellet vil verta til:''...gifte seg med Brynhild Olsdotter Sønstenes frå Synstenes i Lom, i Amerika kjend som Bertha Sonstenes. Ho var dotter av gardbrukar Ole Olson på Synstenes og kona Kari Syversdotter frå Skamsdalen og f...''Men, det kan vera vanskeleg alltid å halda ''tungi beint'' når ein skal tolka lokale gards- og plassnamn, særleg der det er tale om sterk språkkjensle og namn prega av dialekt, som me finn døme på i so å seia heile landet!!Difor er eg svært takksam for slike innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Kjedleg å måtte rette på deg, men:''...gifte seg med Brynhild Olsdotter Sønstenes frå Synstenes i Lom, i Amerika kjend som Bertha Sonstenes. Ho var dotter av gardbrukar Ole Olson på Synstenes og kona Kari Syversdotter frå Skamsdalen og f...''Dette må verta til:''...gifte seg med Brynhild Olsdotter frå Nordistugu Synstnes i Lom, i Amerika kjend som Bertha Sonstenes. Ho var dotter av gardbrukar Ole Olson på Synstnes og kona Kari Syversdotter frå Skamsdalen og f...''Legg særskild merke til at eg har endra _Synstenes_ til _Synstnes_ - Ein lett feil å gjera. Her gjer ein elles ingen feil med ættenamnet, ved rett og slett å vise til noverande skrivemåte på fødestaden. Og så ville eg vidare ha hatt med at ho var fødd på _Nordistugu_ - sidan det er _tre_ Synstnes-gardar. Vidare kjem Bygdebok for Lom III ut no laurdagen, så ei henvisning...?(Eg reknar med at 'Borghild' berre er ei forgløyming...)mvh,Atle Brandsar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.