Gå til innhold
Arkivverket

[#30043] Ingrid Sophie Thompson/Johnson, f. i Noreg 17.7.1845 el 1846 - men KVAR?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Her kjem eg med ei skikkeleg ''nøtt'':Jens Christopherson alias John C. Johnson frå Hafslo i Sogn (1842-1908), utvandra i 1856 og gifte seg i eller kring 1867 (vigsli er ikkje funnen!) med:Ingrid Sophie Thompson eller Johnson, ved ulike høve nemnd både Sophie, Ingeborg Sophie og Emma, men aldri med jentenamn! Ho skal vera fødd i Noreg 17.7.1845 eller 1846. Mor hennar heitte Mari(a) og vert i 1900 kalla Mary Thompson, fødd i Noreg i mars 1816. Ingrid Sophie skal ha utvandra til Amerika med mor si (og sikkert ogso faren?) i 1850/1852. Ingrid Sophie ''Emma'' Johnson døydde i Madison, WI 13.10.1910, og dødsattesten hennar fortel oss at foreldri var ''Johnson og Mary Johnson''!!Den første bustaden til John og Emma var i Red Wing, Goodhue Co., MN der John i 1870 arbeidde i ein jarnvarehandel. Men snart etter skal dei vera flytte, først til Redwood Co., MN og deretter til ein farm i Buckman township, Morrison Co., MN. Kring 1885 vart John utnemnd til postmeister i Mt. Horeb, Dane Co., WI, og huslyden flytte dit!Borni, som kanskje kan seia noko om oppkalling(?), var:* Mary Christine, f. Goodhue Co., MN 1868 (oppkalla etter båe bestemødrene!)* Henry, f. Redwood Co., MN 1870 (oppkalla etter morfaren?? - Henrik/Hans/Hermund/Haagen??)* Charles, f. ?? MN 1872 (oppkalla etter farfaren??)* Martha Amelia ''Mattie'', f. Morrison Co., MN 1875* Clifton, f. i Morrison Co., MN 1877* Emma Carolyn, f. i Morrison Co., MN 1879* Clarence M., f. i Morrison Co., MN 1882* Eva Mae ''Effie'', f. i Dane Co., WI 1887Er nokon i stand til å hjelpa meg finna det norske opphavet til Ingrid Sophie? Eg er merksam på at dette er ei skikkeleg utfordring, men det skal finnast ei løysing der ute ein eller annan stad...!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har i dag motteke nye opplysningar om denne huslyden som KANSKJE kan hjelpa til med å spora det norske opphavet til Ingrid Sophie Thompson/Johnson:Dødsattestane til dei to sønene Henry (1947) og Charles (1942) syner at mori Inger Sophie's jentenamn var DOKKEN! Kan denne opplysningi mogeleggjera ei løysing?Eg vonar, og takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Jon Torp

Lars! Bedre seint enn aldri.Inger Sophia er født 17. juli 1844 og døpt 1. sept 1844 i Hedenstad i Sandsvær.Foreldre: Halvor Johnsen DOKKA og Inger Maria Hansdatter.Buskerud fylke, Hedenstad i Sandsvær, Klokkerbok nr. IV 2 (1840-1844), [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8583&idx_id=8583&uid=ny&idx_side=-141>LenkeInger Sophias foreldre er forøvrig viet her: LenkeInger Marias far sies å være Hans Gundersen, og vi finner Inger Maria døpt sommeren 1815:Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Sandsvær, Ministerialbok nr. 3 (1809-1817), Fødte og døpte 1815, side 46-47.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Torp

I følge VRI er det denne søskenflokken det er snakk om....Father: Halvor Johnsen, Mother: Inger Hansen1. Johannes HALVORSEN - Birth/Christening: 15 Mar 1842 Sandsvaer, Buskerud, Norway2. Inger Sophia HALVORSDATTER - Birth/Christening: 17 Jul 1844 Sandsvaer, Buskerud, Norway3. Hans Jacob HALVORSEN - Birth/Christening: 19 Jan 1847 Sandsvaer, Buskerud, Norway4. Maren Syrine HALVORSDATTER - Birth/Christening: 13 Apr 1849 Sandsvaer, Buskerud, Norway

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Torp

På Ancestry finner du en del om Inger Sophies bror, John H Docken. Han sies å være innvandret 1849, var med i borgerkrigen, var gift og bodde i Minneola i Goodhue co. MN i 1870 og i Morrison co. MN i 1900... osv....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.