Gå til innhold
Arkivverket

[#30077] En Matte Toback?


Gjest Aanund Olsnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Aanund Olsnes

I eit gardsarkiv kom eg over det nedanståande brevet.Som ein vil sjå er innhaldet beint fram nok, men så har eg kome til å lura på kva ei matte tobakk er for noko. Tydelegvis er det ei mengdeeining, men om det går på vekt eller volum, veit eg ikkje.Nokon som veit meir om dette enn meg?Her er iallfall brevet:Velagte Danne Mand Tallev DrengssonEffter eders gode løfte til Tallev Maaler Sender ieg nu eder en Matte god toback, huilcket ieg icke tviler Paa i io giør eders beste dermed og Selger den som den var eders egen,og om icke Reede Penger er for alt for Haanden, da skal ieg tage Smaa Cretur med naar di er for skickelig Priis, og di bliver, om Gud lader os leve til Høsten Sendte hid med ærlige folck der icke forbytter dem, vær saa god og hils Bjørguv Joro fra mig, at han vil giøre mig den tieniste og skaffe mig hvad der er at faa efter Targey Gunstensen som ieg talte med ham om i vinter da hand var her. Fick og høre væl efter om hvor hand hafde borget bort og kunde have til gode.Flittig hilsen fra min Mand er ieg eders villige venindePernille Crestofer Bloms Biaaland d 4 April 1752Ieg Slaar min lid til i giør eders beste for mig Kand ieg tiene eder igien skal det gierne ske. Min millombils kommentar er som fylgjer: Kristoffer Blom på Bjåland var lensmann i Lårdal frå 1736 til 1757. Som me skjønar av brevet ovanfor har han og kona hans også rusla med handel, og gjeve Torleiv Drengsson eit parti med tobakk på kreditt. Kor mykje ei matte tobakk var er usikkert, men ”matte” er elles ei nemning for ein bastsekk, som rømde 144 kg rug, og jamvel om eigenvekta på tobakken sikkert er lågare, blir det likevel ein god porsjon. At dei ikkje er tale om småkvanta, går også fram at ho kunne tenkje seg å få betaling i kretur. Vonleg har både seljar og kaupar kunna hente seg ei hyggeleg forteneste av handelen.-----

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arild Kompelien

Jeg lurte på det samme for noen år siden, og det ser ut som jeg fikk svar på det siden jeg har notert:Tobakk ble i eldre tid solgt i matter. Må tydeligvis ha vært en sekk flettet av bast, hamp eller tauverk. Ei matte tobakk var 50 pund = ca. 25 kg. I matte bestod av 60 ruller hver på ca. 417 gr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund olsnes

Ja, der står det 50 pund og 25 kg.Men dei 60 rullar a 417 g er ikkje nemnde der, og det er jo det som er dei beste opplysningane, dersom dei stemmer.Eg veit ingenting om Norsk Forlishistorisk Forening eller webmasteren deira, men når han like under dei 25 kg skriv at 1 stang = 1 alen, vert eg skeptisk, for ei stong var vitterleg 5, 6 eller 7 alen, alt etter kvar ein heldt til til landet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Kåre Solberg

Jeg har dessverre ikke funnet noe mer om matte og ruller som mengdemål, men kan gi to referanser til bruken av betegnelsen:I Jonas Lie. Tremasteren 'Fremtiden', 13. kap.: heter det: ”Hun havde den Dag med sig et Knytte Foræringer, som Mathis skulde overbringe Lyma inde i Sverige fra Morten, og selv fik han for sin Uleilighed dermed en halv Matte Tobak.” [url="http://www.dokpro.uio.no/litteratur/lie/bind01.txt>http://www.dokpro.uio.no/litteratur/lie/bind01.txtI Tore H. Vigerusts Innvandrerarkivet, ” Designation over alle de udj Solöer, Öster, og Oudalens Fogderie, befindende Svendske Persohner forfatted Anno 1734” finnes en anvendelse av begrepet for Winger Sogn:. ”Niels Pedersen / J Sund Sogn i Frödalen / 29 / 1727 / ved Mangnord / hos forige Prov: fr: Royem / Er gaardmand / / var indreist for at kiøbe sig een Matte Toback og forblev her med det samme / Præste Pass som er hos Hr. H: Smit /”

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund olsnes

Jaudå, det vart produsert ein god del tobakk i landet kring midten av 1700-åra. Etter det eg har oppfatta etter å ha lese jubileumsboka til Tiedemand ('Blader av tobakkens historie', Oslo 1978), rett nok noko på skrå, låg dei norske tobakksspinneria i Bergen, og nokre år greidde dei faktisk å gjera alvorlege innhogg i den hollandske importen.Men same kor mykje eg blar i den nemnde boka, så finn eg altså ikkje ut kor mykje ei matte var, endå omgrepet er nytta hist og pist i nokre tabell-fotnotar.Derimot har eg ei aning om verdien, ettersom eg i ei rekkje med skifte frå same tidsromet, dvs ca 1740-ca 1760, har sett tobakksmatter debiterte med 4 rd, og om dette med 60 rullar er rett, får ein då ein pris på 6 1/4 skilling rullen, og det virkar jo greitt nok for 1/2 kg tobakk ('der skulle vi ha vøri, Kal!')Men mengdeeininga 'matte' heng då framleis noko i lause lufta, slik eg kan oppfatte det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arild Kompelien

Jeg har ikke nøyaktig kildehenvisning til at ei matte tobakk var 60 ruller, men vet jeg har lest det i Tingbok for Solør-Østerdalen, og utledet fra et utsagn a la 'ei halv matte tobakk eller 30 ruller'.For Solørs del er det tydelig at det dreier seg om hollandsk tobakk, innkjøp i Kristiania, og ofte videresalg til Sverige. Første del av 1700-tallet ligger prisen rundt 10 rdl. for ei matte.Tenker vi privatforbruk og ser de store mengdene (i forhold til dagens tobakkspakker), må vi også tenke på at på 1700-tallet kjøpte man inn til mer enn ei ukes forbruk. Verdien rundt 1733: Lars Tollent av Eggerhered i Sverriged stevner Arne Christensen Berg (på garden Berg i Våler, Hedmark) for betaling 3 matter tobakk eller 18 rd. for en hest han har fått. Arne dømt til å betale 12 rd. innen 15 dager (Tingbok Solør_Østerdalen 1733 f. 97b)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aanund Olsnes

Eg kjøper jo også gjerne til meir enn ei vekes forbruk, men jamvel hjå Søta bror blir jo prisen høgre enn på 1700-talet, endå staten alt då hadde sett seg syn med å leggje på avgifter.Bortsett frå det du har peika på, kjem me truleg ikkje lenger med temaet.Takk for hjelpsam interesse!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.