Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Roar Paulsen

[#30145] Pål Pålson, Sande 1712-1763

Recommended Posts

Gjest Roar Paulsen

Han var gift med Else Sørensdatter,Remøy.Har ingen data på henne,kan noen bidra der.Hennes bestemor skal være Bol Hansdatter Glad fra Bergen, alt om disse to sine forfedre mottas med takk.MVH Roar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per-Ståle Moltu

Foreldra til Else var Søren Robertson f.Flusund (1670-1738) og Marte Madsdotter Remøy (d.1739). Dei budde på Remøy og var brukarar der frå 1698-1738. Marte var dotter til Mads Eirikson, f. ca 1630. Han var brukar på Remøy frå 1657-1696. Han var lagrettemann. Foreldra til Søren var Robert Andersson Binston (1630-1710) og enkje Boel Hansdotter Vollschaug, f. Glad, Bergen. Robert var lensmann og lagrettemann. Boel si søster, Ingeborg Glad, var gift med presten i Volda.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Elsebø

Eg har diverre ikkje meir handfast å koma med enn Per-Ståle. Pål Pålson Sande og hustru Else Sørensdotter Remøy har ei etterslekt som i dag kanskje omfattar 'halve' Herøy samt mykje av nabokommunane. Det skulle derfor vere mange granskarar som har funne ut både det eine og andre. Både Bjarne Rabben i Herøyboka og Olav Myklebust i Sandesoga brukar Ola Kvalsund som kjelde når dei fører linene frå Robert Andersson Binston attende til slekta Schønnebøl. Eg har tidlegare etterlyst kjennskap til kvar Ola Kvalsund har dette frå, men utan resultat. Herøy folkebibliotek har ei samling etter Ola Kvalsund, men dersom det ikkje har kome til meir sidan eg var der sist må det finnast meir ein eller annan stad.Eg oppmodar dei som veit noko om denne slekta om å koma med det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Elsebø

Bo(e)l Hansdatter var fyrst gift med ein innvandra handelsmann Jørgen Vullskou, f. i Stralsund. Fødestad framgår av borgarbrevet hans. Robert Andersson Binston løyste borgarbrev i Bergen 1659. Truleg var han då i teneste hjå før nemnde Jørgen og gifte seg med enkja eitt til to år etter at Jørgen døydde ca. 1660.Lukke til vidare Roar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×