Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#30803] Amund Gregorius Jørgensen (Blaalid), f. Selje 1876 - båtbyggjar på Ljan i Oslo?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Amund Gregorius Jørgensen (Blaalid) var fødd i Selje i Nordfjord 8.3.1876, son av jekteskipper Jørgen Arneson frå Hafslo og kona Lucia Gregoriusdotter. Han flytte i ung alder til Søreide i Fana der han dreiv skofabrikk, men alt kring 1920, eller kanskje før(?), flytte han til Christiania (Oslo) der han skal ha butt på Ljan og livnært seg som båtbyggjar.Me veit at Amund framleis levde i slutten av 1940-åri, men då yngste broren fór til Oslo kring 1947 for å leita etter han, var det ikkje mogeleg å finna han. Ogso Frelsesarméen vart kontakta, men heller ikkje dei fann fram til Amund.Kanskje nokon av lesarane på Digitalarkivet sitt Brukarforum tek utfordringi og kan finna lagnaden til denne nordfjordingen som hamna i hovudstaden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Det har vel ikke så stor betydning for det du leter etter, men for ordens skyld var Amund Gregorius født på Midtgård midt i det som er dagens Måløy i Vågsøy kommune, og riktig som sagt i Selje prestegjeld. Blålid lå dengang i Rugsund sogn i Davik prestegjeld, nå Bremanger kommune. Og en liten detalj: 'Barnet har og namnet Severin'.På slutten av 40-tallet ble det vel ført folkeregistrering? Jeg er litt usikker på når dette ble et kommunalt anliggende. I så fall finnes det kanskje noe i kommunale arkiver? Hva med Byarkivet? Han må jo ha meldt flytting, eller være registrert som død hvis så har skjedd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Blålid var ein gard i dåverande Selje herred og som no høyrer til Vågsøy kommune. Blålida i Davik, no Bremanger er ein annan gard.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har fått opplyst frå Bygdeboki for Fana om at Amund Gregorius Jørgensen var gift, medan han budde i Fana! Kona heitte Gunnhild Iversdotter Skjold, og ho var fødd i Fana 12.3.1857. Dei var barnlause, og Amund selde eigedomen sin på Nordeide i Fana i 1914, men boki seier ikkje noko om lagnaden deira eller om Gunnhild var med på ''flyttelasset'' til Christiania!?So eg vonar framleis at opplysningar kan dukka opp om denne huslyden!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er ekteskapet. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for fine opplysningar. Det er 25 grader og sol på Geilo i dag, og slike data er skikkeleg forfriskande!!Eg ser forresten at søsteri til Amund òg budde på Nordeide i 1900, so då forstår eg kvifor ho fann mann sin på hi sida av vegen, på Søreide!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hei igjen Lars.Ja, da har du det betraktelig bedre værmessig enn vi som er her i Bergen.Men jeg har ikke noe imot at solen skinner på deg.Kan adressebøkene for Oslo hjelpe deg med det opprinnelige spørsmålet ditt?. Eller kanskje Ljan ikke var med der.Men det er jo merkelig at han ikke har satt spor etter seg der borte, om han nå fortsatte båtbyggervirksomheten sin på Ljan.Ha en fortsatt fin dag på Geilo.Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Øren

Eg kan nemne at Ljan høyrde til Aker som fram til 1948 var eigen kommune.Mvh. Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Her er en side med kart som viser Ljan den gangen kommunen het Aker:[url="http://www.ager.no/kart/syd.htm>http://www.ager.no/kart/syd.htmDen delen som ligger lengs syd, er på grensen mot Oppegård kommune, hvor det i dag er en båtforening. Jeg tipper at din Amund Jørgensen kanskje kan ha hatt tilhold her, nær Bunnefjorden. Jeg foreslår at du kontakter web-redaktøren, eller f. eks. Oppegård historielag

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein men minst like hjarteleg takk til Rune, Leif og Tor for interessante innlegg. (Eg har vore utanlands!) Forslaget om Oppegård historielag høyrest særleg interessant ut!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest willy Blålid

ang.amund gregorius jørgensen Blaalid. Har med interesse lest innleggene om min bestefars bror Amund og må få komme med noen rettinger:Amund vart født i Måløy som den gong låg under Selje:Dei busette seg på andre sida av Måløystraumen i bygda Blålid/Blålidneset.Dette må ikkje forveksles med Blålid i Leirgulen i Bremenger kommune!Eg bor idag på same gården som dei budde på! Det eg veit om amund er at han eigde dette hovedbruket nr 107.5' Blålien Ytre'i ca 10 år;men ved forskjellige ting som er beskrevet i skjøte osb.er hen ikkje tilstede,men representert ved 'sin fader':Allerede tidlig 1900 oppgis at han bor i Bergen(søreide)i nærheten av sin søster.Flytter så til Christiania der eg har funne han igjen i folketellinga 1915 der han bor på Grønland 1 på et rom'der der også drives skomakerverksted' Ved neste folketelling 1940 er ikkje han nevnt i Oslo.Til opplysning :min bestefar var amunds bror ,Jørgen f.081086 og denne broren som reiste ned til oslo for å prøve å finne han,var Gustav Blaalid; grunnleggeren av Blaalid slipp på Raudeberg ved Måløy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.