Gå til innhold
Arkivverket

[#30877] Salomon Salomonsen frå Finnås (Bømlo), f. 1838 - til Bergen og so kva vidare?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nilske Christine (Jansdotter) Nilsen, fødd i Bergen 13.9.1843, gifte seg i Bergen 29.3.1868 med Salomon Salomonsen, fødd i Finnås kring 1838. Kanskje er det han som ifølgje FamilySearch er døypt i Finnås 19.8.1838 som son av Salomon Olson og Britha Matrhiasdotter?Nilske og Salomon får tre born i Bergen:* Benedikte Sofie, fødd 8.6.1868* Nicolai Severin, fødd 23.3.1870* Anton Kristian, fødd 10.10.1879I 1900 finn eg Salomon Salomonsen som gift mann busett i Nye Sandviksvei 64 i Bergen med fødestad Bremnes! Kona er ikkje nemnd, men derimot er borni Sofie og Anton heime med far deira.Eg ser ikkje noko meir til korkje Nilske eller Salomon. Dei er ikkje i Bergen i 1912, og ikkje finn eg dei mellom dødsfalli i Bergen heller.Kan nokon hjelpa meg finna lagnaden deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg vet ikke hva som skjedde med Salomon, men her er det som staar om han i Bömlo I, s. 8Han var födt utenfor ekteskap:26) Daniel Danielson Katla, f. 1802, d. 1882. G. m. 1. Ingeborg Hansdtr. Fylkesnes, f. 1787, d. 1842. Barnlause. Daniel vart oppattg. m. Brita Mattiasdtr. yttra Klubbo, f. 1812, d. 1881. Born: a. Berta Karine, f. 1847, g. Erevikjo. Brita hadde ein son, Salomon, f. 1838, sjømann, med Salomon O. Torsdagsøyno, Fitjar.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Ser det staar matros da de giftet seg ([url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1816&gardpostnr=11462&merk=11462#ovre>Lenke), saa det er utvilsomt rette Salomon. Finner ingen andre i bygdebökene med det navnet födt rundt om 1838. Da de tre barna ble döpt staar det og sjömann eller matros: LenkeNilske levde ihvertfall i 1891. Her ser det og ut for at de har en sönn, Johan (f. 1874):

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Roald Sjursen

Ved FT 1865 bodde Salomon sammen med mor og stefar og halvsøster på garden Erevik nord i Bømlo kommune LenkeDette stemmer med Kjellaugs innlegg nr 3Roald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!I Fitjar bygdebok bind 1 finn eg fylgjande:Torsdagsøy nr. 18 leigebuarar:Salomon Olsen Torsdagsøy f. 1820 d. 1871. g.m. Martha Olsdatter Eggøyo, austre f. 1825. Uvisst kor lenge ho levde.Born: a) Anna Gurine f. og d. 1863.Salomon kjøpte br.nr. 2 i 1847, men var ikkje brukar. Han budde på austre Eggøyo og var sjømann. Han reiste som båtsmann. Med Britha Mattiasdatter Klubbeplasset, Bømlo, fekk han sonen Salomon i 1838. Han budde i Bergen.Foreldra til Salomon Olsen f. 1820 var:Ola Johannesson, søre Aarland, Austevoll f. 1792 d. 1857 og Anna Olsdatter Torsdagsøy f. 1799 d. 1845, ho vart spilt. Dei hadde tilsaman 14 barn. (3 døde same år som dei var fødd).Ola gifte seg oppatt med Synneva Andersdatter, Rolfsnes, Bømlo, enkja etter Rasmus T. Rolfsnes f. 1792 d. 1874. Ola og Synneva hadde ikkje born saman.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Roald, Kjellaug, Grethe og Helga for fleire gode og interessante innlegg!Eg har studert opplysningane nærare og finn no denne posten mellom dødsfalli i Bergen:Christine Salomonsen, fødd Bergen 1843, døydde i Bergen (Sandviken) 21.11.1891. Bustadadressa er ikkje den same som ved FT1891, men må vera i same nabolaget, so det må no vel vera ho?Elles ser eg at FT1912 for Bergen har ein person med namn Salomon Salomonsen. Han er fødd i Finnås 22.7.1847, innflytt til Bergen i 1860 og bur som enkjemann i Knøsesmuget 23. Han har ikkje noko yrke. Av FT1865 for Finnås ser eg at det er ein Salomon Salomonson på 17 år som er gardbrukarson på Staveland i Bremnes sokn. Hamna han ogso i Bergen, eller er fødselsdatoen til Salomon frå 1912 feil? Kven av desse to er det so som døyr i Bergen 24.5.1928?Nok ein gong ein stor takk for alle desse gode innspeli!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Salomon Salomonsen paa Stavland, ble gift og bodde paa Bömlo. Det er og en annen Saloomon Salomonsen (Sele) som er noenlunde samme alder, men han og ble gift og bodde paa BÖmlo. Jeg tipper paa den förste du fant, da han er satt opp som flytta til Bergen og er sjömann. I daapen for barna, staar han jo enten som matros eller sjömann. Det kan vaere at Salomons födsel er gal i bygdeboka, men jeg tror nok at foreldra er de rette. Det er mulig at du har funnet rett person naar det gjelder kona, ser jo at da sönnen Johan ble födt staar det bare Christine og ikke Nilske.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kjellaug for nye innlegg!Då kan me slå fast at Salomon Salomonsen frå FT1912 høgst truleg er ''vår'' mann, og sameleisen med han som døydde i Bergen i 1928!Men so var det den nøyaktige fødselsdatoen frå 1838!?? Er det nokon som har tilgjenge til kyrkjeboki?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Her er truleg Salomon Salomonson son til Brita Mathiasdatter Klubbeplasset og Salomon Olsen Torsdagsøyo i ft. 1865. Alderen stemmer med at han var f. ca. 1838 og fødestad Finnås. LenkeHelga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.