Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#30881] Ole Larsson Harberg, fødd i Hafslo, Sogn 1846 - gift i Stavanger 1871 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Larsson Harberg, husmannsson frå Hafslo i Sogn, var fødd i Hafslo 20.12.1846. Han flytte i ung alder til Stavanger der han 11.10.1871 gifte seg med Karen Serine Rasmusdotter frå Kvitsøy. Ho var visstnok dotter av Rasmus Jensson frå Tastad og Bertha Øimundsdotter frå Jelsa som gifte seg i 1852. Karen var fødd i Rennesøy 2.5.1852. Ole Harberg var skreddarsvein og budde i Stavanger på den tidi. Ei dotter er funni døypt i St. Petri:- Laurentze Gunhilde Olsdotter Harberg, fødd i Stavanger 25.4.1872,Kan nokon med lokalkunnskap i Stavanger og Rennesøy/Kvitsøy hjelpa meg med:* Nøyaktige opplysningar om opphavet til Karen Serine Rasmusdotter?* Kvar vart det av denne huslyden? Vart dei buande i Stavanger, eller???Kanskje finst det ei bygdebok for Kvitsøy som kan svara på nokre av desse spørsmåli?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar Jan Peter for innlegg frå juni. Eg har studert dette innlegget fleire gonger, men det er nok helst usikkert om dette er same folki. Eg leitte ein gong gjennom kyrkjebøkene for St. Petri i Stavanger fram til og med 1878 utan å finna fleire born av Ole og Karen Serine, so det er ymse som kan tyda på at dei flytte derifrå!? Kan dei vera farne til Amerika??Eller finst det kanskje opplysningar i bygdebøkene for Kvitsøy som kan hjelpa løysa denne floki?Nok ein gong ein stor takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Karlsen

Vet du hvem som er foreldrene til Ole Larsen Harberg ?Ørjan Karlsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Foreldri til Ole Larsson Harberg var Lars Olson (1815-1884) og Gunnhild Pedersdotter (1814-1880), husmannsfolk på plassen Harberg under garden Kjørlaug.Eg er framleis svært interessert i opplysningar om lagnaden til denne huslyden. Kanskje du Ørjan ættar frå dei?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Karlsen

Heisann,nei, det var navnet jeg ble i stuss over. Jeg var ikke klar over at det fantes noen plass som het Harberg i Hafslo. 'Mine' Harberg - røtter kommer fra Lærdal med postfører Iver Johannessen Harberg (1803-1874), han var fra Fresvik i Leikanger.Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Jeg vet ikke hvor mye dette er å stole på , men en ledetråd er det i alle fall.Kanskje også en bekreftelse på at tanken din om utvandring ikke var helt fjern Lars.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for eit svært so interessant innlegg! Eg kan ikkje skjønna anna enn at dette må vera same folki, men trass i aktiv leiting i amerikanske kjelder, er eg ikkje i stand til å finna ut noko meir om dei der borte! Korleis hamna dei i New York?Kanskje Jon kjem på noko..., om han ser denne saki?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for eit nytt verifullt innlegg! No er det ikkje lenger tvil om at dette er rette folki! Ole Harberg var jo òg skreddar!Men kvar i all verdi vart det av dei etter 1886?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Jeg ser jo at han har forandret slektsnavnet fra Harberg til Hertzberg.Har du sjekket om 1900 tellingen i USA har noen med det navnet? Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Denne var vrien:Fant i allefall immigrasjonen:Arrival Date: 8 May 1882, Port of Departure: Glasgow, Scotland and Larne, Ireland,Destination: United States of America, Place of Origin: Norway , Ship Name: State of Pennsylvania , Port of Arrival: New York , Line: 40 , Microfilm Roll: 450 , List Number: 589Følgende familie:Ole Larsen Harberg 35 år - ShoemakerKaren - wife 29 årLaurent?? - son - 9 årOluf - son - 8 årRasmus - son - 5 årBertKarolini??? - datter - 3 årSimens Tropi? - datter - 1 år

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Jon for nye innlegg. Eg er særleg imponert over det siste! Denne utvandringi til Ole og Karen med huslyden deira hadde nok eg aldri funne, so dette var kjempebra!Ingen tvil om at det er same folki, sjølv om yrket til far og kjønet til eldste dotteri er feil. Men noko anna som gjer dette interessant, er det faktum at fire born til er fødde i Noreg, og dei kan vel ikkje vera fødde so mange andre stader enn i Stavanger? Eg har sjølv for mange år sidan leitt igjennom kyrkjeboki for St. Petri frå 1872 til sluten av 1878 utan å finna andre born enn Laurentse Gunhilde, so kanskje dei budde på ein annan kant av byen fram til 1882? Kanskje var dei i Domkyrkjesokni?Eg har før søkt etter Ole, Jessie og Charly i ulike amerikanske folketeljingar, og no i kveld har eg sete og leitt etter Oluf og Rasmus, men so langt utan hell!Kanskje det er mogeleg å finna meir nøyaktige opplysningar om dei fire borni som var fødde i Noreg?Nok ein gong ein stor takk for gode og lovande opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det syner seg at svigerfar hans Ole Larsson Harberg/Hertzberg, Rasmus Jensson, var fødd på Tastad øvre i Hetland i 1823. I 1865 finn eg han som støyperiarbeidar i Stavanger. Dotteri er med han, men ogso ei ny kone Dorthea. Første kona Bertha Osmundsdotter var visstnok frå Jelsa, men er elles ukjend...Dei fire yngste borni som Ole og Karen Serine fekk i Noreg, må truleg vera døypte i Domkyrkja, Johanneskyrkja eller Vår Frue i Stavanger, og eg vonar framleis at ein eller annan har tilgjenge til desse protokollane og kan hjelpa meg med oppslag...Og eg er sjølvsagt ogso mottakeleg for fleire tips når det gjeld den amerikanske lagnaden til denne huslyden...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Har virkelig saumfart US census 1900.......intet spor...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for grundige freistnader! Eg har òg prøvd både 1900 og 1910, men utan resultat. Eg liker ikkje å gje opp og har no ogso sendt spørsmålet av stad til ekspertar i Salt Lake City! Ein so stor huslyd kan ikkje berre ''forsvinna'' i lause lufti!Men kanskje kan det hjelpa oss med fulle namn og fødselsdatoar til dei fire borni som var fødde mellom 1873 og 1882...!Nok ein gong ein stor takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove T Eek

Fra kirkeboka St Petri kirke ( avskrift ) 25.4 1872 -Laurentze Gunhilde -foreldre skreddersvend Ole Larsen Harberg og hustru Karen Sevrine Rasmusdatter 4.12 1878 Bernhardine , -skredder Ole Larson Harborg og hustru Karen Serine Rasmusdatter 10. 10 1880 -Josefa -skredder Ole Larsen Herzberg , hustru Karen Severine Rasmusdatter Og i fra Domkirken 27. 2 1874 Oluf -skreddersvend Ole Larsen Harberg og hustru Karen Severine RasmusdatterTove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tove for eit verkeleg interessant innlegg med mange fine namn og datoar! Eg ser eg leitte akkurat langt nok til ikkje å finna fleire born i St. Petri! Eg reknar med at kanskje Bernhardine vart døypt i 1879...!?No manglar me vel berre fødsli til Rasmus i eller kring 1876, men lat meg likevel setja opp ei ''revidert'' oversikt over huslyden:~~~~~~~~~~Ole Larsson Harberg/Hertzberg, fødd Hafslo 20.12.1846Karen Serine Rasmusdotter Harberg/Hertzberg, fødd Rennesøy 2.5.1852Born:* Laurentze Gunhilde, fødd i Stavanger 25.4.1872* Oluf, fødd i Stavanger 27.2.1874* Rasmus, fødd i Stavanger(?) kring 1876* Bernhardine, fødd i Stavanger 4.12.1878* Josefa, fødd i Stavanger 10.10.1880* Jessie, fødd i Brooklyn, NY 8.6.1884* Charlie, fødd i Brooklyn, NY 17.7.1886~~~~~~~~~~Det klart største problemet pr. idag er å finna ut kvar det vart av denne huslyden? Eg har søkt over heile USA i 1900 og ogso seinare teljingar, men utan hell. Kan dei vera komne attende til Noreg? Eller kan dei vera farne til Canada eller Australia?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har fått svar på forespørsli om denne huslyden som sendte til Salt Lake City, UT, men diverre kunne heller ikkje dei finna ut noko meir. Her følgjer eit utdrag av meldingi deira:''.....I pulled those birth entries for Jessie and Charly. The IGI is accurate on dates and names. But Jessie's entry called his father an ''apprentice tailor'' and the family lived at 66 Columbia Place in New York. Charly's entry called his father ''tailor'' and the family lived at 306 1/2 Furman St in Brooklyn. I questioned one of our Scandinavian specialists down stairs about a tailor being part of the seamans union, and he said it was not unusual. Whether merchant marine or navy, seaman usually wear uniforms. Sorry I can't be more help in what happened to the family....''Eg tolkar dette slik at Ole Larsson Harberg/Her(t)zberg var skreddar til sjøs og at han ikkje hadde busett seg i New York i det heile!?So då er spørsmålet: Var dei som nytta sjømannskyrkja i Brooklyn, NY utelukkande sjøfolk? Var det ingen fastbuande ''norsk-amerikanarar'' som nytta denne kyrkja?Eg vonar framleis på at ein eller annan kan finna svaret på kvar i all verdi det vart av Ole Larsson Harberg/Her(t)zberg og huslyden hans etter 1886?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×