Gå til innhold
Arkivverket

[#30931] Nolevande slekt etter Magne Sjursen (Vevle) bust. Halland/Gjerstad - Osterøy-


Gjest Helge Skoge
 Del

Recommended Posts

Gjest Helge Skoge

Sjå mitt innlegg nr. 30910 under generelt. Hadde Magne Sjursen fleire barn før han døde i 1890 ? Tru om nokon allerede sit med eit slektstre med utspring fra denne slekta ? da hadde iallefall Jim Severin Jordan fra Houston Texas blitt glad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Håkon Aasheim

Fyrst ei lita retting om bustad: Nagne budde fyrst som husmann på Kleiveland i Gjerstad sokn på Osterøy. Deretter som paktar på garden Koppen i same sokn. Du finn han og familien i slektsboka for Gjerstad sokn, under garden Kleiveland, på s. 44.Der står det at Magne Sjursen Vevle (1858-1890) (Dødsårsak: Slegen ihel i eit grustak på Dale) vart gift i 1884 med Marta Mikkelsdtr. Storseile, i Bruvik (1853- )(Må vera ho som er nemnd dotter til Mikkel Mikkelsen i Vaksdal bygdebok I, Bruvik sokn, s. 175. Der er ho nemnd tekstiarbeidar på Dale). Vidare står det i Gjerstad-boka at Magne og Marta flytte til Dale fabrikkstad. Og at enkja Marta gifte seg oppatt med ein Johannes Vassdal frå Bruvik.No har eg ikkje funne dei i slektsboka for Dale (Vaksdal bygdebok II). Men i nemnde slektsbok for Bruvik sokn, under garden Vassdal, s. 312/3, finn eg i farten Johannes Nilsen Vassdal(1849- ) som gardbrukar og sjølveigar, gift I med Anna Olsdtr. Løtveit (1835-1899), og II i 1901 med Marta Mikkelsdtr. Seilen 'fødd omlag 1857'.Men attende til han Magne. Gjerstad-boka nemner berre 2 born: Ein dødfødd gut i 1885. Og så sonen Severin, fødd i 1885, og gift med ei engelsk dame. Severin og den engelske er nemnd med 2 døtre.Det er og nemnd på Kleiveland ein Severin Magnesen Kleiveland (1886-1887), men utan å seia om dette også kan vera ein son til Magne. Men uansett så levde han ikkje opp.Finn altså ingen fleire born til Magne i dei slektsbøkene eg har.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helge Skoge

Takk for interessant innlegg.Eg får det ikkje heil til og stemma når konfimasjonsdata seier at han Severin (ref. 30910) var fødd 17.11.1887 Det er ikkje heilt retta åstida og sitta med slikt dektektivarbeid, men kva gjer vi ikkje for å holda varmen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.