Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#30989] Jacob Nilsson Snekkevik, f. i Sund (Sotra) 1819 - kven var foreldri hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FamilySearch syner at Jacob Nilsson Snekkevik var fødd i Sund 22.9.1819 og døypt same stad 26.9.1819. Foreldri er oppgjevne som Nils og Anna.Kan nokon med lokal kunnskap fortelja meg kven desse ''Nils og Anna'' var? Kva yrke hadde dei og kvar (gardsnamn) kom dei ifrå?Jacob gifte seg i Bergen med Martha Andersdotter frå Joranger i Hafslo.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Hei LarsEg ser at Jakob Nilsson er konfirmert 4. oktober 1834 og då er foreldra oppgjeven til å vere Nils Jonsson og Anna Monsdtr Snekkevik [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=kfsund16&gardpostnr=1520&merk=1520#ovre>LenkeDei gifta seg 2. juli 1807, og då er begge oppførde med gardsnamn Snekkevik LenkeNils Jonsson er vel frå Snekkevik, han finn ein i 1801

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Årstalet for konfirmasjonen skal sjølvsagt vere 1835.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Her er foreldra til Niels Jonsen Snekkevik. Far kjem fra garden Snekkevik på Sotra, mens mora kjem fra garden Kobbeltvedt på Sotra. Ho i 1801 er Jon sin andre kone. Yrkestittel til desse må sannsynligvis være, som med nesten alle på Sotra på den tiden, fiskar og bonde. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Polden

Og so kan det vel og fortelast at Kobbeltvedt vart til Kolltveit ca 1920. Dette kan vera godt å vita, eg har hørt fortalt om ei dame som kom frå Danmark på leit etter røtene sine, som stoppa i Bergen fordi ho ikkje fann Kobbeltvedt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.