Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31025] Johan Marius (1862) og mor Anna Marie Olsd. (1842) frå Telemark? til Amerika?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anna Marie Olsdotter, oppgjevi fødd i Noreg, mest truleg i Telemark, 16.12.1842, skal ha utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg i Stoughton, Dane Co., WI 12.12.1870 (av presten Johannes M. Eggen frå Racine, WI) med Jørgen Jørgenson, fødd på Kvam i Hafslo i Sogn 10.12.1839 og utvandra 1862.Anna Marie hadde med seg ein son frå Noreg:* Johan Marius (?Amundson?), fødd 15.5.1862, som og gifte seg med ei jente frå Hafslo i Sogn!Eg har forespurt om det norske oppavet til Anna Marie og sonen og har motteke litt motstridande opplysningar:Ho vert hevda vera frå Telemark, og området ho budde i var fullt av emigrantar frå Telemark, men samstundes vert namni Noss og Ulsaker nemnde!? Eg har søkt både i FT1865 og i emigrantistene for Christiania, men so langt utan resultat.Kanskje nokon av dei andre brukarane av Digitalarkivet sitt Brukarforum kan hjelpa meg eller har tips som kan leia til oppsporing av opphavi til Anna Marie og Johan Marius??Alle gode forslag vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frøydis Sørensen

I emigranter fra Oslo 7.05. 1869 finner jeg en Johan Amundsen 6 år.Bopel Sørum.Samme sted også Anne Marie Olsen 23 år fra Sørum.Bestemmelsested er Stoughton.Prøver med lenkeLenke Hilsen Frøydis Sørensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Frøydis for eit svært interessant innlegg! Fleire ting får meg til å tru at dette godt kan vera rette personar, men kvar var dei i FT1865?Det skulle òg ha vore kjekt å sjå kva som står i utflyttingslista for Sørum!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

De var vanskelig å finne i 1865 T ,dette er det nærmeste jeg kommer i nabokomm. til Sørum Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Husmann Johannes Olsen på Ulrikstuen i folketellingen 1865 for Nes (jf innlegg 4) var i følge bygdebok for Nes - bind II side 238 fra Ullensaker.Det er derfor rimelig å tro at fosterdatter også kan være født i Ullensaker.Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Odd for nye fine innlegg!Dette tek til å sjå verkeleg lovande ut! Og når eg ser på opphavsopplysningane mine, Ulsaker og Noss, kan eg godt tenkja meg at det i røyndi skulle ha stée Ullensaker og Næs!?Men det er jo merkeleg at det ikkje er mogeleg å finna korkje Johan eller Anna døypte? Dei er i alle fall ikkje på FamilySearch...!? Men seier ikkje bygdeboki noko om denne fosterdotteri til Johannes Olson på Ulrikstuen?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Bygdeboka sier dessverre ingen ting om fosterdatteren.Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Ifølge FS døpes det en Anne Marie Olsen 11.12.1842 i Nes, Akershus. Foreldre Ole Larsen og Marte Amundsdatter. Dette paret giftet seg i Nes 27.12.1841 i Nes.Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein forseinka, men minst like hjarteleg takk til Odd for dei siste to innleggi om dette temaet!Eg er overtydd om at dette er rette folki, so no gjeld det å finna einkvan som kan gjera oppslag i kyrkjebøkene for Nes og eventuelt Sørum/Ullensaker for å finna/stadfesta nøyaktige fødselsdatoar og fødestader (gardsnamn/plassnamn) for:* Anna Marie Olsdotter, døypt i Nes 11.12.1842 (frå Amerika oppgjevi fødd 16.12.1842!)?* Johan Marius Aamundson, fødd i Nes (eller Sørum eller Ullensaker?) 15.5.1862 eller 1863?Nok ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT 1865 for Hunstadstuen under Hunstad i Nes syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Marthe Ammundsd. Husmoder Husmand med Jord e 48 k Vinger SognHans Ols. hendes Søn bruger Pladsen ug 21 m NæsMarie Olsd. hendes Datter ug 24 k NæsOle Eriks. hendes Søn ug 6 m NæsSina Johansd. hendes Datter ug 1 k NæsKarl Ols. Enkens Søn ug 11 m Næs~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Dette ser mistenkeleg ut som den Martha Amundsdotter som i 1841 gifte seg i Nes med Ole Larsson og fekk dotteri Anna Marie i 1842. Men eg ser av FamilySearch fleire personar med namn Martha Amundsdotter som gifte seg i Nes og Vinger kring 1835/1840 med menn som heitte Ole!Her treng me nok meir ekspertise frå lokalkjende folk! Kanskje bygdeboki for Nes har omtale av denne huslyden på Hunstadstuen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Truleg har me no fått eit ''gjennombrot'' når det gjeld denne huslyden. Under ei snøgg vitjing på Riksarkivet førre veki fann eg følgjande:* Johan Marius Amundson, fødd i Nes, Akershus 15.5.1863 ''uægte'' av foreldri Amund Pederson Fenstad og Maria Olsdotter Fenstadeie.Johan Marius og Maria er nettopp dei me finn på Ulrikstuen, Fenstadeie i 1865!* Anna Marie Olsdotter er det to av i perioden 1841-1843, båe i 1842:- Anna Marie Olsdotter, fødd 28.11.1842 av Ole Larsson og Martha Amundsdotter busette på Hunstad. Då Ole og Martha gifte seg i 1841, var Ole enkjemann i Hunstadeie, medan Martha var frå Fossen!- Anna Marie Olsdotter, fødd 16.12.1842 ''uægte'' av Ole Erikson Hofset og Anna Marie Olsdotter Hofset.Då har me samstundes svaret på kven mori var: Fødselsdatoen som er oppgjeven for Anna Marie Olsdotter frå Amerika, er nettopp 16.12.1842!!Men no, med gardsnamni på plass, er det nokon med lokalkunnskap eller tilgang til bygdeboki for Nes i Akershus som kan stadfesta dette, og veit ein noko meir om Amund Pederson Fenstad og foreldri til ''vår'' Anna Marie Olsdotter?Eg takkar nok ein gong for alle gode tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.