Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31026] Iver Andersson Loftus - gift i La Crosse, WI 1880 - fødd i Noreg, men KVAR?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Inger Regine Petrina Ingebrigtsdotter Thorsen, i Amerika kjend som Emma Thorson, fødd i Bergen 26.6.1858, utvandra med foreldri sine Ingebrigt og Ragnhild (Albert og Rachel) Thorsen i 1874 og busette seg i La Crosse, WI der ho 12.11.1880 gifte seg med:Iver Andersson LOFTUS, oppgjeven fødd i Noreg som son av Anders og Anna Loftus. Han var i november 1880 busett i North La Crosse, La Crosse Co., WI og var ''laborer''!Ingen alder er oppgjeven på Iver, og underleg er det ogso at han so langt ikkje har vore mogeleg å finna att, korkje i FT1880 eller seinare folketeljingar i USA. Ikkje heller finn eg nokon som heiter Iver Andersson i FT1865 for Noreg og som bur i bygder der gardsnamnet Loft(h)us finst! Men han kan jo ha utvandra før 1865(?). Eg ser det er fleire Lofthus-gardar i Telemark, men namnet finst òg på Voss, i Ullensvang, i Etnedal, på Ål, på Kongsberg og på Modum og endå fleire stader...No appellerer eg til eit dugeleg publikum i Digitalarkivet sitt Brukarforum med von om at ein eller annan kan komma med nyttige tips som kan gjera det mogeleg, både å finna det norske opphavet til Iver og kanskje ogso finna ut kvar det vart av huslyden i Amerika?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Kan dette vera ein mogleg kandidat til mor Anna Lofthuus i ft 1865, enke 85 år på Loftuus i Suledal, Rogaland?LenkeKona kan jo ha vore noko yngre enn Ivar og som då kanskje kunne ha ei mor på 85 år i 1865?????mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Blant dei mange Iver Anderson på FS finn eg denne:- Iver ANDERSON Household Male-------------------------------------------------------------------------------- Other Information: Birth Year Birthplace ATLANTIC OCEAN Age 21 Occupation Farmer Marital Status M Race W Head of Household Iver ANDERSON Relation Self Father's Birthplace NOR Mother's Birthplace NOR-------------------------------------------------------------------------------- Source Information: Census Place Utica, Crawford, Wisconsin Family History Library Film 1255421 NA Film Number T9-1421 Page Number 148D ------------------------------------------------------------------------------- Han ser ut til å vera fødd på reisa til Amerika. I så fall vil me ikkje finna korkje han eller foreldra i 1865 i Noreg. Kanskje de me tilgjenge til Ancestry.com kan finna ut noko meir om denne karen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Han var fødd i 1859; det fall vekk under kopieringa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Et mulig (men dog tynt) spor:Iver A. Lofthuus found in:Passenger and Immigration Index, 1500s-1900s Place: Wisconsin Year: 1873 Primary immigrant: Lofthuus, Iver A. Permanent entry number: 397309 Source publication code: 1324.1 Source publication page number: 74 Source publication: COUNTY PAGES[NATURALIZATION RECORDS (ADAMS COUNTY)]. In Wisconsin State Genealogical Society Newsletter, vol. 38:4 (April 1992), pp. 217-218 (A-D); vol. 39:1 (June 1992), pp. 19-20 (D-H); vol. 39:2 (Sept. 1992), pp. 73-74 (H-M); vol. 39:3 (Jan. 1993), pp. 137-138 (M-R); vol. 39:4 (April 1993), pp. 195-196 (R-Z). Source annotation: Date and place of filing of declaration of intention to become a citizen. Extracted from records on file at the Area Research Center, University of Wisconsin at Stevens Point.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjerteleg takk til Helga, Marie og Jon for interessante innlegg!Eg har studert Helga sitt forslag, men har visse problem med å sjå nokon klår samanhang med Iver Anderson Loftus i Wisconsin.Når det gjeld Iver Anderson i Utica township, Crawford Co., WI (1858-1909), som du Marie foreslår, so var han fødd på Atlanterhavet som uekte son av Guri Olsdotter Pantebol og gifte seg i 1879 med Martha Anderson (sjå Gards- og Ættesoga for Luster, band I, 1984, gnr. 4, Svensøy). So denne Iver Anderson kan me trygt utelata.Derimot har Jon eit absolutt godt forslag som bør følgjast opp! Hadde me berre visst kor gamal denne Iver A. Lofthus var!?Eg takkar på ny for god hjelp og vonar framleis på at dette problemet kan finna ei positiv løysing!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Om det har noen sammenheng vet jeg ikke, men i 1880 tellingen i Wisconsin. Sheridan finner jeg en Iver Anderson 24. Der finner jeg også Andrew Anderson og Annie Anderson som kan være foreldrene hans. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente Aaris

En mulig bror, hvis det kan hjelpe?Name: Nils A. LofthuusYear: 1873Place: WisconsinSource Publication Code: 1324.1 Primary Immigrant: Lofthuus, Nils A. Annotation: Date and place of filing of declaration of intention to become a citizen. Extracted from records on file at the Area Research Center, University of Wisconsin at Stevens Point.Source Bibliography: COUNTY PAGES [NATURALIZATION RECORDS (ADAMS COUNTY)]. In Wisconsin State Genealogical Society Newsletter, vol. 38:4 (April 1992), pp. 217-218 (A-D); vol. 39:1 (June 1992), pp. 19-20 (D-H); vol. 39:2 (Sept. 1992), pp. 73-74 (H-M); vol. 39:3 (Jan. 1993), pp. 137-138 (M-R); vol. 39:4 (April 1993), pp. 195-196 (R-Z). Page: 74I FT:1900 i ADAMS Co.Name: Niels Lofthus Home in 1900: Strongs Prairie, Adams, Wisconsin Age: 61 Estimated birth year: 1839 Birthplace: Norway Race: White Relationship to head-of-house: Head Occupation: View Image Immigration year: 1865 Image source: Year: 1900; Census Place: Strongs Prairie, Adams, Wisconsin; Roll: T623 1777; Page: 7B; Enumeration District: 9.Han var farmer f. sept. 1838 i Norge, året for hans immigr. var 1865, men han blev U.S. Statsborger 35 år gml. (=1873!!!) gift med Chatanna? f. i Norge Mars 1841, året for immigr.1865 - 33 år gml. ved Statsborgerskab.Barn: Anders 26 år - John 23 år - Nella 17 år - Trina 15 år, alle f. i Wisconsin og en grandson 3 år gml. Peder? Lofthus

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente Aaris

Konen til Nils Lofthuus hed nok Chatrine og grandsonens navn var Paul iflg. Census 1880 og 1910.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Bente for svært interessante bidrag! Særleg Bente sine innlegg set eg stor pris på som i kombinasjon med Jon sitt innlegg frå i aftes ser ut til å vera den ''norske'' delen av løysingi, for sjå her kva FamilySearch seier:Anders Johannesson og Anna Nilsdotter på Lofthus i Ullensvang fekk mellom anna desse borni:* Nils Andersson, f. 4.9.1838* Iver Andersson, f. 8.8.1841Det er vel noko nær sikkert at dette må vera ''vår'' Iver A. Loftus, men det står sjølvsagt att å prova samanhangen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1870 for Strongs Prairie township, Adams Co., WI syner oss at Iver Lofthus (29) var farmarbeidar hjå broren Nels Lofthus (32)!Kanskje bygdeboki for Ullensvang har fleire opplysningar om lagnaden til Iver?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for eit godt og nyttig innlegg! Eg finn huslyden i FT1865 som plassfolk i Bakken under Lofthus i Ullensvang. Det er då sonen Johannes Andersson (f. 1836) som styrar plassen!So veit me at Anna Nilsdotter var ifrå Eide i Ulvik, og FT1801 syner at Anders Johannesson var son av ein husmann under Lofthus!Elles har eg funne dødsdatoen til Nils Andersson Lofthus i Wisconsin i 1915, og nekrologspørsmål er på veg!No står det att å finna utvandringsåret til Iver og kvar det vart av han og Emma etter 1880!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Jeg finner ham ikke blant dem som har fått utstedt pass til Amerika i Bergen 1842-1860.Jeg regner med at du er klar over det, men i den perioden var det 48 personer fra Hafslo og 93 fra Luster i den samme oversikten. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente Aaris

Året for utvandringen for Nils var jo 1865 iflg. alle Folketellingene! Mon ikke Iver har reist sammen med han?Men her er vel faderen Anders død:Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente Aaris

Og her er Iver/Iven i FT:1870 Farmer Laborer, bodde da også hos sin broder Nelse og hans hustru Catherine:Name: Iven Lofthus Estimated Birth Year: abt 1841 Age in 1870: 29 Birthplace: Norway Home in 1870: Strongs Prairie, Adams, Wisconsin Family and neighbors: View Results Race: White Gender: Male Value of real estate: View Image Post Office: Friendship Roll: M593_1703 Page: 89 Image: 161 Year: 1870Desverre finner jeg ham ikke i FT:1900 - 1910 - 1920.Men jeg finner barna til Nils de bodde sammen:Anders/Andrew 44 år- John 40 år - Trina 33 år - Paul 22 år og Nellie Lofthouse Age: 36 yearsBirthplace: Wisconsin Race: WhiteHome in 1920: Strongs Prairie, Adams, Wisconsinalle var Single.I FT:1930 er Trina her:Name: Trina Lofthus Age: 46 Estimated birth year: abt 1884 Birthplace: Wisconsin Relation to head-of-house: Servant Race: White Home in 1930: Evanston, Cook, IllinoisDe andre har jeg ikke funnet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Rune og Bente for dei seinaste innleggi under dette tema!Eg kan no fortelja at eg har funne att Iver Andersson Lofthus i FT1900 og FT1910. Han skifte namn til ANDERSON, men han skifte òg kjerring, for kring 1890 gifte han seg att med ei Maria, som visstnok heitte BJORKSETT og var fødd i Noreg i juni 1853. Ho utvandra i 1885 eller 1886 med ei dotter Julia, fødd 1884, men kvar denne Maria kom ifrå, er førebels eit ''mysterium''. FT1910 fortel at ho òg hadde vore gift ein gong før ho vart gift med Iver...! Kanskje nokon har eit tips å koma med?Elles lyt eg no freista finna ut kva som skjedde med Inger Regine Petrina ''Emma'' Thorsen i Amerika! Anten døydde ho, eller dei vart skilde...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

''Den som leiter, han finn...'' Inger ''Emma' LAFTHUS vart gravlagd i Oak Grove cemetery i La Crosse, WI 22.2.1882! So veit me det!Men, framleis sit me att med to spørsmål:* Kva år utvandra Iver Andersson Lofthus til Amerika? Er det nokon som sit med bygdebøkene for Ullensvang?* Og so var det spørsmålet om den endelege lagnaden til Iver i Amerika. Han må vera flytt frå La Crosse ein eller annan gong etter 1910, men kvar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×