Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#31232] Ivar Arentin Andersen Brandanger, bst. Bergen – Men kvar er kona ved FT1900?

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Iver Arentin Andersen, f. 9.5.1874 (Brandanger, Gulen, S&F) flytte med familien til Bergen og gifta seg der 3.3.1899 ([url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1816&gardpostnr=27118&merk=27118#ovre>Lenke) med Jensine Larine Larsdtr., f. 1879 Fitjar, HO.Ved FT 1900 finn vi Iver Anders. Brandanger ved Bergen Politikammer og Distrikfængsel: LenkeIvar Andersen Brandanger d. 21.5.1926: LenkeDødsmeldinga etter han gir følgande info (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Her er Jensine Larine som konfirmant i Fitjar. Ho er uekte barn av ein Lars, men ser ut til å nytta mora sitt namn, Olsd. Vespestad: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Ho er fødd på Vespestad, men budde på Agø. (Det må vera det som i dag heiter Aga og høyrer til Bømlo. Aga ligg faktisk berre 6 km frå her eg bur. Eg hugsar nokre av dei som var born i 1900). Eg finn ikkje Jensine Larine på Aga eller Vestbøstad i 1900, heller ikkje i Bergen, men namnet kan skrivast på mange ulike måtar. Om dotera Valborg var 28 i 1926 var ho og fødd før 1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takk Marie,Då er det berre å søke vidare framover og bakover…Lars Olsen Kinservik er skreven som far til Jensine Larine, men dette betyr vel berre at han kom frå Kinservik/Ullensvang. Er det mogeleg å finne den rette mannen blant mange Lars Olsen i Kinservik ? Er det då mora til Jensine Larine som gifter seg 23.10.1884 ? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=Vi12221862&gardpostnr=430&personpostnr=1716&merk=1716#ovre>LenkeJensine i 1865: LenkeJonas og Jensine i Bergen i 1900: LenkeSom vi ser har dei farta litt rundt, men kvar havna dei etter 1900 (truleg ikkje lenger i Bergen i 1904/06).Ein son f. 1890 Bergen:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Eg fann dei same forfedrane til Jensine, som du har funne, og er ganske sikker på at det er dei rette personane. Eg tenkte eg ville kikka litt i bygdeboka for Fitjar neste gong eg er på biblioteket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Jensine Larine sin morfar er frå Ullensvang (det er same område som Kinsarvik; mesteparten av tidlegare Kinsarvik kommune gjekk inn i Ullensvang). Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Her er litt av det Fitjar bygdebok seier om Jensine Larine, foreldra og besteforeldra:Ola Omundson Orrøyno, Aga. f. på Sandven i Ullensvang i 1802, d. 1875.Først gift med Brita Samsonsdtr Aga (1816-1848). Barn Omund, Elen Marie og Ola, som alle vart gifte i Fitjar/Bømlo.Gift omatt med Ranveig Olsdtr Koløy, Helland, f. på Koløyo i 1831, kom bort på sjøen i 1892. Born:Knut f. 1854jensine Kristine F. 1855, d. 1856Jens f. 1856, d. 1858Kristian f. 1857, flytte til JærenJensine f. 1858. Ho vart g.m. ein svenske som heitte Jonas Bernhard Johanson Kallberg. Han drog til Amerika, og Fitjar fatigkasse kosta Jensine over til han, men ho kom sttraks attende og budde her og der. Ho døydde på Askøy. Jensine hadde dottera Jensine Larsine f. 1879 med Lars Olson frå Kinsarvik. Med Kallberg hadde ho m.a. Berta Karoline f. 1881(drog til Amerika), og Karl Johan Oskar og Gjert f. 1885, som var på Sætre institutt i Bergen. Oskar var seinare i pleie rundt i bygda.Gjertrud f. 1863Oline f. 1865. DøvstumRanveig f. 1869Ola budde fleire plasser på Aga. Han hadde ikkje buskap, men selde høyet. Fitjar fatigvesen tok over eine bruket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Jensine Larine sin bestefar kjem nok frå dette Sandven, som ligg like sør for Odda: LenkeDessverre sier ikkje Fitjarboka kva gard Jensine Larine sin far kjem i frå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk atter ein gong Marie. Då skulle ha eg fått det meste av det eg 'treng', men Lars Olsson sitt opphav er ennå ikkje avklara. Eg får ta opp att tråden etter ferien!Ha ein fin sommar!M.v.h. Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Jensine d. 1935, Askøy (enke): Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.