Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Håkon Aasheim

[#31315] FT 1801 Henrik Henriksen Rossing/Rosing

Recommended Posts

Gjest Håkon Aasheim

Vart absolutt alle personar i Noreg registrert i FT 1801? Eller var det folkegrupper som vart halde utanfor? Tenkjer på 'det reisande folket' (taterfolket m.m.)Nemnde person H.H.R. skal, etter ein opplysning ved giftarmålet hans i 1844, vera fødd 1790 i Trondheim. Og var altså 11 år i 1801, og i live, for han døydde i 1865 i Kvæfjord. Faren heitte Henrik Rossing/Rosing, og skal vera død før 1844. Denne H.H.R. var kobberslagar utan nokon fast og vedvarande bustad i mesteparten av sitt liv. Var gift 3-4 gonger. Nemnd 2 gonger i Fantefortegnelsane.Trass iherdig leiting i FT 1801 har det ikkje lukkast å finna korkje han eller faren, som ikkje er den som i 1801 er nemnd på Tolga i Hedemark med familie. (Henrik Richard Jonsen Rossing) Dersom han då ikkje var ein tur til Trondheim og hadde seg eit eventyr der. Han døydde i 1835, så det passar og bra.Og så er det litt rart at ein slik kar kallar seg Rossing/Rosing, når alle andre Rossingar er frå ei kjend slekt i Noreg - komen visst frå Danmark - og helst av dei litt finare i samfunnet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Folketellingen 1801 er nok slett ikke fullstendig, og de som lettest slapp unna tellerne var dem som manglet fast tilholdssted. I Bergen kan vi sammenligne 1801-tellingen med Undersøkelseskommisjonens rulle 1804, og ser at kommisjonen i 1804 fant mange sjøfolk som manglet i 1801-tellingen. Tilsvarende ser vi andre steder at mange av fattiglemmene er uteglemt.Og på bakgrunn av slike observasjoner vil det ikke forbause meg om mange av 'de reisende' mangler i tellingen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×