Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Alf Strand

[#31384] Arne Pederson og Marta Botolfsdtr. Kvar kom dei frå?

Recommended Posts

Gjest Alf Strand

Ekteparet Arne Pederson og Marta Botolfsdtr. hadde 3 born som har etterkomarar i Solund. Men Arne og Marta har kome flyttande dit. Me finn dei på Strand og i Mårstig i 1760-åra. Arne Pederson døyr på Strand i 1785. Marta Botolfsdtr. vert attgift med Peder Olson Pollen ein gong før 1801. Mons Arneson f. ca 1758 vert i 1780 gift med enkja Lisbet Halvorsdtr. Steinsund. 'Visst han var ein farande dreng som vart gift med rik enke og gard må det ha vore romanstoff i den tid', står det i Bygdebok for Solund. Hans Arneson f. ca 1768 gifte seg 1793 med Kari Andersdtr. Solås og budde i Pollen. Synnøve Arnedtr. vart gift 1789 med Mikkel Jakobson Steinsund. Synnøve Arnedtr. er skriven Ladvig i kyrkjeboka. Kanskje det kunne vera eit spor?Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Namni tyder på at desse folki godt kan vera komne frå indre Sogn, men FamilySearch syner at:* ein Mons Arneson vart døypt frå Breivik i Gulen 10.10.1756* ei Synneva Arnesdotter vart døypt frå Lovik i Gulen 1.2.1761* ein Hans Arneson vart døypt frå Maurstien i Gulen 2.10.1768Dette er truleg dei ''søskeni'' som du syner til, men er du sikker på at Arne Pederson og Martha Bottolfsdotter verkeleg var foreldri? Då burde dei jo òg hatt born Bottolf og Peder...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eg har visst laga ein eigen debatt om desse: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.