Gå til innhold
Arkivverket

[#31502] Waldemar Reppen, fødd Bergen 1886, flytte til England - korleis finn me han att?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ingrid Pedersdotter Walaker (1862-1948) frå Hafslo i Sogn, utvandra til Amerika 1889 og vart der borte gidt med ein tyskar Jürgen Kuehmichel som ho fekk fem born med.Men før ho utvandra fekk Ingrid ein son i Bergen:* Edward Johan Waldemar, kjend som Waldemar Reppen, fødd i Bergen 19.1.1886.Far til Waldemar var hamnekaptein og konsul Theodor Peter Richard Carlson Reppen (1863-1931), busett i Konstantinopel, men då på vitjing hjå skyldfolk på garden Reppen i Sogndal der bestefar hans var fødd og oppvoksen! Waldemar voks opp i Bergen der han framleis budde som ''skulegut'' i 1900, men det vert fortalt at faren skal ha sytt for at Waldemar fekk utdanning i England og at han vart buande der!Kort før mori Ingrid døydde i Minnesota i 1948, skreiv ho heim til skyldfolk i Bergen for å spørja om nyhende om ''sonen Waldemar i England'', men om ho fekk svar, er tvilsamt.Korleis kan me finna att denne guten i England?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg ber om orsaking: Waldemar var fødd i Hafslo, men voks som nemnt opp i Bergen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er vel dåpen i Hafslo i 1886 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=Hafslodb&gardpostnr=12210&merk=12210#ovre>LenkeOg dette er vel Ingrid som utvandrer i 1889 fra Bergen LenkeI 1891 finner jeg igjen Edvard Johan Waldemar som pleiesønn i Nordnesgt. 14 i Bergen Lenke og i 1900 er han skolegutt og fremdeles bosatt hos Ole Pedersen, tolloppsynsmann LenkeSer at National Archives (Riksarkivet) i England har lagt ut folketellinger 1881 og 1891 online Lenke, så kanskje det hadde vært en idé å kontakte den engelske riksarkivet for opplysninger om nyere tellinger? Lenke. Eller kanskje dette kunne være noe for deg – General Register Office som har opplysninger om alle fødsler, dødsfall og ekteskap i England og Wales fra 1.7.1837 fram til ca. ett år tilbake

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe, Svein og Espen for interessante innlegg!Eg gjekk inn på databasen for folkeregistrene frå 1837 og fann at:Edward Johan W. T. Reppen gifte seg i 4. kvartal 1909 i Liverpool District, Lancashire, England! Men basen syner ikkje kven han gifte seg med!? Denne sida i registreringi innheld to bryllaup, med to brudgomar og to brurer. Altso må kona til Edward ha vore anten Johanna Clark eller Matilda Knill.Er det nokon som er vande til desse britiske kjeldene og som eventuelt kan bistå med ytterlegare hjelp? Eg er særleg forundra over at ingen Reppens er registrerte seinare enn 1909, endå om databasen skal vera komplett fram til våre dagar!? Underleg!Men i alle fall er me komne eit steg lenger, og samstundes kan me vel slå fast at Waldemar har kalla seg for REPPEN ogso i England!Eg vonar på fleire tips og takkar nok ein gong for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.