Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31508] Bernt Olson Rindal, fødd i Øyer 1852 - utvandringsår og opphav til foreldri?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Bernt Olson Rindal vart ifølgje FamilySearch døypt i Øyer 3.10.1852. Foreldri hans var Ole Jørgenson og Lisbeth Olsdotter.FT1865 syner at denne huslyden budde på husmannsplassen Kleven under Rindal i Øyer. Der går det fram at Ole var fødd i Ringebu 1819, medan Lisbeth var fødd i Øyer 1822.Bernt gifte seg i Albert Lea, MN 17.11.1880 med Anna Katherine Nelson frå Hafslo i Sogn. Dei budde ei tid i Norman, Worth Co., IA der Bernt (=Ben Rendill?) var hotelleigar, men lagnaden deira er elles ukjend. Anna døydde før 1898, men let etter seg eit umyndig barfn som då budde i Seattle, WA!Er det nokon med lokalkunnskap i Øyer og eventuelt i Ringebu, som kan hjelpa meg med desse opplysningane:* Nøyaktig fødselsdato (1852) for Bernt Olson?* Kva gard/plass i Ringebu var Ole Jørgenson ifrå?* Kva gard/plass i Øyer var Lisbeth Olsdotter ifrå?* Kva år utvandra Bernt til Amerika?* Eg er sjølvsagt ogso interessert i eventuelle opplysningar om lagnaden til denne huslyden i Amerika, men reknar med dei vert vanskelege å finna att!?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Olav Skaug

Iflg. kirkebok for Øyer:Døpte i 1852 Nr. 76 Bernt, f.11/09, dbt. 03/10, Ægte. Foræl.: Hmdf. Ole Jørgensen og Lisbet Olsd. ved Rindal. Fadd.: Halvor Kvam, Johannes Oudensen, Tosten Skar, Lisbet Rindal, Ragnhild Skar.Utflyttede 1871 Nr. 27 17/05 Bernt Olsen ved Rindal f. 11/9-1842 [skrivefeil?] AmerikaDøpte i 1822 (finner 2 Lisbet Olsdtr) Døpt 9/6 I Tretten. Ole og Berit ved Johnsgaards b. Lisbet f. 3/6. F: Jens Johnsgaard, Eric ved ibid., Lisbet Johnsgaard, Ingebor ibid., Sigrie Klævemoen. Intr. 9/6 ?Døpt 17/11 I Øyer. Ole og Lisbet Kaldors b. Lisbet f. 15/11. F: Torger Næstingen, Hans Kaldor, Marie Næstingen, Lisbet Robøl, Marit Kaldor. Intr. 22/12. [Jeg tipper på at denne er den du søker]Mvh Jan Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jan Olav for interessante og utfyllande opplysningar!No spekulerer eg på: Om du Jan Olav har tilgjenge til kyrkjebøkene for Øyer, kan du sjå på vigsli til Ole Jørgenson og Lisbeth Olsdotter? Dei skal ha gift seg i Øyer 2.4.1846, og der er det vel oppgjeve gardsnamn for opphavi deira?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Olav Skaug

Ægtevidede 1846Nr. 5 02/04, Ungk. Ole Jørgensen, F.sted: Rindal, Oph.sted: Rindal, 27 1/2 Aar. Brudg.s. Fader Jørgen. Gift med Pige Lisbet Olsdatter, F.sted: Kaldor, 22 Aar. Brud.s. Fader: Ole. Forlovere: Kristen Olstad og Hans Olstad. Tillys. 3die, 4de, 5te S. i F. Forlangt av Brudg. Begge Vak.att.Mvh Jan Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jan Olav for nye fine opplysningar. Det var akkurat kva eg mangla! Ole Jørgenson var nok fødd i Ringebu, men ser ut til å vera oppvaksen på Rindal i Øyer.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tordis Trønnes

Ole Jørgensen var født 1818 på Mæhlum i Ringebu, men etter at mora hans ble enke gifta hun seg til Rindal i Øyer. Ole er konfirmert i Øyer. Vil du ha flere detaljer så ta kontakt evt. send meg E-mail adressa di.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tordis for eit nyttig og interessant innlegg om opphavet til Ole Jørgenson. Då var altså teorien min rett!Eg treng ikkje fleire opplysningar om bakgrunnen til denne huslyden, men du skulle vel aldri vita noko om lagnaden til Bernt i Amerika?Med venleg helsing,Lars E. Øyane (loya@online.no)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tordis Trønnes

Utvandrerprotokoll: CP 04 445 040 1871 19 år Bernt Olsen Rindal. Kirkebok nr. 6 side 460 17.5.1871 Bernt Olsen v/Rindal til Amerika. Sålangt jeg har sett var han den andre i søskenflokken som emigrerte. En eldre bror Johannes em. til Amerika 7.5.1869. Tre av hans søsken emigrerte til LaCrosse, WI. Oline em. 1876, Erik em 1878 og Ole em. 1883. Yngstebroren Johannes em. til Nord-Amerika i 1888. Eldstesøstra Lisbet født 1847 har jeg ingen opplysninger om.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×