Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31530] Berent (Aamundson) Wedvig, Hafslo - tiltalt for tjuveri 1741 - rømde austafjells

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Berent (Aamundson?) Wedvig, truleg fødd på Barsnes i Sogndal kring 1690, var gardbrukar på Vedvik i Hafslo (Sogn), men etter tjuveri i 1741 rømde han over fjellet til Austlandet. Me høyrde aldri meir gjete han i heimbygdi. Kona Ingeborg Johannesdotter sat att med fleire små born.Er det mogeleg, over 270 år seinare, å finna ut noko meir om lagnaden til denne karen? Hallingdal? Valdres? Gudbrandsdalen? Telemark?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Skiftet finner sted i skipreida Marifjøra, og det er kanskje ikke Hafslo??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for innlegg som stadfester dei opplysnikngane som eg alt sit inne med. Av dei sju borni var det berre sonen Bendik som nådde vaksen alder. Han var ei tid skulehaldar på Kaupanger i Sogndal, men då han døydde barnlaus i 1780, var det søskenborn på morssida som var ervingane!Eg kan elles leggja til at Marifjøra skipreide med unntak av ein gard høyrer inn under gamle Hafslo prestegjeld, medan heile Solvorn skipreide og fleire av gardane i Årdal skipreide ogso er delar av gamle Hafslo prestegjeld!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Betyr det at skiftet jeg fant var etter den aktuelle Berent? Døde han i 1741 eller rømte han over til Østlandet? Sikkert dumt å spørre, men ble litt usikker på hva som var ment med at jeg hadde bekreftet opplysninger du allerede hadde...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Da er vel dette skiftet etter Bendix Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!Kanskje eg uttrykte meg litt uklårt? Det vart halde skifte etter Berent; han skulle straffast på grunn av tjuverii sine, som når dei heldt skifte grunna leigarmål! Men som du vil ha oppdaga her, er ikkje borni nemnde!Einaste ervingen etter Bendik, utanom enkja hans, var mosteri Martha, men ho var avlidi og let etter seg ei dotter Lussi, som òg var avlidi, men som hadde to born etter seg! Diverre inneheld avskrifti eit par namnefeil...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.